Delprosjekt innan administrasjon og politikk

Økonomi

Intensjonsavtalen

Nye Ålesund skal ha ein robust og berekraftig økonomi. Kommunen må sikre seg eit forsvarleg økonomisk handlingsrom for å sikre gode tenester til innbyggjarane

Vinstane som vi får realisert i den nye kommunen skal gå til å styrke tenestene og realisere visjonen for den nye kommunen. Lånegjelda skal vere på eit forsvarleg nivå og kommunen skal ha ei målsetting om å betale ned på gjeld i tråd med avskrivingar. Kommunen skal ha eit tilstrekkeleg stort disposisjonsfond for å kunne handtere uføresett utgifter.

  • Kommunane skal legge til rette for heilskapleg planlegging på økonomiområdet som tek omsyn til kommunale planer gjeldande frå 2017 til 2020.
  • Alt frå hausten 2017 skal ein starte å nærme seg ein felles økonomiplanprosess med blikk for å bygge ein felles kommune. Investeringsprosjekt som allereie er innarbeida i dei tidligare kommunane sine økonomiplanar skal prioriterast i den nye kommunen sine budsjett- og økonomiplanar. Det er ein føresetnad at prosjekta er nøkterne og fullfinansierte i balansert budsjett eller økonomiplan.
  • Prinsippet er at alle kommunane går inn med alle eigendelar og all gjeld.
  • Samordninga nemnt ovanfor er eit ansvar som ligg til fellesnemnda å koordinere.
  • Mål for økonomistyringi den nye kommunen innan 2024:
    • Brutto driftsresultat: 3 %
    • Lånegjeld: 75 % av brutto driftsinntekt
    • Disposisjonsfond: 6 % av brutto driftsinntekt
    • Investeringseigenfinansiering: 10%
  • Arbeidet med å oppnå måla skal ha høg prioritet.
  • Den samla økonomien i den nye kommunen må vere styrande for samla avgiftsnivå.
  • Prinsipp for hamneavgifter i Sandøy vert vidareført for Sandøy kommunedel, på eksisterande kaier.

Deltakarar

Gruppa har følgjande deltakarar:

  • Haram: Levi Lervik, økonomileiar
  • Sandøy: Therese Flaten, økonomirådgjevar  
  • Skodje: Lars Fylling, økonomisjef  (delprosjektleiar)
  • Ørskog: Magny Hauge Dyrkorn, økonomisjef
  • Ålesund: Ole Kristian Arntsen, økonomisjef
  • Fagforeiningsrepr.. Geir Lorentzen UDF (Skodje)

Møte

Mandat

  • Vere leverandør til dei andre delprosjekta når det gjeld økonomiske rammebetingelsar, budsjettrammer og anna økonomisk kunnskapsgrunnlag på bestilling. Aktuelle problemstillingar:
    • Økonomisk analyse/kartlegging av tenesteområda kan til dømes vere:
      • Kva kostar tenestene
      • Samanlikning
      • Harmonisering
      • Moglege effektiviseringsgevinstar
      • Administrative finansieringsmodellar  (eigedom, IKT, skole, heimetenester, rammetenester osb.)
      • Bistand til rådmannen og fellesnemnda for nye Ålesund kommune, mellom anna når det gjeld økonomiske rammer for tenesteområda i nye Ålesund.
  • Kartlegge gjeldande rutinar og praksis for alle områda for økonomifunksjonane i dei gamle kommunane, og tilrå nye rutinar/modellar/prosessar for nye Ålesund.
    • Kva ligg til økonomi-/finans-funksjonane i dei gamle kommuane, og tilrå felles rutinar/modellar/prosessar for den nye kommunen.
      • Rekneskap
      • Fakturering
      • Innfordring
      • Finansforvaltning
      • Budsjett og økonomistyring (controlling)
      • Løn, pensjon og HR
      • KemnerfunksjonInnkjøp
      • Anna
    • Kartlegge system og samarbeidsavtalar/kontraktar og vurdere behovet for nye.
    • Administrativt årshjul for handlingsprogramprosess og budsjettprosess (jf. politisk årshjul)
  • Løn og rekneskap 
    • Etablere felles kontoplan, rekneskapsregister, anleggsregister, personregister m.m.
  • Strategisk økonomistyring:
    • Økonomiske mål og strategiar for nye Ålesund
    • Utarbeide grunnlag for å fastsettje mål om effektivisering og gevinstrealisering
    • Politisk årshjul handlingsprogramprosess
    • Organisering av økonomfunksjonen
    • Modell for økonomistyring, både overordna og på einingsnivå.
  • Gebyrregulativ, eigedomsskatt, økonomi- og finansreglement
  • Handlingsreglar, skuggebudsjett, felles budsjett frå 2020

Mål:

  • Tillit: Økonomi- og finansfunksjonen i kommunen skal jobbe for å nyte stor tillit både hos innbyggjarane, folkevalde, administrasjon og tillitsvalde. Dette skal gjerast gjennom å levere relevant styringsinformasjon og beslutningsgrunnlag av høg kvalitet til rett tid.
  • Kvalitet: Brukrane opplever at økonomi- og støttefunksjonane har god tilgjengeligheit, service og kompetanse, også som påliteleg leverandør av strategisk styringsinformasjon.
  • Organisasjon: Sikre tilstrekkeleg operativ og strategisk kompetanse på alle nivå.
  • Økonomi:
    • Sikre god økonomistyring og økonomisk internkontroll.
    • Sørge for at at den nye kommunen har eit budsjett og økonomiplan til det første driftsåret.

    pdfFullstendig mandat delprosjekt A6 Økonomi.pdf

Kva er bestemt?

Delprosjekta førebur sakar for styringsgruppa/fellesnemnda. Her vil vi presentere nokre av dei sentrale vedtaka deira innafor emnet.

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.