For tilsette

Kva inneber samanslåinga for dei tilsette?

Delprosjekta

I samband med bygginga av nye Ålesund kommune er det laga utkast til prosjektmandat til alle dei administrative delprosjekta.

Sjå mandata

Tillitsvalde

Dei tilsette sine tillitsvalde er med i bygginga av den nye kommunen for å sikre at alle rettar blir tekne vare på.

Sjå oversikt

Nyheitsbrev

For å sikre lik informasjon til same tid vert det sendt nyheitsbrev på e-post til alle tilsette i dei fire kommunane.

Sjå nyheitsbreva

Til saman vil nye Ålesund kommune, dersom alle 5 kommunane er med, bemanne over 5000 tilsette.

Ofte stilte spørsmål


Her er ei oversikt over kva følgjer kommunesamanslåinga kan ha for deg som tilsett:

Kva med jobben din når kommunene slår seg saman?

Ei kommunesamanslåing er ei verksemdsoverdraging etter arbeidsmiljølova sine reglar. Dei fem «gamle» kommunane opphøyrer, og det blir etablerert ein ny, felles kommune.

Alle tilsette i dei tidlegare kommunane vil automatisk bli overført til den nye kommunen. Det vil seie at du - frå 1. januar 2020, vil vere tilsett i nye Ålesund kommune. Ingen vil bli sagt opp som ein direkte konsekvens av kommunesamanslåinga, men det kan vere at enkelte tilsette får endra sine oppgåver og arbeidsstad.

I samband med kommunesamanslåinga vil stillingar i øverste leiing, «nøkkelstillingar» og andre administrative stillingar kunne medføre overtalligheit. Forslag til løysing på dette vil drøftast i samråd med tillitsvalde, og Fellesnemnda vil velje løysing basert på drøftingane. Arbeidsmiljølova § 16-3 gir tilsette høve til å reservere seg frå overdraginga og «bli igjen» med den tidlegare arbeidsgjevaren. Dette har lita hensikt ved kommunesamanslåingar, då arbeidet hos den «gamle» kommunen vil opphøyre.

Kor skal du arbeide?

Dei fleste verksemdene vil etter kommunesamanslåinga vere om lag som i dag. Dette vil typisk gjelde for tenester som skular, barnehagar og helsetenester. Det kan likevel skje endringar i slike tenester som følgjer naturleg av kommunen sine oppgåver og samfunnsansvar. Eventuelle rasjonaliseringstiltak skal drøftast med tillitsvalde, og tilsette vil i god tid få informasjon i samsvar med lov-og avtaleverk.

Samanslåinga vil i nokre tilfelle også kunne innebere endring av arbeidsstad for enkelte, Dette vil i første omgang spesielt vere tilfelle for tilsette i administrative stillingar.

Får du andre oppgåver i den nye kommunen?

Dei tilsette skal inn i ein ny organisasjon frå 2020. I forkant vil arbeidsgjevar gjennomføre kartleggingar, og det skal utarbeidast omstillingsplan og bemanningsplan for den nye kommunen.

Endringar av arbeidsoppgåver kan bli ein konsekvens av samanslåinga. På lik linje med endring av arbeidsstad, vil slike endringar vere ein naturleg følgje av omstillinga. Også dette vil i første omgang vere mest aktuelt for leiarar og for andre typisk administrative stillingar.

Partssamarbeidet skal ivaretakast. Saker skal drøftast med tillitsvalde, og tilsette vil bli informert i godt tid. Prosessen for korleis dette skal handhevast vil etter drøfting følgje naudsynte prosedyrar i lov- og avtaleverk.

Kva blir dine løns-og arbeidsvilkår?

Overføring av ditt arbeidsforhold frå noverande kommune til ny kommune, vil ikkje medføre endringar i dine individuelle løns- og arbeidsvilkår.

Dine rettigheiter og plikter som tilsett følgjer lov- og avtaleverk som no. Etter kommunesamanslåinga kan ein oppleve at det vil vere ulike forhold i samband med løns-og arbeidsvilkår mellom tilsette frå dei «gamle» kommunane. Desse vil over tid bli harmonisert. Dette arbeidet vil gjerast i samråd med dei tillitsvalde gjennom særskilte forhandlingar og via dei årlege lønsforhandlingane.

Arbeidsgjevar vil i tida fram til kommunesamanslåinga vurdere dei ulike kommunane sine styringsdokument, arbeidsgjevarpolitiske retningslinjer, særavtaler, løns-og stillingsbeskrivingar, systemverktøy og organisasjonsstruktur m.m. Alt no kan ein starte harmonisering rundt enkelte område, medan det på andre område vil vere behov for underprosjekt/arbeidsgrupper, drøftingar og behov for forhandlingar. Alle prosessar skal drøftast med tillitsvalde i samsvar med lov-og avtaleverk.

Pensjon

Pensjonsordningane er tariffesta og vil vidareførast som dei er i kommunesektoren også etter samanslåinga.

Kven ivaretek dine interesser som tilsett i denne prosessen?

Reglane for dei tilsette si involvering følgjer av lov-og avtaleverket.

Hovudtillitsvalde og vernetenesta vil vere dei tilsette sine representantar inne i prosessane som kommunesamanslåinga medfører, og desse vil ivareta dine interesser.

Kvar vil du finne informasjon om prosessane om kommunereformen - nye Ålesund kommune?

Du vil finne link til denne informasjonen om kommunereformen på kommunen din si heimeside.

Våre leiarar vil også jamnleg gi informasjon og svare på spørsmål.

Våre Hovedtillitsvalde og hovedverneombud vil kunne bistå med råd og veiledning om kommunereformen. Det er mange detaljar og spørsmål som ikkje er avklart enda. Dette vil bli avklart undervegs i prosessen. Gjennom heile prosessen vil hovudtillitsvalde/hovudverneombud (representantar for tilsette) vere involvert.

Rådhusa


Ålesund rådhus

Ålesund rådhus

Ørskog rådhus

Ørskog rådhus

Haram rådhus

Haram rådhus

Sandøy rådhus

Sandøy rådhus

Skodje rådhus

Skodje rådhus

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund