• Heim

Politisk hovudstruktur i nye Ålesund

Det er vedtatt at:

  • Kommunestyret i nye Ålesund skal ha 77 representantar. Kommunestyret er det organet som tar avgjerder i viktige politiske saker og skal vere hovudverkstaden for politikkutforming.
  • Formannskapet skal ha 15 representantar.
  • Nye Ålesund skal ha eit eige planutval med 13 medlemmer.
  • Kontrollutvalet skal ha fem medlemmer, minimum tre av desse skal vere kommunestyrerepresentantar.

I samsvar med intensjonsavtalen kan det vere gjennomgåande representasjon i den politiske organisasjonen der dette er hensiktsmessig.

Fellesnemnda har vedtatt at det politiske arbeidet på nivået under kommunestyret skal vere organisert med kommunestyrekomitear og tidsavgrensa ad hoc-komitear/oppgåveutval.

Politisk struktur nyealesund

Kommunestyrekomitear

Det skal vere fire kommunestyrekomitear med 18 – 19 medlemmer i kvar komité:

Oppvekst: kjerneoppgåvene er knytt til grunnskole, SFO, barnehage, vaksenopplæring. Målet er å sørge for barns trivsel, utvikling og læring slik at dei kan greie seg i vaksenlivet.

Kultur og medborgarskap: Kjerneoppgåvene er knytt til å bygge fellesskap, og komiteen sine oppgåver omfattar uliek tenester på kulturfeltet, idrett og friluftsliv, kulturbygg, nærmiljøutvikling, frivillig arbeid/frivilligsentarlar, innbyggartorg, flyktning og integrering. Ein kan også sjå føre seg denne komiteen som ei mogleg overbyging for kommundelutval

Helse og omsorg: Kjerneoppgåve er å hjelpe innbyggarane til å kunne leve eit så aktivt og sjølvstedig liv som mogleg, Komiteen får ansvar for pleie- og omsorgstenester, helsetenester, psykisk helse og rus, aktivitet og sysselsetting.

Teknisk, miljø og samferdsel: Komiteen sine oppgåver har fokus på vekst og berekraft, og omfattar infrastruktur vatn, avløp, renovasjon, veg, anlegg, park, byggesak, landbruksforvalting, eigedomsdrift, kart-geodata/oppmåling, natur og miljø.

Nærare om kva oppgåveportefølje som skal leggast til den enkelte komite må innarbeidast i eit delgeringsreglement. Opplistinga over er ikkje fullstendig,  og kan bli justert i samband med utforminga av delegeringsreglementet.

Ad hoc-utval/oppgåveutval

Oppgåveutval er tidsbegrensa, rådgivande og tematisk avgrensa utval, samansett av både poltikarar, innbyggarar og fagfolk. Målet er at ein saman skal finne løysingar på spesifikke politikkområde, problem og utfordringar.

Fellesnemnda har vedtatt at i løpet av første kommunestyreperiode skal nye Ålesund ha prøvd ut ordninga med ad hoc komitear/oppgåveutval mins ein gong innanfor alle kommunalområda. Bakgrunnen er at det er ønskeleg med tidleg involvering i saksførebuande prosessar.

Kommunedelutval

Nye Ålesund skal ha 11 kommunedelutval med 11 representantar. Kommunedelutvala får sine mandat frå kommunestyret og dei rapporterer dit. Det skal vere faste, årlege møte mellom kommunedelutvala og administrativ og politisk leiing i kommunen.

Kommunedelutvala skal i det politiske organisasjonskartet vere på linje med dei andre råda - ungdomsråd, råd for menneske med nedsett funksjonsevne og eldreråd.

Kommunale råd

Politisk komité for for politisk organisering, lokaldemokrati og medverknad skal i løpet av våren 2019 arbeide med rådas plassering, struktur, oppgåver og ressursar. Komiteen vil involvere råda i arbeidet gjennom forenkla høyringar og eventuelle fellesmøter. Fellesnemnda skal etter planen behandle sak om råda på sitt møte 13. juni.

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.