Delprosjekt innan administrasjon og politikk

Interkommunale samarbeid

Ei eiga gruppe har kartlagt dei interkommunale samarbeida i den nye kommunen. I tråd med intensjonsavtalen og fordi den nye kommunen blir eit nytt juridisk subjekt, må alle interkommunale samarbeid vurderast.

Dei fem kommunane som frå 2020 utgjer nye Ålesund kommune, deltek i dag i svært omfattande interkommunalt samarbeid. Eitt av måla med kommunereforma er å redusere behovet for slikt samarbeid slik at kommunen kan få sterkare styring og kontroll – politisk og administrativt – over dei tenestene kommunen har plikt til å gi sine innbyggarar og det forvaltningsansvaret  som er lagt til kommunen. Desse oppgåvene har kommunen ansvaret for uavhengig av kven som utfører dei på kommunens vegne.

Deltakarar

  • Sandøy: Oddvar Myklebust, leiar
  • Ørskog: Frode Andresen, nestleiar
  • Haram: Haldor Lillebø
  • Skodje: Kjell Haukeberg
  • Ålesund: Svein Rune Johannessen
  • Tillitsvaldrepresentant:  Frode Nordstrand
  • Hovudverneombod: Stig Meisal (Skodje)
  • Delprosjektsekretær: Tore Hals

Møte

  • Møte 8. desember 08.15 - 13.00 - Haram

Mandat

  • Alle skriftlege avtalar om interkommunalt samarbeid som i dag er inngått, blir ugyldige frå og med det tidspunktet den nye kommunen er operativ (01.01.2020).
  • Pkt. 1 betyr at avtalane må anten bli inngått på nytt, med eller utan endring, eller seiast opp. Nye avtalar må vere signert av partane før 01.01.2020. Oppseiing av avtalar inneber overføring av oppgåvene til den nye kommunen.
  • Effektmålet med delprosjekt P3 er å få fram grunnlaget for å kunne realisere pkt. 2, dvs.
    • kva avtalar som bør førast vidare utan endring anna enn nye juridiske partar,
    • kva avtalar som bør førast vidare med endringar, og
    • kva avtalar som bør bli sagt opp.

Det er definert følgjande foreløpige resultatmål for dette delprosjektet:
1.    Gi grunnlag for å utforme deltakarstrategien for det interkommunale samarbeidet.
2.    Gi grunnlag for å utarbeide prosedyrar og rutinar for god rapportering frå og kontroll tenestene som blir ytt gjennom det interkommunale samarbeidet.
3.    Gi grunnlag for tidleg avklaring for kva samarbeid som bør bli sagt opp slik at det blir rimeleg god tid til å avklare korleis oppgåvene skal bli gjennomført av ny kommune i eigen regi.

pdfFullstendig mandat delprosjekt P3 Interkommunale samarbeid.pdf

 

 

 

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.