Delprosjekt innan administrasjon

Samfunnstryggleik og beredskap

Det er behov for å gjennomføre ei heilskapleg ROS-analyse og utarbeide ein beredskapsplan og for den nye kommunen innan 1. januar 2020.  Nye Ålesund må vere i stand til å handtere ei krise frå første dag, då må organisasjonen vere ferdig bygd og ha klare beslutningslinjer, rutiner og tiltakskort for kven som gjer kva. Difor må arbeidet med ROS-analyse og beredskapsplan prioriterast før kommunesamanslåinga.
Det er behov for eit faggruppe som handlar om overordna samfunnstryggleik og beredskap for alle område, som kan koordinere ut mot andre fagområde.

Deltakarar

  • Vidar Tolås - Haram
  • Gerhard Strand Fitje (vara Sol Slinning) - Sandøy
  • Ingunn Stette - Skodje
  • Åse Karin Gjære (vara Janette Steinvik) - Ørskog
  • Albert Gjørtz (leiar) - Ålesund
  • Tillitsvald-representant: Avklarar deltaking etter kartleggingsfasen.

Møte

Mandat

Den nye kommunen skal klare å drive kommunal beredskap etter gjeldande lover og forskrifter, slik at innbyggarane har vissheit om at vi er i stand til å handtere uforutsette kriser og katastrofer på ein god og forsvarleg måte.
For å oppnå dette skal faggruppa sikre at nye Ålesund kommune før 1.1.2020 har:

  • utarbeidd ei heilskapleg ROS-analyse
  • etablert ein overordna beredskapsplan
  • samordna og kvalitetssikra organisering og planar for psykososial støtte og omsorg
  • organiserert og dimensjonert beredskapen
  • implementert relevante IKT-løysningar innan beredskap
  • utarbeidd naudsynte del/fagplanar innan samfunnstryggleik og beredskap

pdfFullstendig mandat for faggruppa.

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.