Delprosjekt innan teknisk

Eigedom og eigedomsforvaltning

Det er behov for å få ei oversikt over eigedomsmassen og -forvaltninga i kommunane i nye Ålesund i dag,
før arbeidet med harmonisering, samordning og utvikling av fagområdet tek til. Resultata av kartlegginga
vil vere eit viktig kunnskapsgrunnlag for vidare arbeid i faggruppa.

Faggruppa omfattar:

  • Kommunal eigedom:

Kommunalt eigde formålsbygg til dømes skular, barnehagar og omsorgssenter osv.

Andre kommunalt eigde bygg som kommunale næringsbygg og kommunale bustader.

Kommunalt eigde areal som til dømes tomter m.v., jamfør kommunale arealplanar.

  • Kommunal eigedomsforvaltning som gjerne har både ein operativ funksjon og ein strategisk
    funksjon som skal ivareta noverande og framtidige behov.

Deltakarar

  • Kjell Sindre Johansen - Haram
  • Gerhard Strand Fitje (vara Håvard Harneshaug) - Sandøy
  • Øystein Eltvik - Skodje
  • Morten Sloth-Fjordside - Ørskog
  • Bjørnar Helland (leiar) og Birger M. Hjelle - Ålesund
  • Nye Ålesund kommune bistår med administrativ tilretteleggar
  • Tillitsvald-representant: blir invitert til fasen med grunnlagsdokument.
  • Evt. HVO-representant blir vurdert etter kartleggingsfasen.

Møte

Mandat

Oppdraget til faggruppa er å kartlegge eigedomsfeltet i dei fem kommunane og foreslå vidare prosjekt:

  • Faggruppa skal utarbeide eit kunnskapsgrunnlag. Dette skal vere ei tilstrekkeleg kartlegging av
    fagområdet for å få oversikt, status, og ein felles ståstad for utfordringar
  • Faggruppa skal deretter utarbeide eit grunnlagsdokument. Dette skal foreslå vidare
    prosjektarbeid for harmonisering, samordning og utvikling av fagområdet, herunder overordna
    satsingsområde for nye Ålesund innan fagområdet, prioritering av tiltak og framdriftsplan.
  • Etter godkjenning frå prosjektleiar, skal faggruppa iverksetje gjennomføringa i hht. komande
    prioritert plan.

pdfFullstendig mandat til faggruppa eigedom og eigedomsforvalting.

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.