Delprosjekt innan helse, omsorg og sosial

NAV i nye Ålesund

NAV-kontora eigast av kommunane og staten i fellesskap.  Alle kommunane har mottatt informasjonsbrev og sjekklister (forslag) frå KS og NAV for samanslåingsprosessen av NAV-kontor som følgje av kommunereforma. Dette er gode bakgrunnsdokument for faggruppa.  I informasjonsskrivet opplyser dei at kommunesamanslåingane  gir mulegheiter til å vidareutvikle tenestetilbodet, slik at ein kan levere betre brukarmøter og få fleire i arbeid og aktivitet. Aktivitetane må tilpassast lokale forhold.

Organisering og bemanning av NAV-kontora i dag:    
•    NAV Ålesund blir samlokalisert i Ålesund sentrum januar 2019. Dei har i alt 90 årsverk.
•    NAV Haram er lokalisert i Brattvåg og har i alt 12 årsverk.
•    NAV Sandøy er lokalisert på Harøya og har i alt 3 årsverk.
•    NAV Storfjorden har i underkant av 13 årsverk og dekker Ørskog , Skodje, Norddal og Stordal, med Skodje kommune som vertskommune. Kontoret har lokale i alle fire kommunane, med hovudkontor på Skodje.

Deltakarar

  • Thorbjørn Fylling og Turid Hanken - Haram
  • Odd Husøy - Sandøy
  • Anne Jorun Sjøholt (NAV Storfjorden) - Skodje og Ørskog
  • Ørjan Haram - Ålesund (leiar fram til ny NAV-leiar for nye Ålesund er tilsett og tiltrådt)
  • Erik Husby - NAV Møre og Romsdal
  • Katrin Furland - fagforeiningsrepresentant

Møte

 

Mandat

Oppdrag/forventa leveranse for denne faggruppa er:

  • Kartleggingsrapport
    • Arbeidsmarkedssituasjon og pendlerstrøm
    • Situasjonen for prioriterte grupper så som ungdom, innvandrere og langtidsledige.
    • Sosialhjelpsmottakere og aktivitetsplikt
    • Kompetanse i det enkelte NAV kontor i dag
  • Grunnlagsdokument, herunder mellom anna:
    • Forslag til tenestemeny i NAV Ålesund
    • Forslag til organisering av NAV i nye Ålesund kommune
  • Gjennomføring etter ein komande framdriftsplan. (Med referanse til dei tilsette sine rettar og plikter: Her er det ulike avtalar for statleg og kommunalt tilsette. Dei statleg tilsette har ein eigen omstillingsavtale.)

Faggruppa må sjå punkta over i lys av den utvikling og innovasjon som vi ser vil møte NAV og andre i tida etter 2020.

pdfFullstendig mandat for NAV i nye Ålesund.

 

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.