Kommunikasjonsstrategi og tiltaksplan

Prosjektet med å danne nye Ålesund har en kommunikasjonsstrategi som omfattar prosjektet og måten vi skal kommunisere til innbyggarar, politikarar, tilsette og andre interesserte.

Det er også laga ein tiltaksplan som tar for seg konkrete oppgåver som skal gjennomførast for å nå måla i strategien. Begge er levande dokument som vil vere i endring.

Mål

Kommunikasjonsstrategien for nye Ålesund kommune fram mot 2020 tar utgangspunkt i intensjonsavtalen inngått mellom kommunane og har desse måla:

  • Kommunikasjonen skal sørge for at innbyggarar, tilsette og folkevalde til ei kvar tid er orienterte om prosessane i kommunesamanslåinga. Kva resultat som er oppnådde og kva som er målsettingane i prosessen.
  • Kommunikasjonsarbeidet skal, i samarbeid med andre, sikre at sentrale demokratiske prinsipp blir tatt vare på gjennom å vere open, ha innsyn og demokratisk medverkning.
  • Kommunikasjonsarbeidet skal bidra til at innbyggarane, tilsette og folkevalde forstår kvifor reformen blir gjennomført.
  • Kommunikasjonsarbeidet skal gjere tilsette trygge for sin eigen arbeidsplass og eventuelle endringar dei står overfor i den nye kommunen.
  • Godt kommunikasjonsarbeid bidrar til å skape tillit til prosessen og den nye kommunen.
  • Kommunikasjonsarbeidet skal bidra til å skape entusiasme og på sikt ein felles identitet og kultur på tvers av kommunegrensene.

Strategiar

For å kunne utarbeide gode bodskap og lukkast med informasjonsarbeidet, er tidleg tilgang på informasjon og det å forstå bakgrunn og argumentasjon avgjerande.

Prosessen og kommunikasjonen må vere:

Open

Det å vere open og gje innsyn gjennom kommunikasjon styrkar de folkevaldes, innbyggaranes og tilsettes tillit til prosessen. Dette gjeld både innhaldet i avgjerder som blir tatt og bakgrunnen for at avgjerda er fatta. Det er større sjanse for å lukkast om alle føler seg involverte og informerte om, prosessen. 

Tilgjengeleg

Kommunikasjon er utveksling av informasjon og kunnskap. Det betyr dialog mellom avsendar og
mottakar. I denne prosessen betyr det at alle grupper og interesser må bli hørte. Målgruppene skal kunne nå fram med meininga si, kommentere og få svar på spørsmål undervegs.

All informasjon i samband med reforma skal vere tilgjengeleg for alle. Kommunikasjonsgruppa må bruke verkty og kanalar som når ut bredt og umiddelbart.

Kommunikasjonen i prosessen vere forståeleg for folk flest og tilpassast det faktum at innbyggarar, politikarar og tilsette ikkje er like oppdaterte på temaet som fellesnemnda og andre som er involverte i prosessen.

Truverdig og redeleg

Ved å vere redeleg i kommunikasjonen med målgruppene, vil kommunikasjonen kunne legge eit godt grunnlag for nye Ålesunds omdømme hos innbyggarane og gje dei eit positivt inntrykk av kommunereforma.

Samkjørt

Sjølv om dei deltakande kommunane er sjølvstendige einingar fram mot 1. januar 2020, så er det viktig at alt som blir kommunisert i samanslåingsprosessen er samkjørt. Kva informasjon som skal ut når og i kva for kanalar på inn i ein tidsplan. Dette gjeld både internt i den enkelte kommune og eksternt.

Utspel og intervju i media må koordinerast og samsvare med den valde bodskapen. Hoved- og støttebodskap må utarbeidast i fellesskap.

Ein viktig bodskap kan aldri gjentas for ofte.

pdfKommunikasjonsstrategien til prosjektet nye Ålesund oppdatert juli 2018 (PDF)

pdfTiltaksplan til komm.strategi nye Ålesund oppdatert juli 2018 (PDF)

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.