Bli kjent

Fem kommunar skal bli ein; Haram, Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund.

Om Sandøy kommune

Ikkje tilfeldig, men som i ei ordna rekke skapt av ei historisk skaparkraft, ligg Nordøyane som ei yttergrense mot storhavet, i den sjøverts og forkava trafikkerte ferdselsåra mellom jugendbyen Ålesund og rose- og jassbyen Molde.

Ona Anette W. Petersen 900x600pxLengst nord i denne øyrekka finn du Sandøy kommune med sine 872 øyar, holmar og skjer.
Om lag 1260 innbyggjarar fordeler seg og sitt daglege verke og bupel på øyane

Og med båt kan du ta i nærsyn dei fire fråflytta øyane, Sæterøya, Gåsøya, Marøya og Uksnøya, kvar med si særeigne og stolte historie. 980 kvkm havland omkransar 20 kvkm tørrskodd land med ei samla kystline på 245 km.
Mot vest ligg ein vernande skjergard som gir livd for storbåra. Men og ein lunefull fallgard som kun dei mest sjøvante kan ta seg fram i. Mot aust ei høgreist fjellrand i flørtande konflikt med dei morgontidlege solstrålane.
Mykje hav. Mykje himmel. Elementa i eit stadig skiftande fargespel. Himmelblått, inderleg leikande. Skymørkt, oppkava trugande. Ein dramaturgi på naturen si eiga scene.

Og desse naturgitte livsvilkåra har prega folkesjela opp gjennom historia. Av og til i motvind, av og til i medvind, men den høge himmelen og den vide horisonten har vore uendra og gitt stadige syn for mulegheiter og nyvinningar. Utferdslengtande og heimekjær, fordomsfri og tradisjonstru.

Vi er småbåtfolk

Dei båtrike småbåthamnene rundt om i kommunen vitnar om at vi er eit småbåtfarande folk, enten det handlar om å hente inn matauk eller oppsøkje fridomsopplevinga i møtet med elementet havet, dette uendelege, storslagne som gir terapi til slitne tankar.

7 gjestmilde og godt opparbeidde småbåthamner, med tilrettelagde fasilitetar for deg som søkjer hamn hos oss, er godt fordelt på dei fleste øyane våre. Her finn du oversikt over kvar du kan legge til kai.

Vi er internasjonale

Ikkje berre næringslivet vårt har eit internasjonalt nedslagsfelt - med dei fleste kontinenta og verdshava som arbeidsplass og marknad. Også lokalsamfunnet har eit mangfaldig svip.
Om lag 30 ulike nasjonalitetar lever saman i den same kvardagen og helgedagen. Og det gjer noko med oss, horisonten vert liksom endå vidare, himmelen endå høgare.

Vi er arbeidssame

Arbeidsløysa har dei siste 20 åra ikkje overskride 2 %, men i 2016 merka ein tydelig oppgang, og no ligg den mellom 2- 3%.Sysselsetjinga er så behovssterk at reservearbeidsmarknaden finst ikkje. Den største utfordringa for alle verksemder, private og offentlege, er å kunne rekruttere og behalde nødvendig kompetanse.

Og i den arbeidsintensive arbeidsdagen er det framtidskunnskap, omstillingskompetanse og rimeleg høg verdiskaping som pregar næringslivet vårt. Produksjonen er i all hovudsak maritimt relatert.
Brukseiningane innan jordbruk og fiskeri har blitt merkbart færre, men større dei siste 20 åra. Turisme er den nye vekstnæringa.

Vi er samarbeidande

Store, kostnadskrevjande utbyggingsprosjekt er nærmast uoverkomeleg for mindre føretak, enten det handlar om private bedrifter eller den kommunale verksemda.

I Sandøy kommune har vi løyst slike utfordringar ved å opprette spleiselag mellom private og offentlege aktørar innan det såkalla OPS-segmentet (Offentleg og Privat Samarbeid). Så langt har det resultert i eit nytt hamneområde på Finnøya, inkludert ei fantastisk småbåthamn, industriområde, betre trafikale tilhøve. Ei ny, funksjonell industri- og fiskerikai og i tillegg badelandet Håp i Havet som stod ferdig til bruk i juli 2007, står også på samarbeidslista.

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.