Stortinget vedtok i 2014 at det skal gjennomførast ei kommunereform. Det er nasjonale føringar om at kommunar skal ha ein viss storleik. Regjeringa legg opp til færre og større kommunar som samsvarer meir med bu- og marknadsregionane.

Dei regionale prosessane med kommunereformen blei starta hausten 2014 og regjeringa ba alle kommunane om å gjere vedtak om kommunereforma innan 1. juli 2016. Denne fristen blei seinare utsett til 31. desember 2016.

Vår prosess

På Sunnmøre blei det utgreid fleire alternativ til ny kommunestruktur. På eit møte med administrativ og politisk leiing på Finnøy 20. - 21. august 2015 skreiv 13 kommunar under på ein pdfrapport om sterke og svake sider. moglegheiter og svakheter ved Regionkommune Sunnmøre. Dei 13 kommunane var Giske, Haram, Hareid, Norddal, Sandøy, Skodje, Stordal, Stranda, Sula, Sykkylven, Ulstein, Ørskog og Ålesund.

I løpet av hausten 2015 behandla dei ulike kommunestyra e rapporten og gjorde retningsval for vidare forhandlingar.

Forhandlingar om intensjonsavtalen fann stad i perioden frå februar til mai 2016, og fleire intensjonsavtalar ble signerte. Prosessen endte med at kommunestyra i Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund kommune vedtok å etablere nye Ålesund kommune frå 1. januar 2020. Haram var med i forhandlingane, men kommunestyret ønskte ikkje å vedta avtalen.

Styringsgruppe

Det blei gjort likelydande vedtak i dei fire kommunane: 5 representantar med personleg vara frå kvar av kommunane utgjer Styringsgruppe for bygging av nye Ålesund kommune".

«Fram til Stortinget sitt formelle vedtak om oppretting av nye Ålesund kommune sommaren 2017, har dei valde fullmakt til å møte på vegne av xx kommune i styringsgruppa. Formålet med arbeidet er å organisere og leie ein god prosjektprosess, innhente naudsynt kunnskap og legge til rette for utgreiingsarbeid som skal danne vedtaksgrunnlag for Fellesnemda.

Dei same valde representantane utgjer frå Stortinget sitt vedtak sommaren 2017 xx kommune sine representantar i Fellesnemnd for nye Ålesund kommune, med mandat etter Inndelingslova.
Rådmannen får fullmakt til å inngå i prosjektorganisasjonen, og bistå styringsgruppa i arbeidet fram til ny kommune vert realisert eller Fellesnemnda har organisert sitt arbeid på anna vis.

Ålesund kommune får fullmakt til å føre prosjektrekneskap, krevje inn og administrere reformstøtte frå Fylkesmannen og staten til prosjektarbeidet og følgje opp prosjektorganisasjonen økonomisk på vegne av kommunane.»

Styringsgruppa for bygging av nye Ålesund kommune blei oppløyst da Fellesnemnda blei etablert 24.august 2017.

Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund einige

I oktober/november 2016 blei det behandla ei liktlydande sak i kommunestyra i Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund om organisering av interimsperioden fram til fellesnemda for den nye kommunen blir etablert. 

Det blei beslutta å etablere eit interimsstyre beståande av tre politikerar frå kvar kommune, blant dei  ordførar og varaordførar, rådmennene og representantar for de tillitsvalde og vernetenesten.  

Haram

For Haram kommune sin del er det varsla at Stortinget vil gjere vedtak om tvangssamanslåing i juni 2017. Kommunestyret har difor vedteke at også Haram skal ta del i forhandlingane i nye Ålesund kommune.

Prosjektkoordinator tilsett

Hausten 2016 blei det lyst ut ei tidsavgrensa stilling som prosjektkoordinator med ansvar for å leie samordning av prosessane i arbeidet med å etablere nye Ålesund kommune (interkommunalt samarbeid, framtidig pensjonskasse samt mandat og arbeidsoppgåver for delprosjekt).  1. januar 2017 blei Anne-Berit Støyva Emblem tilsett i stillinga.

Prosjektmedarbeidar tilsett

Det blei oppretta ei prosjektstilling for utvikling av nærdemokratiet. Mads Solberg tiltrådde 1. april 2017. Målet er å ha eit levande lokaldemokrati og sikre medverknad for lokalpolitikarane og innbyggarane i alle delar av den nye kommunen.