Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Newton Møre snart ferdig

Newtonrom BodøI november får nye Ålesund Newtonrom ved Norsk Maritimt kompetansesenter. I løpet av hausten 2018 vil elevar i grunnskulen og vidaregåande skule i den nye kommunen få undervisning der.

I samband med at nye Ålesund får eit slikt undervisningsrom var representantar frå nye Ålesund og vidaregåande skule på studietur til Bodø tidlegare i september for å sjå korleis dette virkar.

Eit Newtonrom er eit praktisk og teknologisk velutstyrt undervisningslokale, med fokus på naturfag, matematikk og teknologi. Ein eller fleire Newton-lærarar er tilsett, og tilbyr læreplanbasert undervisning til skolane som er tilknytta Newtonrommet.

I Bodø fekk utsendingane oppleve tre ulike Newtonrom både i høve innhald, utforming og undervisningsmodular. Eitt rom i Gildeskål tilknytta havbruk, eitt  tilknytta Bodø luftstasjon, og eitt i Bodø sentrum tilknytt eit opplæringssenter. Det siste med undervisningsopplegg mellom anna knytt til fornybar og ikkje fornybar energi. I Newton-romma får elevane prøve ut tildels vanskeleg teori gjennom praktiske øvingar og forsøk. (Artikkelen fortset under bileta.

  Newtonrom Bodø Bodø Newtonrom     

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 
Newton-konseptet  er utvikla i samarbeid mellom stiftinga FIRST Scandinavia og ressurspersonar i norsk skule.  Målet er å gje barn og unge gode lærings- og meistringsopplevingar i naturfag, matematikk og teknologi. All undervisning er forankra i dei norske læreplanane.  Så langt er det etablert 34 Newtonrom i Norge; - dei fleste i nord i landet.  Hovudkontoret til FIRST Scandinavia ligg i Bodø. Dei arbeider for at alle norske kommunar skal få tilgang til ein slik læringsarena.

Newtonromma i Norge eigast og driftast lokalt, av kommunar, fylkeskommunar og næringsliv.

Newton Bodø

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.