Delprosjekt innan kultur og aktivitet

Faggruppe for kultur og idrett

Det er behov for å få ei oversikt over kva som inngår i kultur- og idrettsfeltet kommunane i nye Ålesund i dag, før arbeidet med harmonisering, samordning og utvikling av fagområdet tek til. Resultata av kartlegginga vil vere eit viktig kunnskapsgrunnlag for vidare arbeid i faggruppa.

Faggruppa omfattar:

  • Allmenn kultur (mellom anna kulturhus, bibliotek, ungdomstilbod)
  • Idrett (mellom anna idrettshallar og –anlegg, symjehallar)

Frivillegheitssentralar, seniortilbod og kulturskule inngår ikkje i faggruppa per no.

Deltakarar

  • Per Langnes - Haram
  • Anita Øen - Sandøy
  • Magne Fylling - Skodje
  • Åse Karin Gjære -  Ørskog
  • Oskar Skulstad (leiar) - Ålesund
  • Tillitsvald-representant: Vert invitert til fasen med grunnlagsdokument.

Møte

Mandat

Oppdraget til faggruppa er å kartlegge kultur- og idrettsfeltet i kommunane i nye Ålesund:

  • Kartlegginga skal gi oss ein samla oversikt over kultur- og idrettsfeltet i kommunane. Dette gjeld dagens tenester, aktivitetar, hus/anlegg, samarbeidspartar, planverk og system m.v. innan fagområdet, herunder kva som er likt og ulikt mellom kommunane.
  • Kartlegginga skal danne grunnlag for å arbeide vidare med framtidig innhald, struktur og organisering av tenester og aktivitetar innan fagområdet i nye Ålesund kommune.
  • Kartlegginga skal gi eit utgangspunkt for betre utnytting av ressursane innan kulturfeltet, og å sjå mogelegheitene for synergiar og utvikling.

pdfFullstendig mandat for faggruppa kultur og idrett.

 

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.