Delprosjekt innan administrasjon og politikk

Personal og omstilling

Intensjonsavtalen

Kommunen skal ha ein personalpolitikk

  • som stimulerer til eit tillitsfullt samarbeid om å styrkje effektivitet, innovasjon og kvalitet i oppgåvene, og trivsel på arbeidsplassen.
  • gir kompetanseutvikling, fagleg og personleg, med vekt på å tenke og handle innovativt i
    samarbeid med andre for å bidra til auka effekt for innbyggarane og samfunnet.
  • legg vekt på utvikling av eit godt tre-partsamarbeid - eit tett samarbeid mellom politikarar, administrativ leiing og fagforeiningar, for å utvikle dei kommunale tenestene.

Kommunesamanslåingsprosessen skal ta vare på dei tilsette på ein god måte. Kommunen har eit stort behov for arbeidskraft og kompetanse. Det skal
leggjast til rette slik at tilsette ønskjer å fortsetje i den nye kommunen.

l overgangen frå gamal til ny kommune vil følgjande gjelde:

  • Alle tilsette sine noverande rettar vil vere sikra i samsvar med lov og avtaleverk. Ingen skal seiast opp som direkte konsekvens av kommunereforma.
  • Alle tilsette vil få tilbod om stilling i tilsvarande storleik og tidsperiode som vedkomande alt har avtale om.
  • Den som blir overtalig vil få tilbod om anna arbeid ein annan stad i kommunen, eller tilbod om tiltak som kan stimulere til alternative løysingar.
  • Tilsette vil framleis vere sikra pensjonsordning.
  • Lønsskilnader mellom dei gamle kommunane vil bli harmonisert overtid.

Det blir oppretta eit partssamansett utval for handsaming av saker som gjeld forholdet mellom den
nye kommunen som arbeidsgjevar og dei tilsette, jf. kommunelova § 25, inndelingslova § 26 og Hovudavtalen.

Deltakarar

Gruppa har følgjande deltakarar:

  • Haram: Petter Sortevik, personalrådgjevar
  • Sandøy: Mariann Husøy, personalrådgjevar
  • Skodje: Malin Piegsa, personalsjef
  • Ørskog: Janette Steinvik, ass. rådmann
  • Ålesund: Roar Reiten, personalsjef (delprosjektleiar)
  • Nye Ålesund: Prosjektkoordinator tiltrer gruppa   

Fagforeiningsrepresentantar:

  • Haram: Randi Otterlei Alvestad, Fagforbundet
  • Sandøy: Laila Alvestad, Fagforbundet
  • Skodje: Ramona Pilskog, Delta
  • Ørskog: Maren Kongsnes, NSF
  • Ålesund: Jann Ove Ertresvåg, UDF

Møte

  • 17. november 2017 - Ålesund rådhus 10.00 - 15.00
  • 21. november 2017 - Skodje rådhus 09.00 - 11.30 - Informasjons- og drøftingsmøte med tillitsvalde og hovudverneombod
  • 8. desember 2017 -  Ålesund rådhus 09.00 - 15.00

Mandat

Delprosjektet skal bidra til at omstillinga berer preg av tydelegheit og tillit mellom arbeidsgivar og arbeidstakarar, samt bygger opp under motivasjon og endringsvilje på alle nivå.  
Delprosjektet skal vidare bidra til at nye Ålesund kommune framstår som ein attraktiv arbeidsgjevar, med ein velorganisert og kompetent og innovativ organisasjo

  • Foreslå prosess med tilsetting av ny rådmann.
  • Foreslå informasjonstiltak overfor tilsette
  • Legge til rette og sørge for tilsette sin medverknad. Formelle krav til medverknad i samsvar med lov og avtalar skal følgjast.   
  • Foreslå rammeverk for gjennomføring av virksomhetsoverdraging, og ulike faser kva gjeld tilsetting inn i ny organisasjon. Herunder foreslå omstillingsavtale.
  • Kartlegge vedtak, dokumentasjon og særavtalar i den einskilde kommune.
  • Foreslå tiltak og videre prosess for å få til nødvendige vedtak, strategiar og policy-dokument for gjennomføring av virksomhetsoverdraging, og for den nye kommunen.
  • Vurdere behov for og foreslå tiltak for leiarutvikling, møteplassar og kompetansetiltak på tvers.
  • Delprosjektet skal sørge for at det dei fem kommunane i nødvendig grad er samkjørte/koordinerte på arbeidsgivarsida når det gjeld system, arbeidsgivardokument, m.m.

Mål:

  • God planlegging, styring og gjennomføring av arbeidsgivers rolle i omstillingsprosessen. 
  • Når verksemdsoverdraginga er på plass skal alle tilsette vere ivaretatte på ein god måte i samsvar med arbeidsmiljølovgivninga, hovudavtale og føringar for nye Ålesund kommune. Dei skal ha fått avklart sitt tilsettingforhold i den nye organisasjonen.
  • Nye Ålesund har på plass alle nødvendige system og dokument som arbeidsgjevar.
  • ye Ålesund kommune framstår som ein attraktiv arbeidsgivar, som er velorganisert, kompetent og innovativ.

pdfFullstendig mandat delprosjekt A1 Personal og omstilling.pdf

Kva er bestemt?

Delprosjekta førebur sakar for fellesnemnda. Her vil vi presentere nokre av dei sentrale vedtaka deira innafor emnet. 

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.