Kontakt

Har du spørsmål til kommunereforma og den nye kommunen? Vi høyrer gjerne frå deg.

Tilsette i prosjektet


Anne Berit Støyva Emblem

Prosjektkoordinator
Tlf: 922 43 364

Tilsatt januar 2017

Anne Berit Støyva Emblem har hovudfag i administrasjonsvitskap frå Universitetet i Bergen, vekta ligg på kommunal og regional organisering.

Vidare har ho åtte års erfaring frå Kystverket sin HR-stab der omorganisering har vore dei viktigaste oppgåvene. Tilsvarande oppgåver har ho og hatt i Politidirektoratets prosjektstab, der ho arbeidde i sju år.

Ho er oppvaksen i Stryn og flytta frå Oslo til Ålesund saman med familien i 2009.

Mads Solberg

Prosjektmedarbeidar, lokaldemokrati
Tlf: 408 65 639

Tilsatt april 2017

Mads Solberg har tverrfagleg bakgrunn. Han har tatt ein samfunnsvitskapeleg doktorgrad ved Universitetet i Bergen som omhandlar teknologiutvikling og kunnskapsoverføring i eit marint innovasjonsmiljø. I mastergraden sin har Solberg spesialisering i antropologi. I bacheloren har han bakgrunn frå antropologi, kognitiv vitskap, og religionsvitskap.

Som antropolog er han kjend med ei rekke samfunnsmodellar og er særskilt opptatt av å identifisere styrkar og svakheiter ved ulike organisasjonsformer for politisk aktivitet. Han har i tillegg erfaring frå offentleg forvaltning som informasjonsmedarbeidar og rådgjevar.

Anne Bente Skjellum

Kommunikasjonsleder
Tlf: 915 59 666

Kommunikasjonssjef i Ålesund kommune sidan februar 2014

Anne Bente Skjellum er kommunikasjonssjef i Ålesund kommune og er frå våren 2017 kommunikasjonsleiar for prosjektet nye Ålesund kommune.

Skjellum er utdanna journalist frå Høgskulen i Volda, samt i språk (fransk og norsk) og jus frå Universitetet i Bergen. Skjellum har vore tilknytta NRK frå 1995 til våren 2012, med nokre opphald. Ho blei fast tilsett i NRK i 1997 og arbeida både som vaktsjef, programleiar og reportar, og med både radio og TV som arbeidsfelt. Skjellum har óg vore tilsett som nyheitsreporter i TV2. Før Skjellum blei kommunikasjonssjef i Ålesund kommune var ho redaktør og kommunikasjonsansvarleg i Norges Korforbund.

Har du forslag eller innspel til den nye kommunen?

Då vil vi veldig gjerne høyre frå deg!

Send oss ditt innspel, så kan det vere at vi tek kontakt med deg for å gå meir utdjupande informasjon.

Alle forslag vert mottekne med takk!

Rådmenn


Ordførarar


Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund