Delprosjekt innan administrasjon og politikk

Politisk organisering, lokaldemokrati og innbyggarmedverknad

Ei av de viktigaste oppgåvene  vi har når fleire kommunar skal av ulik størrelse skal bli ein ny, er å sikre og vidareutvikle lokaldemokratiet.
Nye Ålesund kommune har tilsett ein rådgivar som skal arbeide med å vidareutvikle lokaldemokratiet, og sikre at innbyggarar får medvirke i prosessen - og skape gode vilkår for lokalpolitisk engasjement.
Styringsgruppa for nye Ålesund kommune har også vedtatt å opprette eit delprosjekt som skal ivareta og vidareutvikle lokaldemokratiet. Delprosjektet skal ha politisk leiing, men har både av politiske og administrative representantar.

Intensjonsavtalen

Intensjonsavtalen for nye Ålesund slår fast at den nye kommunen skal ha eit godt og velfungerande lokaldemokrati, med høgt engasjement og gode moglegheiter til medverknad.  Lokal identitet og nærdemokrati skal være høgt prioritert i arbeidet. Nye Ålesund skal ta i bruk framtidsretta modellar for arbeidsdeling og samhandling. Dette oppnår vi gjennom:

  • Ein ny, effektiv og innovativ organisasjon
  • Styrking av samhandling på tvers av einingar
  • Å følge god forvaltningsskikk
  • Godt og tillitsbasert samspel mellom innbyggjarar, politiske aktørar, administrasjon, tillitsvalde, næringsliv og frivillige
  • Utvikling av politikarrolla og tilrettelegging av nye former for politikkutforming
  • Mellomvalsmedverknad for innbyggarane
  • Nettverksstyring med politisk legitimitet og kontroll
  • Å metodisk og systematisk ta i bruk av ny teknologi og stimulere nye arbeidsformer; eksempelvis ved å ta i bruk digitale plattformar som eit hjelpemiddel for innbyggjarmedverknadNye Ålesund kommune skal sikre levande lokaldemokrati basert på ei vid forståing av demokratiomgrepet og gjennom utprøving av nye former for medverknad.

Den nye kommunen skal ha særleg fokus på digitale plattformer som hjelpemiddel i å la innbyggjarane medverke. Det skal utgreiast konkrete løysingar for e-demokrati i den nye kommunen.

For å styrke nærdemokratiet og mellomvalsmedverknad vil den nye kommunen ha kommunedelutval med heimel i kommunelova § 12.

  • Utvala er folkevalde organ vald ved direkte val.
  • Kvart utval kan ha inntil 15 medlemmar. Talet blir tilpassa innbyggjartalet i kommunedelen.
  • Kommuneutvala må sikrast tilstrekkeleg administrasjon.
  • Kvart utval dekkjer kvart sitt geografiske område som i utgangspunktet svarar til dei gamle kommunegrensene, med unntak av Ålesund og Haram, der det kan verte aktuelt med fleire utval.
  • Fellesnemdna får mandat til å justere modellen basert på konkrete erfaringar frå andre kommunar og andre faglege innspel, med utgangspunkt i dei overordna prinsippa for nærdemokrati.
  • Fellesnemnda må og utarbeide framlegg til struktur for korleis eldreråd, ungdomsråd og råd for menneske med nedsett funksjonsevne skal organiserast på overordna nivå.

Kommunedelutvala skal ha slik funksjon, oppgåver og mynde:

  • Utvala skal vere spesielt retta mot lokalsamfunnsutvikling, i tillegg til å vere initierande og rådgjevande organ overfor kommunestyret. Det skal ha vedtaksmynde på definerte område som vedkjem det geografiske området som kommunedelutvalet representerer.
  • Utvala skal ha delegert mynde og budsjettansvar på avgrensa område som gjeld kommunedelen.
  • Utvala skal ha rett til å gje tilråding til vedtak til overordna politiske organ (formannskap, kommunestyre og/eller eventuelt andre utval på kommunenivå) i plansaker og andre saker der vedtaksmynde ikkje er delegert til utvalet, men som vedkjem kommunedelen.
  • Utvala skal ha uttalrett og vere høyringsinstans i plansaker, budsjett- og andre saker som vedkjem heile kommunen.
  • Kommmunedelutval bør i minimum ha følgjande oppgåver:
    • Kultur
    • Idrett
    • Kulturpris og andre prisar
    • Innbyggjarinvolvering ved idédugnad og andre kreative metoder.
    • Markering av lokale og nasjonale merkedagar o gjubileum, t.d. 17. mai.
    • Kulle legge føringar for bruk av næringsfond.
  • Utvala skal ha som oppgåve å ta initiativ til  utvikling av lokalmiljøet og medverknad i saker av interesse for kommundelen.
  • Kommunedelane skal sjølve etablere ulike lokale nærdemokratiordningar for dialog med innbyggjarane på område som ikkje er tatt vare på gjennom lovfesta organ (eldreråd, samarbeidsutval mm.).

Deltakarar

Politiske representantar:

  • Haram: Svein Harsjøen (FrP)
                Trine Otterlei (Ap)
  • Sandøy: Åse Kristin Ask Bakke (Ap)
                 Nils Magne Abelseth (H)
  • Skodje: Kari Grindvik (V) - delprosjektleiar
                Modolf Hareide (Sp)   
  • Ørskog: Olav Ketil Sjøholt (H) - nestleiar
                 Helene Børretzen Fjørtoft (KrF)
  • Ålesund: Øystein Tvedt (H)
                  Geir Stenseth (FrP)

Administrative representantar:

  • Haram: Elin Moen
  • Sandøy: Kim André Breivik , fungerande rådmann
  • Skodje: Bente Glomset Vikhagen, rådmann
  • Ørskog: Synnøve Vasstrand Synnes, rådmann
  • Ålesund: Irene Kalstad Aase, formannskapssekretær
  • Nye Ålesund: Demokratirådgivar Mads Solberg koordinerer gruppas arbeid
  • Fagforeiningsrepr.: Geir Skodje, UDF (Ørskog)

Møte

Alle møta er klokka 13.00 om ikkje anna er skrive.

 Mandat

Leveransen for prosjektet er i hovudsak utgreiingsarbeid. Delprosjektet utgreier og førebur sakar som angår politisk organisering, medverknad og lokaldemokrati, og legg desse fram for fellesnemda til vurdering.

Nye Ålesund skal ta i bruk nye arbeidsformer, som gjer terskelen for deltaking låg for alle innbyggjarane i kommunen.

Utvikle samskapingsplattformar mellom kommune og frivilligheit

Ein skal utreie om saksførebuande møter kan betre den politiske prosessen.

Nye Ålesund skal ta i bruk digitale samhandlingsplattformar som til dømes medborgarpanel og brukarportalar som støttar opp under og lettar moglegheitene for politisk medverknad.

Delprosjektet skal samanlikne ulike modellar for kommunedelutval og finne fram til ei optimal organiseringsform, som både tek omsyn til skildringa av desse i intensjonsavtalen, men også praktiske aspekt ved ordninga som ikkje er tatt høgde for i avtalen. Organiseringa må være slik at desse organa er tydeleg forankra både blant innbyggjarar og blant politisk/administrativ leiing, med tilstrekkelege ressursar. Sjå på innbyggjartorg i kommunedelsentra, og koordinatorfunksjonar som tilretteleggjar for lokal aktivitet i nærdemokratiorgana.

Utforme utkast til delegasjons- og politisk reglement.

Ein skal utvikle reiskapar for politikaropplæring av dei folkevalde, med særleg fokus på arbeidsformer som fremmar deltaking, og som tek omsyn til habilitetsspørsmål.  Kompetanseheving og kunnskapsinnhenting blant politikarane må være eit fokusområde. Politikarhandboka skal utformast på ein måte som tek omsyn til nytenking innanfor politisk arbeid. Opplæringa må leggje vekt på ansvarleggjering: til dømes at politikarar står bak avgjerder om prioriteringar i saman med administrasjonen som sett i gang tiltaka.

Utreie kva slags forhald det må være mellom politisk utvalsstruktur og administrativ organisasjon.

Leggje til rette for engasjerande, frie og velorganiserte kommuneval for nye Ålesund høsten 2019.

Mål:

  • Ålesund kommune har et lokaldemokratisk system som legg til rette for påliteleg, ansvarleg, borgarnær og effektiv politisk styring.
  • Dei politiske partia erfarer at det er lettare å sette saman balanserte vallister omsyn til kjønn, alder, geografi og yrke.
  • Det demokratiske systemet og dei politiske prosessane vert opplevd som effektive, transparente, og tillitsskapande.
  • Den politisk leiinga er styringsdyktig, og politikarrolla fremjar nytenking og innovasjon i organisasjonen.
  • Politiske verksemd inngår i samskapingsprosessar med fagmiljø, innbyggjarar, brukarar, næringsliv, og frivilligheit.
  • nnbyggjarane opplever likeverd med omsyn til moglegheit for deltaking, og at dei kan medverke på ulike nivå i kommunen.
  • Saksutgreiingar og prosessar fram mot politisk vedtak har høg fagleg kvalitet.
  • Ålesund kommune har eit godt omdømme med omsyn til demokratiske praksis; innbyggjarane opplever eigarskap til kommunen, kort avstand til politisk og administrativ leiing, og at politiske engasjementet har verknad.
  • Ålesund kommune er blant dei ti beste kommunane i landet med tanke på valdeltaking og opplever økt valdeltaking i lokalval, i høve til tidlegare års valoppslutning.
  • Den nye kommunen har ei styringsdyktig politisk leiing, og det leggjast til rette for ei politikarrolle som fremmar nytenking omkring demokratiske prosessar og deltaking.
  • Ein har tatt i bruk samskapingsmodellar og samarbeid på tvers av sektorar for å unngå silotenking og få i stand betre avgjerder og tiltak.
  • Politisk aktivitet har gode vilkår og tek i bruk nye arbeidsmåtar.

pdfFullstendig mandat delprosjekt P2 Politisk organisering, lokaldemokrati og innbyggarmedverknad.pdf

Kva er bestemt?

Delprosjekta førebur saker for styringsgruppa/fellesnemnda. Her vil vi presentere nokre av dei sentrale vedtaka innanfor emnet.

 

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.