Delprosjekt

Arbeidet for å nå fram til ein ny kommune er delt opp i fleire delprosjekt. Vi tek først til med dei meir administrative tema, deribland også demokrati/medverknad, administrativ og politisk organisering.

Etter kvart blir det prosjektgrupper innanfor dei ulike tenesteområda som skole og SFO, barnehagar, sjukeheimar osb. Gruppene innanfor dei ulike områda vil først starta når det er klart korleis den nye kommunen skal organiserast.

Mandat for delprosjekta

Alle delprosjekta har felles føringar som ligg i botn for arbeidet:

pdfFelles føringar for alle delprosjekt vedtatt i fellesnemnda 24. august 2017 (PDF)

  • Alle delprosjekt felles innleiing om mål for nye Ålesund.
  • Alle kommunar representert i delprosjektgruppa.
  • Samanslåing, men også utvikling og innovasjon på området.
  • Effektmål og prosjektmål.
  • Inndeling i fasar.
  • Viktige avgjerder ligg til fellesnemnda (ihht. mandat for fellesnemnda).
  • Delprosjektet skal rapportere til prosjektleiar/koordinator.
  • Utforme prosjektskisse på korleis dei vil løyse mandatet.
  • Gjere risikovurdering/usikkerheitsanalyse.
  • Koordinere seg med andre delprosjekt – grip inn i kvarandre.

Prosjektleiarforum

Alle prosjektleiarane har eit felles forum for å samordne arbeidet med å danne nye Ålesund kommune.

Bakrunnen for å halde slike møte er fleire:

  • Bli kjente og informere kvarandre om prosjekta.
  • Delprosjektleiarane får meir overblikk og ser eige delprosjekt i ein større samanheng.
  • Delprosjektleiarane startar arbeidet med å koordinere seg i mellom, og ser behovet for å jobbe vidare med å avklare gråsoner, overlapp og avhengigheiter.
  • Delprosjektleiarane ser behovet for felles føringar i mandat, felles bruk av prosjektomgrep, og lik tilnærming til prosjektskisse, ROS-analyse, og rapportering.

Fristar for å melde opp saker hausten 2017

fristar

 

 

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.