Delprosjekt innan administrasjon og politikk

Interkommunale samarbeid - kartlegging

Arbeidsgruppa var ferdig med sitt arbeid i mai 2017

Deltakarar

Arbeidsgruppa for kartlegging av interkommunale samarbeid har hatt følgjande deltakarar:

  • Haram*:  Per Langnes, leiar stab- støtte
  • Sandøy: Sally R. Bergtun, økonomirådgjevar
  • Skodje: Kristian Skålhavn, assisterande rådmann
  • Ørskog: Hilde Sørland, kommunalsjef
  • Ålesund: Ronny Frekhaug, kommunalsjef
  • Fagforeiningsrepr.Ålesund: Frode Nordstrand, Fagforbundet
  • Nye Ålesund: Tore Hals og Anne B. Emblem - nye Ålesund

Mandat

I tråd med intensjonsavtalen og fordi den nye kommunen blir eit nytt juridisk subjekt, må alle interkommunale samarbeid vurderast.

Eitt av måla med å gå saman om å etablere ein ny kommune er at den nye kommunen skal kunne ta på seg oppgåvene på eiga hand utan interkommunalt samarbeid. På den måten får kommunen betre styring over den enkelte tenesta og kan lettare drive samordning på tvers av tenestene.

Ein ny kommune blir ei ny juridisk eining, noverande kommunar opphøyrer som juridiske einingar. Dette betyr at inngåtte avtalar med noverande kommunar blir ugyldige frå det tidspunkt den nye kommunen blir operativ. Dette gjeld både interkommunale samarbeidsavtalar og innkjøpsavtalar. Dei interkommunale samarbeidsavtalane kan altså ikkje førast vidare slik dei er i dag, men må eventuelt inngåast på nytt med den nye kommunen.

Arbeidsgruppa vart nedsett våren 2017 for å kartlegge ekisterande samarbeid som grunnlag for ny eigarstrategi. Gruppa har bygd vidare på kartlegging gjennomført i Ålesund 2016 der dei andre kommunane har fylt  på med sine samarbeid. Gruppa har levert sin endelege rapport.

pdfHopehav -kartleggingsrapport om interkommunalt samarbeid i kommunane som inngår i nye Ålesund kommune.

xlsTabelloversikt om interkommunalt samarbeid i kommunane som inngår i nye Ålesund med fleire,

Kva er bestemt?

Delprosjekta førebur saker for styringsgruppa/fellesnemnda. Styringsgruppa skal behandle rapporten på sitt møte 18. mai 2017.
Når fellesnemnda er sett ned får den via ei arbeidsgruppe, ioppgåve å vurdere kva samarbeid som bør bli sagt opp, kva som bør bli oppløyst og om det er ønskjeleg eller nødvendig for den nye kommunen å inngå i interkommunalt samarbeid på nye områder. Arbeidsgruppa skal ha politiske representantar blant medlemmene.

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.