Delprosjekt innan administrasjon og politikk

Plansamordning og planstrategi

Intensjonsavtalen

Intensjonsavtalen for nye Ålesund slår fast at den nye kommunen skal ha ei heilskapleg og overordna planlegging, som bidreg til å posisjonere Ålesund som by og regionen som attraktiv kvardagsregion for dagens og framtidas innbyggjarar.

Nye Ålesund skal ha eit godt og fungerande lokaldemokrati, med lokalt engasjement og medverknad, og ei samfunnsutvikling som realiserer muligheitene for at heile bu- og arbeidsregionen vert tatt i bruk. Planlegginga skal sikre konkurransekraft for næringslivet og ha ein klar strategi for å utvikle alle delar av den nye kommunen.

Det er ein føresetnad at plansystemet i nye Ålesund skal bidra til å sikre heilskapleg styring og gode samanhengar på tvers i organisasjonen.

Deltakarar

  • Haram:  Hege Gjøsund, kommuneplanleggar
                  Per Langnes, leiar stab - støtte
  • Sandøy: Sol Slinning, avd.ingeniør tekniske tenester
  • Skodje: Ingunn Stette, kommuneplanleggar (leiar)
                Frode Helland, teknisk sjef
  • Ørskog: Liv Marit Nystad, kommuneplanleggar
  • Ålesund: Anne Mette Liavaag, strategi- og utv.sjef
                  Liv Kjersti Finholt, kommuneplanleggar
                  Ole Andreas Søvik, plan- og bygningssjef
  • Fagforeiningsrepr.: Arne Neumann, Akademikerne kommune (Ålesund)

Møte

Mandat

Den nye kommunen sitt plan- og styringssystem må tilpassast den nye organisasjonen. Alle kommunane har i dag vedtekne planstrategiar. Planstrategiane skal følgjast opp, og det skal lagast eit grunnlag for ein ny planstrategi for Ålesund gjeldande frå 2020. Oppdraget vil innebere ei samordning, herunder samkjøring av planar- og prosessar der det er hensiktsmessig i overgangsperioden.

Den nye kommunen skal vere ein effektiv og innovativ organisasjon. For å lukkast med samfunnsutviklinga i den nye kommunen må vi ha eit godt og tillitsbasert samspel. God planlegging og samfunnsutvikling  handlar i vesentleg grad om deltaking og gode prosessar.

  • Delprosjektet skal førebu arbeidet med ny planstrategi for Ålesund kommune 2020-2023. Herunder kartlegge gjeldande planar og pågåande planprosjekt, og etablere oversikt over mål og strategiar som gjeld for dei ulike kommunane.
  • Planar og øvrige styringssystem skal bidra til at organisasjonen når sine målsetjingar om ei fleksibel, effektiv, føreseieleg, fagleg forsvarleg og (tverrfageleg)samordna planlegging og forvaltning, til beste for kommunen sjølv, innbyggarar og øvrige samarbeidspartar.
  • Delprosjektet skal sørgje for at det er teke i bruk nye  dialogformer, og nye digitale plattformer som opnar opp for ei sterkare medverknad og samhandling mellom den politiske leiinga, kommuneadministrasjon, innbyggarar, frivilligheit og næringslivsaktørar.
  • Delprosjektet skal sørgje for at innovasjon og nyskaping pregar heilskapleg styringssystem, herunder planar og prosessar, og bidreg til auka kunnskap og kompetanse i organisasjonen og i samhandling med innbyggarar og samfunn.
  • Gruppe for planstrategi og plansamordning skal kome med si tilråding til val av heilskapleg plan- og styringssystem, basert på val av politisk og administrativ organisering i den nye kommunen. 
  • Delprosjektet har ansvaret for å kalle inn til samarbeidsmøte med andre relevante delprosjekt, for å sikre eit heilskapleg plan og styringssystem(dette gjeld i første rekkje rådmannen og arbeidsgrupper for økonomi, politisk og administrativ organisering)
  • Delprosjektet skal sørgje for at nye Ålesund kommune har eit fungerande plangrunnlag innan 01.01.2020, i dette ligg å foreslå overgangsføresegner som skal vedtakast av fellesnemnda før ny kommune er etablert.
  • Delprosjektet skal sørgje for godt samarbeid og samordning av planar og planprosessar der dette er hensiktsmessig, i overgangsperioden fram til 01.01.2020.

pdfFullstendig mandat delprosjekt A3 Planstrategi og plansamordning.pdf

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.