Kommunikasjon

Kommunikasjonsstrategi og tiltaksplan

Prosjektet med å danne nye Ålesund har en kommunikasjonsstrategi som omfattar prosjektet og måten vi skal kommunisere til innbyggarar, politkarar, tilsette og andre interesserte.

Det er også laga ein tiltaksplan som tar for seg konkrete oppgåver som skal gjennomførast for å nå måla i strategien. Begge er levande dokument som vil vere under stadig endring.

Du finn kommunikasjonsstrategien og tiltaksplanen under Om nye Ålesund - Dokument - Kommunikasjonsstrategi.

Deltakarar

Gruppa har følgjande deltakarar:

  • Haram: Ragnhild Nordang
  • Sandøy: Kristina Røyset Naas   
  • Skodje: Solveig Kvamme 
  • Ørskog:  Ingrid Rekdal Hjelle  
  • Ålesund: Christine Rørvik
  • Fagforeiningsrepr.: Gøril Vikhagen, Delta (Ålesund)
  • Hovudverneombod: Kristin H. Breivik (Haram)
  • Nye Ålesund: Anne Bente Skjellum (leiar)

Møte

Alle møta er klokka 10.00 - 13.30 om ikkje anna er opplyst.

  • Møte 26. februar klokka 12.00  - Ålesund

Mandat

Kommunikasjonsstrategien for prosjektet med å bygge nye Ålesund kommune tar utgangspunkt i intensjonsavtalen mellom kommunane og arbeider fram mot desse måla:

  • Kommunikasjonen skal sørge for at innbyggarar, tilsette, og folkevalde til ei kvar tid blir halde orienterte om prosessen med å slå saman kommunane, resultat og målsettingar.
  • Kommunikasjonsarbeidet skal sikre at sentrale demokratiske prinsipp blir ivaretatt når det gjeld innsyn, openheit og demokratisk medverknad.
  • Kommunikasjonsarbeidet skal bidra til å skape forståing  for reforma hos innbyggarar, tilsette og folkevalde.
  • Kommunikasjonsarbeidet skal gi tilsette en trygge når det gjeld deira eigen arbeidsplass og eventuelle forandringar dei står ovanfor i den nye kommunen.
  • Godt kommunikasjonsarbeid bidrar til å skape tillit til prosessen og den nye kommunen.
  • Kommunikasjonsarbeidet skal bidra til å skape entusiasme og på sikt ein felles identitet og kultur på tvers av kommunegrensene.

Kommunikasjonen skal til ei kvar tid nytte seg av tilgjengelege tekniske løysingar for digital kommunikasjon.

Kommunikasjonsgruppa må samarbeide tett med andre delprosjekt for å framheve nyskapingar i samband med bygginga av nye Ålesund, til dømes nye tverrfaglige samarbeid og tankesett.

Saman med delprosjektet for Politisk organisering, demokrati og medverknad må kommunikasjonsgruppa gjere seg nytte av nye måtar for å involvere og gi høve til medverknad for lokalpolitikarar og innbyggarar i alle delar av nye Ålesund.

pdfFullstendig mandat delprosjekt A2 Kommunikasjon.pdf

Kva er bestemt?

Delprosjekta førebur saker for styringsgruppa/fellesnemnda.

Kommunikasjonsstrategi og tiltaksplan er vedtatte av styringsgruppa våren 2017.

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.