Delprosjekt innan administrasjon og politikk

Arkiv og dokumentforvaltning

Deltakarar

Gruppa har følgjande deltakarar:

  • Haram: Oddny Krogsæter Løvik, arkivar
  • Sandøy: Annlaug Knardal Myklebust, fagleiar servicetorg og arkiv
  • Skodje: Rita Engeset, fagleiar sakshandsaming og arkiv
  • Ørskog:  Bente Gravem, konsulent arkiv
  • Ålesund: Liv Grete Orvik, virksomhetsleiar servicetorg og dokumentsenter (delprosjektleiar første fase)
  • Fagforeiningsrepr.: Michael Werner, Fagforbundet (Ørskog)
  • Andre tilknytt delprosjektet, men deltek ikkje i gruppa: Geir Håvard Ellingsæter, Leiar Interkommunalt arkiv (IKA)

Etablering av ei ny kommune får store konsekvensar for dokumentasjonsforvaltning og arkiv. Nye arkivfunksjonar må opprettast i den nye kommunen. I denne prosessen er det viktig at ein sikrar digitale løysingar, god arbeidsflyt og effektiv forvaltning. Arkiv frå nåverande kommunar må avsluttast og avleverast til depot. Det er viktig at ein legg til rette for at dokumentasjonen er tilgjengeleg for innbyggarar  og administrasjonen, samtidig som ein sikrar at bevaring av arkiv i notid og framtid er i samsvar med gjeldande lover og regelverk.

Møte

  • Møte 31. oktober - Skype

 

Mandat

Oppdrag /forventa leveranse for dette delprosjektet er:

  • Etablere arkiv og dokumentasjonsforvaltning for prosjektorganisasjonen i samanslåingsfasen.
  • Sikre god dokumentasjonsforvaltning i ny kommune.
  • Etablere ny arkivtjeneste
  • Avslutte eksisterande arkiv , sikre eldre arkiv og sørge for at desse blir gjort tilgjengeleg for ettertida.

pdfFullstendig mandat delprosjekt A5 Arkiv og dokumentasjonsforvaltning.pdf

 

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.