Bli kjent

Fem kommunar skal bli ein; Haram, Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund.

Om Ørskog kommune

" - der vegar møtest" er ofte brukt som slagord for Ørskog kommune.

Ørskog har i mange samanhenger vore eit senter i området: Vegen mellom Ålesund og Molde/Åndalsnes møter vegen innover i Storfjorden, sjøtrafikk har møtt landtrafikk, handelsvarer frå innlandet har blitt bytt med handelsvarer frå kysten, det har vore senter for post, telegraf, turisme, militærstell, trelasthandel, lensmann, kyrkje, utdanning og legetenester.

Ørskog si historie inneheld mykje som er heile regionen si historie.Vi ligg særs sentralt til og har kort veg til andre kommunar, tettstader og byar, både på Sunnmøre og i Romsdal. Ein god del innbyggjarar vel å bu i Ørskog og arbeide i kringliggande kommunar. Kommunesenteret er Sjøholt, og der er både rådhuset, banken, ymse butikkar, attraksjonar og ein kafé vel etablert.

Ørskog er ein kommune med stor dugnadsånd, allsidig kulturliv, variert fritidstilbod og vakker natur. Vi har mykje vi er stolt over! Lag og foreiningar er sjølve ryggrada i det lokale kulturlivet. Ørskog har fleire titals frivillege lag, foreiningar og organisasjonar innafor idrett, kyrkje, musikk og kunst og hestesport - mellom anna.

Her er det rom både for å få vener og dyrka dei interessene ein måtte ha. Eit eksempel på dugnadsånda i bygda er den årlege Ørskog Bluesfest. Det som er så flott med denne festivalen, er at den famnar om alle - her finn du eit arrangement som passar deg, uansett preferansar. Ei årleg storhende som dette er noko mange ser fram til, det skaper liv og røre og folk kjem heim for å oppleve denne helga i lag med vener og familie. Artistane er fantastiske og kjem frå både USA og Europa og tiltrekk seg publikum frå både fjernt og nært.

Heile året byr Ørskog på rekreasjon og opplevingar i ein rik, variert natur. Her får du både og; sjø og fjøresteinar og fjell og vidder - både dei lett tilgjengelege sætrene og toppane som alle kan nå, til dei meir krevjande rutene. Ikkje berre finn du fantastiske turområde med merka løyper, det er og nok av urøyrt terreng for deg som likar å gå dine eigne vegar.

Fakta om Ørskog

Størrelse: 132,2 km2
Innbyggarar per 1.1.2017: 2310
Tilsette i Ørskog kommune: 243 personar

Skule og omsorg

  • Det er 295 elevar i Ørskog. Vi bygg no ein ny skule som skal stå ferdig hausten 2018.
  • Vi har 2 barnehagar, ein kommunal og ein privat, med henholdsvis 57 og 70 born.
  • Per 31.12.2016 hadde Heimetenestene 68 brukarar med forskjellig hjelpebehov. 22 av desse bur i omsorgsbolig.
  • Ørskog sjukeheim har per dags dato 17 rom. 10 plassar på skjerma eining for personar med demens og 7 plassar tiltenkt korttid/rehabilitering.
  • Vi har eige hovedkjøkken og vaskeri som tek seg av vask av privattøy til pasientane.
  • I bu- og habiliteringstenesta vil det frå 15.mai vere 16 brukarar.
  • 5 brukere får tenester i privat eigd bustad, dei andre leiger omsorgsbustad. Vi har arbeidsstue for dei eldre brukarane, medan dei yngre har tilbod på Vekst Ørskog.

Søjholt, Verahornet og Liafjellet. Foto: Erlend Haddal

Søjholt, Verahornet og Liafjellet. Foto: Erlend Haddal

Kyrkja sett frå fjorden

Kyrkja sett frå fjorden

Naustrekka på Sjøholt

Naustrekka på Sjøholt

Frå Svartløkfjellet. Foto: Erlend Haddal

Frå Svartløkfjellet. Foto: Erlend Haddal

Skispor

Skispor

Topptur på ski

Topptur på ski

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.