Team prosesstøtte

Team prosesstøtte er oppretta for å teste ut om denne forma for støttefunksjon til kommunalområda kan bidra til gode prosessar. Målet er involvering, samhandling og innovasjon i arbeidet fram mot ny kommune. 

Her får du tre grunnlagsdokument du kan sjå på som eksempel på hjelp som blir gitt:

Korleis definere formål og arbeidsmetodikk?

Visjon og kultur kan hjelpe gruppa med å finne felles forståing formålet og oppgåva som skal løysast.

pdfFormål_og_kultur.pdf

Strategiske mål

Strategiske mål kan hjelpe med å skape ei felles forståing for måla ein ønsker å oppnå gjennom prosjektperioden.

pdfStrategiske_mål.pdf

 

 

 

 

 

SWOT-analyse

SWOT-analyse er eit strukturert tilnærming for å analysere dagens situasjon for tensten, avdelinga, eininga eller kommunen. Analysen kan bidra med å definere kvar vi står i dag, forstå utfordringsbildet og avdekke kva som er mogleg.

pdfSWOT-analyse.pdf

 

Team prosesstøtte kan brukast på fleire måtar:

Prosessverktøy:

  • Vi tilbyr verktøy og metodar for gjennomføring av møter og samlingar.
    • Korleis gjennomfører ein til dømes eit møte der ei gruppe skal arbeide fram mål og strategiar.
    • Korleis gjennomføre eit møte der ein ønsker nytenking og stort tilfang av idéar før ein konkluderer.

Prosesstøtte:

  • Vi tilbyr oss å delta i møter eller samlingar som prosessleiarar.
    • Her gjennomfører vi eit formøte med den som er ansvarleg for møtet for å sikre at arbeidsforma vi legg opp til er tilpassa målet med møtet.
  • Vi tilbyr å vere samtalepartner/rådgjevar for gruppa/gruppeleiar enten på telefon, skype eller ved fysisk møte .

Vi arbeider også med:

  • Korleis skal vi involvere breiast mogleg:
    • Skal vi nå målet om å skape noko nytt krev det brei involvering. Dette er utfordrande med tanke på tidsperspektivet. Teamet for prosesstøtte ser difor på ei løysing med å opprette referansegrupper for dei ulike kommunalområda ved hjelp av det digitale verktøyet Nyby.

Vi kjem tilbake til dette. I tillegg oppfordrar vi alle til å involvere borgarane og medarbeidarar så godt de kan!

Kven er vi? 

Ein prosessleiar har som oppgåve å ramme inn prosessen, involvere og leie deltakarane mot eit felles mål. Til skilnad frå prosjektleiar som er ansvarleg for resultatet, vil prosessleiar vere ansvarleg for samhandlinga på veg mot resultatet.

Stina Kathrin Lillevik Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.; tel: 92262606
Sindre Rovde Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. tel: 41252971
Malin Piegsa Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. tel: 95998479
Jesper Sode Hansen Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.; tel: 45084696
Jenny Helle Stordrange Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. tel:97006673

Ta ein telefon til ein av oss. Vi vil forsøke å finne ut kva di gruppe treng.

Sjå meir om gode prosessar og metodar i pdfdette dokumentet. (PDF)

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.