Delprosjekt innan administrasjon

Kartlegging val

Organisering av valarbeidet i samband med kommunevalet 2019 i nye Ålesund, er ei viktig oppgåve både polistisk og administrativt. Faggruppa skal kartlegge kva rutinar som gjeld i dei einskilde kommunane.

Deltakarar

  • Haram/nye Ålesund: Elin Moen
  • Sandøy: Frank Harneshaug
  • Skodje: Solveig Kvamme
  • Ørskog: Åse Karin Gjære
  • Ålesund: Tove Flisnes Opskar og Kristin Torine Amdam (Irene Kalstad Aase blir invitert til møta og deltar ved høve)

Møte

16. mars kl. 09.00 - 11.00 - Haram

Mandat

Kartlegging av valrutinene i kvar av dei fem basiskommunane skal gi tilstrekkeleg informasjon for å samordne valarbeidet fram mot kommunevalet 2019 i nye Ålesund.

Det skal utarbeidast ein kartleggingsrapport innan april 2018 som skal gi oversikt over:

  • Tal på valkrinaser og inndelinga av desse
  • Tal på røystelokale og lokalisering av desse, opningstider med meir
  • Basiskommunane sine rutiner for førehandsrøysting, ambulerande røysting med meir
  • Basiskommunane sine rutiner knytt til røystestyra, korleis desse blir oppnemnt, opplæring, godtgjerdsle med meir
  • Basiskommunane sin bruk av elektronisk manntal, kroleis opptellinga er organisert (kretsvis/sentralt) med meir
  • Eksisterande valutstyr i kvar kommune

pdfFullstendig mandat for gruppa kartlegging av val

 

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.