Delprosjekt innan teknisk

Brann og redning

Deltakarar

Faggruppa består av ein representant frå kvar kommune, med brannfagleg kompetanse.

  • Geir Thorsen - Ålesund (leiar)
  • Nils Kristen Skaar - Haram
  • Kim André Breivik - Sandøy
  • Magnar Kvalvik - Skodje
  • Kjell Arve Lid - Ørskog
  • Johnny Stølen - sekretær
  • Michal Werner - hovudverneombod
  • Bent Leite - tillitsvaldrepresentant, NITO

Møte

Mandat

Intensjonsavtalen slår fast at nye Ålesund skal arbeide aktivt med å forebygge og handterer kriser og katastrofer. Den skriv vidare at det må utarbeidast ein nye beredskapsplan som tar høgde for samfunnstryggleik og beredskapsorganisering.

I 2010 blei kommunane pålagt ei generell beredskapsplikt gjennom sivilbeskyttelsesloven. Den kommunale beredskapsplikta pålegg kommunane å ta ansvar for eit systematisk, kontinuerleg og kvalitetsmessig godt arbeid med samfunnstryggleik og beredskap. Samanslåinga av kommunar til nye Ålesund får konsekvensar både organisatorisk, administrativt og når det gjeld planar innan temaet.

Prosjektet skal organisere brann- og redningstenesta gjennom eit samarbeid mellom tidligare selvstendige brannvesen på ein slik måte at det sikrar eit samla fagmiljø med høg kompetanse, ei effektiv leiing og drift, fleksibilitet, bidra til auka spesialisering og oppretthalde av naudsynt kompetanse knytta til forebygging og beredskap.

Det må utarbeidast ei ny brannfordning for nye Ålesund kommune. Det er krav til ei felles ROS-analyse, felled beredskapsanalyse før eit nytt brannordningsdokuement kan bli utarbeidd. Dette er eit omfattande trinnvist arbeid som må vere på plass innan samanslåinga slik at iverksetting kan begynne. I dag er analysearbeidet mangelfullt, det manglar beredskapsanalyse på alle kommunar og ROS-analyse på to kommunar. Brannordingane i dei fleste kommunane i dag er utdaterte (frå slutten av 90-talet).

Fullstendig pdfmandat faggruppe brann og redning.

 

 

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.