Overordna styringsdokument

Slik bygger vi nye Ålesund kommune 2020 dannar grunnlaget for styringa av prosjektet fram til 1. januar 2020. Dokumentet skal:

  • peike ut retning gjennom visjon, mål og verdiar for prosjektperioden.
  • gi oversikt over prosjektet i omfang og oppbygging.
  • tydeleggjere roller og ansvar i prosjektet.
  • gi oversikt over fasar i prosjektet og tiltak i dei ulike fasane.

Det overordna styringsdokumentet blei vedtatt av fellesnemnda 24. august. Dokumentet blir jamnleg oppdatert.

pdfOverordna styringsdokument

Intensjonsavtalen

Ordførarane i dei fem kommunane signerte ein oppdatert intensjonsavtale 19. juni 2017.

Den overordna målsettinga med intensjonsavtalen er å sikre:

  • Gode og likeverdige tenester der folk bur, gitt av kompetente fagfolk.
  • Godt og vel fungerande lokaldemokrati, med lokalt engasjement og medverknad.
  • Ei samfunnsutvikling som realiserer muligheitene for at heile bu- og arbeidsregionen vert tatt i bruk, og som gir konkurransekraft til næringslivet.
  • Rettstryggleik og verdigheit i alle tenestene.

Her finn du den oppdaterte intensjonsavtalen som ordførarane signerte på styringsgruppemøtet 19. juni 2017:

1. Intensjonsavtale

Avtale mellom Ålesund kommune, Haram kommune, Sandøy kommune, Ørskog kommune og Skodje kommune er signert juni 2017. Dette er ei oppdatert utgåve av intensjonsavtalen inngått 15. juni 2016.

Denne avtalen bygger på intensjonsavtalen for regionkommunen Ålesund mars 2016, og har som formål å konkretisere denne. Der gjeldande avtaletekst i intensjonsavtalen for regionkommunen Ålesund står i konflikt med denne avtalen, vil teksten i denne avtalen vere gjeldande.

Denne avtalen har rom for fleire deltakande kommunar. Der teksten er spesifikk på geografi, prosjekt og økonomi vil desse vere førande for dei gjeldande partane. Avtaleteksten elles skal kunne gjelde for fleire deltakarar, og dei må finne sin veg inn i avtaleverket eller den prosess som fellesnemnda bestemmer. Dersom ein av avtalepartane ikkje blir med i den framtidige kommunen vil avtalespesifikke forhold for denne kommunen ikkje bli gjeldande.

Bakgrunnen for avtalen er at Stortinget har bedt kommunane tenke langsiktig, 30 år eller meir, og vurdere kommunestrukturen ut frå at det ikkje er samsvar mellom dagens kommunegrenser og den kvardagsregionen som innbyggarane er ein del av. Framtida vil sette sterkare krav til kommunane som samfunnsutviklar, tenesteprodusent og myndigheitsutøvar, og kommunane vil i åra framover få strammare økonomiske rammer for å utøve sine oppgåver.

Avtalen vart lagt fram for kommunestyret i kvar av kommunane til endeleg behandling i juni 2016 og vart då vedteken av Ålesund, Skodje og Sandøy. Etter oppdatering av tekst våren 2017 har alle fem kommunestyra behandla avtalen.

1.1 Overordna målsetting med intensjonsavtalen:

  • Sikre gode og likeverdige tenester der folk bur, gitt av kompetente fagfolk.
  • Eit godt og vel fungerande lokaldemokrati, med lokalt engasjement og medverknad.
  • Samfunnsutvikling som realiserer muligheitene for at heile bu- og arbeidsregionen vert tatt i bruk, og som gir konkurransekraft til næringslivet.
  • Rettstryggleik og verdigheit i alle tenestene.

2. Kommunenamn, symbol og målbruk

Namnet på den nye kommunen blir Ålesund.

Det blir laga nytt kommunevåpen og ordførarkjede.

Kommunevåpen for alle deltakarkommunane skal vise igjen i det nye ordførarkjedet.
Dette er ikkje til hinder for at Ålesund som by kan halde fram med å bruke sitt våpenmerke.*

Kommunen skal ha nynorsk som målform i tråd med reglar for målbruk, slik dei går fram av vedlegg til denne intensjonsavtalen.

Namnet på den nye kommunen blir Ålesund.

* Det skal utformast eit eige reglement for bruk av Ålesund by sitt våpenmerke som fellesnemnda skal vedta.

3. Visjon

Nye Ålesund kommune sin visjon er:

nasjonal slagkraft, regional attraktivitet, og lokal identitet.

Lokal identitet er eit fundament for mangfald og skaparkraft . Mangfald og skaparkraft gir attraktivitet. Attraktivitet gir tiltrekkingskraft .Tiltrekkingskraft gir nasjonal slagkraft.

Nye Ålesund kommune vil

  • vere sterkare motvekt mot sentralisering til dei store landsdelssentera (Oslo, Bergen, Trondheim mv.)
  • drive meir heilskapleg og overordna planlegging
  • få på plass framtids retta løysingar for samferdselsom vil binde regionen saman
  • ha større tyngde som pådrivar for å styrkje fors kings- og utda nningsinstitusjonane
  • arbeide strategisk som medspelar for å styrkje og utvikle næringslivet og nyskaping i regionen
  • få større kapasitet til å vere innovativ og tenkje strategisk for nyskaping
  • arbeide aktivt med å førebygge og handtere kriser og katastrofar
  • ta ansvar for nye oppgåver som krev spisskompetanse
  • utvikle kvaliteten på tenestene og servicen til innbyggarane
  • styrkje og utvikle mangfaldet i ku!turlivet
  • Ålesund by skal vere det urbane midtpunktet mellom Bergen og Trondheim

Vårt motto er:

Det vi skal,skal vi vere gode til. Det vi vil,skal vi tore å gjere noko med.

4. Prinsipp for samanslåingsprosessen

  • Kommunane som vil byggje nye Ålesund kommune, er likeverdige. Ein heilt ny kommune skal etablerast, bli drifta og vidareutvikla med utgangspunkt i dei tidlegare kommunane sin styrkje og særtrekk.
  • Samarbeidet om bygging av ein ny og framtidsretta kommune skal vere prega av likeverd, rausheit og forståing for kvarandre sin ståstad.
  • Lokal identitet og nærdemokrat i skal vere høgt prioritet.
  • Berekraft og nyskaping ska l ligge til grunn for utviklinga i den nye kommunen.
  • Så snart kommunane har fatta vedtak om samanslåing, skal det setjast ned ei fellesnemnd med eige mandat.

5. Organisering, arbeidsformer og digitalisering

Nye Ålesund kommune må bygge på framtidas modellar for arbeidsdeling og samhandling:

  • Den nye kommunen skal ha ein ny, effektiv og innovativ organisasjon. Dette skal styrke samhandling på tvers samtidig som ein tek vare på god forvaltningsskikk.
  • For å lukkast med dette må vi ha eit godt og tillitsbasert samspel med innbyggjarar, frivillige, næringsliv, administrasjon, tillitsvalde og politikk.
  • Utgreie modell som tek vare på dette skal starte så snart vedtak om samanslåing er fatta.
  • Utvikle ny politikarrolle og nye former for politikkutforming.
  • Tverrfagleg og nettverksbasert organisering av administrasjon og tenester.
  • Nettverk- og partnarskap med næringsliv og det frivillige.
  • Innbyggjarmedverknad i periodar mellom val.
  • Den nye kommunen skal vere ein føregangskommune i digitalisering og teknologibasert utvikling av tenestene.
  • Metodisk og systematisk bruk av ny teknologi som stimulerer til nye arbeidsformer, effektiviserer arbeidsmetodar, og intern så vel som ekstern kommunikasjon.

6. Mål

6.1 Samfunnsutvikling

6.1.1Mål:

Nye Ålesund kommune skal sikre ei samordna planlegging for utvikling av både by og omland. Kommunen skal vere i stand til å posisjonere Ålesund som by og regionen som attraktiv kvardagsregion for dagens og framtidas innbyggjarar. Vi skal ha ein klar strategi for å utvikle alle geografiske områder i den nye kommunen.

Ålesund sentrum/Moa og tettstadane Skodje, Sjøholt, Brattvåg og Steinshamn skal utviklast som attraktive møteplassar for handel, kultur og service. Dei andre grendene i kommunen må ha høve til både fortetting og tilgang på større tomter for bustadar.

Den nye kommunen skal nå opp i nasjonale prioriteringar i samferdselsprosjekt og kollektivløysingar som vil knyte heile kommunen saman.

Nye Ålesund kommune skal aktivt samarbeide med andre samfunnsaktørar ved å etablere ulike møteplassar og samarbeidsformer. Dette kan vere mellom offentleg sektor, næringsliv, frivillig sektor/sivilsamfunn og forskings- og utdanningsinstitusjonar for å gje gjennomslagskraft og byggje opp under næringsutvikling, verdiskaping og innovasjon.

Den nye kommunen skal vere i stand til å møte dei store utfordringane i samfunnet. Klima og stor variasjon i demografi og levekår er døme på utfordringar kommunen vil måtte handtere. Med bakgrunn i dette skal nye Ålesund prioritere følgjande strategiar:

  • Miljøstrategi i samsvar med det grøne skiftet.
  • Folkehelsestrategi i samsvar med dagens og framtida sine utfordringar om levekår.
  • Tenesteutviklings- og innovasjonsstrategi som møter framtida sine demografiske utfordringar.
  • Legge til rette for nyskaping i næringslivet.

6.1.2 Konkretisering

Kommunane bak intensjonsavtalen har kvar sine prioriterte prosjekt for å betre infrastrukturen i den nye kommunen. Samferdselsprosjekt som medverkar til å binde saman den nye kommunen, utvidar bu- og arbeidsmarknadsregionen og som sikrar drikkevasskjeldene, vil bli prioritert. Ein by-pakke som knyter byen og omlandet sterkare saman med gode kollektivløysingar vert avgjerande for å styrkje bu- og arbeidsmarknaden i heile den nye kommunen. Ei nærare prioritering av dei enkelte prosjekta må gjerast når ein ser kva kommunar som vel å gå saman.
 
Desse sambanda skal prioriterast (uprioritert rekkefølgje):

  • Børdalslina mellom Viset og Valgermo, som knyter Rv 650 saman med E39/136 på ein trafikksikker og tidsriktig måte.
  • E39/136 skal gå utanom Sjøholt sentrum.
  • Møreaksen, strekninga frå Vik i Vestnes til Ålesund sentrum.
  • Hamnsundsambandet.
  • Nordøyvegen.
  • Storfjordsambandet som inkluderer ny trasé frå Digernes til Magerholm.

Ingen grensejustering i Sandøy kommune:

Intensjonsavtalen for nye Ålesund kommune bygger på at det ikkje vert grensejustering i  tidlegare Sandøy kommune.

Andre prioriteringar (uprioritert rekkefølgje):

  • Etablere nasjonalhamn for marine og maritime næringar.
  • Ålesund lufthamn Vigra skal sikrast posisjon som hovudflyplass mellom Bergen og Trondheim.
  • Ålesund sjukehus er viktig for å sikre ei god og framtidsretta spesialisthelseteneste for innbyggjarane i Regionkommunen Ålesund. Samstundes er sjukehuset ein stor kompetansearbeidsplass som må ivaretakast og vidareutviklast som det største sjukehuset i fylket.
  • Campus Ålesund er eit sentralt kompetansemiljø for heile regionen og kommunen skal legge til rette for vidareutvikling.
  • Det skal leggast til rette for digital infrastruktur i heile kommunen.
  • Den nye kommunen skal ha ei tydeleg satsing på innovasjon og utvikling, og tydeleg næringspolitikk.
  • Den nye kommunen skal ha ei tydeleg satsing på næringspolitikk:
    • Det skal utarbeidast ny og offensiv næringsplan for heile kommunen.
    • Næringsklynger skal vidareutviklast og det skal leggast til rette for nye næringar.
    • «Haramsmodellen» for næringsutvikling skal vidareførast med utgangspunkt i kompetansemiljøet knytt til Haram Næring og Innovasjonsforum.
  • Den nye kommunen skal ha ei tydeleg satsing på offentleg innovasjon og utvikling
    • Det skal etablerast ei avdeling/fagmiljø for dette* i tilknyting til kunnskapsmiljøet på Norsk Maritimt kompetansesenter (NMK) og NTNU. Avdelinga skal arbeide med å utvikle innovasjonskultur i heile den nye kommunen. Dette omfattar mellom anna å etablere ein kultur for samhandling mellom tenesteområde, mellom politikk og administrasjon, mellom kommune og næringsliv, og mellom kommune og frivillige. Avdelinga skal ta mål av seg til å vere eit nasjonalt ressurssenter for innovasjon i offentleg sektor
  • Den nye kommunen skal ha eit effektivt samarbeid med alle relevante utviklings-, forsking- og fagmiljø.
  • Knutepunktstrategien som er omtalt i arealplanen i Ålesund kommunen skal også inkludere heile den nye kommunen så snart som råd.
  • Den nye kommunen bør prioritere å støtte utgreiing av eit bybaneprosjekt frå Ålesund sentrum til Digernes.
  • Det skal setjast konkrete mål for kollektivsatsing med milepelsplan.
  • Denne intensjonsavtalen skal legge føringar for alle kommunane sitt arbeid med nye kommuneplanar.
  • Det er viktig å vidareutvikle etablerte næringsområder, samstundes som plassering av nye næringar kan skje på nye næringsareal der dett er naturleg.
  • Digerneset skal prioriterast som knutepunkt for arealkrevjande næringsverksemd, offentleg verksemd, logistikk, kommunikasjon.
  • Kommunen skal ha ein aktiv næringspolitikk som også omfattar landbruket. Det betyr at vi skal arbeide for å sikre drivverdig landbruksjord med mål om å oppretthalde sjølvforsyninga av matproduksjon. I tillegg ønskjer kommunane (i samarbeid med m.a. landbruket) å stimulere til utvikling av besøksgardar som kan nyttast i samspel med tenester t.d. innan oppvekst, omsorg og turisme.
  • Det er viktig å utnytte kommunen sin strategiske posisjon på kysten og i etablerte næringscluster for t.d. turisme, maritim, marin og energinæring. Havrommet skal utviklast som ei større strategisk næring, der fagmiljø for havrommet og vindenergi etablerast i Sandøy, i nært samarbeid med forskingsinstitusjonar.
  • Kommunen skal leggje til rette for eit breitt spekter av turismeverksemd, konseptet agroturisme skal ein legge til rette for i samspel med anna reiseliv.
  • Den nye kommunen går inn for at vegtrasé for Møreaksen IKKJE skal gå gjennom Fylling og Svartløk-området då dette området delvis er verna våtmarksområde og skal avsettast til friluftsliv og rekreasjon for heile regionen.
    (Dette punktet har ein dissens med alternativ formulering – sjå fotnote** )
  • Den nye kommunen skal utfordre Fylkeskommunen til å opprette kollektivtilbod til flyplassen frå Digernes og Eidsvikeidet.
  • Styrke etablerte samband for å utvikle ein felles bu- og arbeidsmarknad, samt realisere kommunikasjonsløysingar mot kommunesenteret, offentlege tenester og sørvisfunksjonar.
  • Viktige servicefunksjonar skal vidareførast i Skodje, Ørskog, Haram og Sandøy, som t.d. i Sandøytunet i Steinshamn og Gomerhuset i Skodje. Folkebiblioteka skal vere lokale ressurs som sørvisorgan, folkeopplysnings-, demokrati- og debattarena.
  • Miljø- og berekraftperspektivet må vere førande for alle store tiltak i den nye kommunen. Særskilt vil ein peike på arbeidet med bypakken der deltakande kommunar skal prioriterast med utvikling av kollektivtilbod, gang og sykkelvegar.
  • Den nye kommunen vil stå samla om å påverke regionale og sentrale myndigheiter for å prioritere gang- og sykkelvegar langs fylkesvegar og riksvegar gjennom den nye kommunen.
  • Vidare vil ein arbeide for betre utbygging av ladestasjonar for el-bil , og hydrogenstasjonar i den nye kommunen.
  • Etablere gode landstraumløysingar for skip som ligg til kai.
  • Kommunen må sørgje for å gjere det enklare for innbyggjarane å ta omsyn til natur og miljø. Dette handlar om dei små og store vala vi tek kvar einaste dag – om vi skal ta bil eller sykkel til jobb, kva slags mat vi skal ete og korleis vi varmar opp husa våre og handsamar avfallet vårt.
  • Ålesund sentrum skal vidareutviklast som det urbane midtpunktet mellom Bergen og Trondheim, med blant anna ny «sørside».

* Det stod i opprinneleg tekst 15.6.16 at avdelinga skulle etablerast på Skodje. Stad er no endra. Endringa er avhengig av at avdelinga vert tilknytta kunnskapsmiljøet på NMK og NTNU, og at tidlegare Skodje kommune skal vere lokaliseringsstad for andre fellesfunksjonar, jf. pkt. 6.2.2.

** Dissens – alternativ formulering:
Den nye kommunen går inn for at Fylling og Svartløk-området, som delvis er verna våtmarksområde, skal avsettast til friluftsliv og rekreasjon for heile regionen.
10 av 24 representantar i styringsgruppa støttar dissensen, og 14 representantar av støttar opprinneleg tekst.

6.2 Tenesteyting og utøving av mynde

6.2.1Mål

Målet med nye Ålesund kommune er å skape ein sterk organisasjon for å utvikle regionen - i samspel med næringslivet, frivillig sektor, forskings- og utdanningsinstitusjonar, og andre offentlege instansar - inn i framtida.

Både tettstadar og bygder skal ta del og finne sin plass i ei heilskapleg utvikling.

Den nye kommunen vil vere ein stor arbeidsplass der dei aller fleste har sitt arbeid spreidd på ulike stadar som i dag. Dei kommunale tenestene og dermed arbeidsplassane skal vere nær brukarane, samtidig som dei tilsette vil vere del av eit større og meir robust fagmiljø med spesialiserte tenester tilgjengelege.

Organiseringa av kommunen skal gje vinstar gjennom å arbeide effektivt. Det vi sparar her skal gå til å auke kvantiteten og kvaliteten i tenestene.

Den nye kommunen skal arbeide aktivt for å få nye statlege og andre offentlege kompetansearbeidsplassar.

Nye Ålesund kommune skal ta vare på innbyggjarane sin rettstryggleik med:

  • Kompetent og profesjonell sakshandsaming i alle tenester og i alle ledd.
  • Tverrfagleg samhandling mellom fagprofesjonar som sikrar rett teneste til rett tid.
  • Ei open og gjennomsiktig sakshandsaming med høg etisk standard som tar vare på god forvaltningsskikk.

6.2.2 Konkretisering

  • Rådhuset skal vere i Ålesund sentrum. Her skal den strategiske leiinga plasserast med ordførar, rådmann, overordna plan-, strategi- og utviklingsorgan, samt andre stabsfunksjonar som bør ligge nær ordføraren og rådmannen.
  • Basistenestene skal i hovudsak vere lokalisert slik dei er i dag ( t.d. skule, SFO, barnehage, institusjonsplass for eldre). Det er ei målsetjing om å kunne gi tilbod lokalt, eventuelt gjennom mobile løysingar, også innan tenester som t.d. jordmor og helsesøsterteneste, psykiatrisk helse, demens- og palliativ omsorg.
  • Den nye kommunen skal fordele ansvaret for spesialiserte fagmiljø, som ikkje er stadbundne, mellom dei tidlegare kommunesentra. Dette bidreg til å samle dei enkelte fagmiljøa samstundes som alle kommunedelsentra får viktige kompetansearbeidsplassar og eit ansvar dei forvaltar for heile kommunen.
  • Satsinga på digitale løysingar skal aukast for å gje innbyggjarane raskare og betre tilgang på tenester som ikkje krev nærleik. Eksisterande struktur i e-kommune skal vidareutviklast i møte med dette behovet.
  • Det må utarbeidast ein ny beredskapsplan som tek høgde for samfunnstryggleik og beredskapsorganisering.

Det ligg naturleg til fellesnemnda, i samarbeid med rådmann/prosjektleiar for den nye kommunen, å konkretisere dette nærare.

6.3 Demokrati

6.3.1 Mål

Den politiske organiseringa i kommunen skal sikre både heilskapleg planlegging for regional slagkraft og lokal medverknad på kommunedelnivå.

Nye Ålesund kommune skal sikre levande lokaldemokrati basert på ei vid forståing av demokratiomgrepet og gjennom utprøving av nye former for medverknad.

Den nye kommunen skal ha særleg fokus på digitale plattformer som hjelpemiddel i å la innbyggjarane medverke. Det skal utgreiast konkrete løysingar for e-demokrati i den nye kommunen.

6.3.2 Konkretisering

Kommunestyret er det overordna politiske organet i kommunen og kan ha inntil 77 medlemer. Styringsgruppa skal gi innstilling om talet på representantar i det nye kommunestyret på bakgrunn av sakhandsaming i dei fem kommunestyra. Talet på representantar vert vedteke i fem kommunestyremøter 21. juni etter fylkesmannen sitt drøftingsmøte med kommunestyra same dag, jf. § 25 i inndelingslova.

Den nye kommunen skal vere organisert etter formannskapsmodellen.

Intensjonsavtalen opnar for at det kan vere formålstenleg med hovudutval/komitear/utval på overordna politisk nivå som i hovudsak får gjennomgåande representasjon. Dette er fundamentert i tanken om å sikre likeverdige tenester og ei samordning av fagmiljø. Dersom vi skal ha hovudutval må dette organiserast på same måten som strukturen i den nye administrasjonen. Dette for å sikre god samordning mellom politikk og administrasjon. Dette er ei sak fellesnemnda får i oppgåve å utgreie nærare.

For å styrke nærdemokratiet og mellomvalsmedverknad vil den nye kommunen ha kommunedelutval med heimel i kommunelova §12.

  • Utvala er folkevalde organ vald ved direkte val (kommunelova § 12 nr. 2).
  • Kvart utval kan ha inntil 15 medlemer. Talet blir tilpassa innbyggjartalet i kommunedelen.
  • Kommunedelutvala må sikrast tilstrekkeleg administrasjon.
  • Kvart utval dekkjer kvart sitt geografiske område som i utgangspunktet svarar til dei gamle kommunegrensene, med unntak av Ålesund og Haram, der det kan bli aktuelt med fleire utval.
  • Fellesnemnda får mandat til å justere modellen basert på konkrete erfaringar frå andre kommunar og andre faglege innspel, med utgangspunkt i dei overordna prinsippa for nærdemokrati.
  • Fellesnemnda må og utarbeide framlegg til struktur for korleis eldreråd, ungdomsråd og råd for menneske med nedsett funksjonsevne skal organiserast på overordna nivå.

Kommunedelutvala skal ha slik funksjon, oppgåver og mynde:

  • Utvala skal vere spesielt retta mot lokalsamfunnsutvikling, i tillegg til å vere initierande og rådgjevande organ overfor kommunestyret. Det skal ha vedtaksmynde på definerte område som vedkjem det geografiske området som kommunedelutvalet representerer.
  • Utvala skal ha delegert mynde og budsjettansvar på avgrensa område som gjeld kommunedelen.
  • Utvala skal ha rett til å gje tilråding til vedtak til overordna politiske organ (formannskap, kommunestyre og/eller eventuelt andre utval på kommunenivå) i plansaker og andre saker der vedtaksmynde ikkje er delegert til utvalet, men som vedkjem kommunedelen.
  • Utvala skal ha uttalerett og vere høyringsinstans i plansaker, budsjett- og andre saker som vedkjem heile kommunen.
  • Kommunedelutval bør minimum ha følgjande oppgåver:
    • Kultur
    • Idrett
    • Kulturpris og andre prisar
    • Innbyggjarinvolvering ved idédugnad og andre kreative metodar
    • Markering av lokale og nasjonale merkedagar og jubileum, t.d. 17. mai.
    • Kunne legge føringar for bruk av næringsfond.
  • Utvala skal ha som oppgåve å ta initiativ til utvikling av lokalmiljøet og medverknad i saker av interesse for kommunedelen.
  • Kommunedelane skal sjølve etablere ulike lokale nærdemokratiordningar for dialog med innbyggjarane på område som ikkje er tatt vare på gjennom lovfesta organ (eldreråd, samarbeidsutval mm.).

Fellesnemnda får i oppgåve å konkretisere korleis den folkevalde og administrativ organiseringa skal sikre lokaldemokratiet og dei lovbestemte rettane til medverknad, og korleis det kan bli lagt til rette for at politikarane får gode arbeidstilhøve for å sikre lokaldemokratiet.

Det er løyvd prosjektmidlar frå Fylkesmannen til revitalisering og utvikling av lokaldemokratimodellar, og e-demokrati, der medverknad frå innbyggarar og næringsliv står sentral. Nye Ålesund kommune skal delta og bidra i dei to demokratiprosjekta som ressurs.

Fellesnemnda får i oppgåve å vurdere etablering av eit bindeledd/koordinator mellom kommunedelutvala og kommuneleiinga, både politisk og administrativ. Det vil kunne vere ei viktig brikke i styrkinga av nærdemokratiet.

6.4 Økonomi

6.4.1 Mål

Nye Ålesund kommune skal ha ein robust og berekraftig økonomi. Kommunen må sikre seg eit forsvarlig økonomisk handlingsrom for å sikre gode tenester til innbyggjarane.

Vinstane som vi får realisert i den nye kommunen skal gå til å styrke tenestene og realisere visjonen for den nye kommunen. Lånegjelda skal vere på eit forsvarleg nivå og kommunen skal ha ei målsetting om å betale ned på gjeld i tråd med avskrivingar. Kommunen skal ha eit tilstrekkeleg stort disposisjonsfond for å kunne handtere uføresette utgifter.

6.4.2 Konkretisering

  • Kommunane skal legge til rette for heilskapleg planlegging på økonomiområdet som tek omsyn til kommunale planer gjeldande frå 2017 til 2020.
  • Alt frå hausten 2017 skal ein starte å nærme seg ein felles økonomiplanprosess med blikk for å bygge ein felles kommune. Investeringsprosjekt som allereie er innarbeida i dei tidligare kommunane sine økonomiplanar skal prioriterast i den nye kommunen sine budsjett- og økonomiplanar. Det er ein føresetnad at prosjekta er nøkterne og fullfinansierte i balansert budsjett eller økonomiplan.
  • Prinsippet er at alle kommunane går inn med alle eigendelar og all gjeld.
  • Samordninga nemnt ovanfor er eit ansvar som ligg til fellesnemnda å koordinere.
  • Mål for økonomistyring* i den nye kommunen innan 2024:
    • Brutto driftsresultat: 3 %.
    • Lånegjeld: 75 % av brutto driftsinntekt.
    • Disposisjonsfond: 6 % av brutto driftsinntekt.
    • Investeringseigenfinansiering: 10%.
  • Arbeidet med å oppnå måla skal ha høg prioritet.
  • Den samla økonomien i den nye kommunen må vere styrande for samla avgiftsnivå.
  • Prinsipp for hamneavgifter i Sandøy blir vidareført for Sandøy kommunedel, på eksisterande kaier.

* Intensjonsavtalen har lagt seg på anbefalt norm frå Kommunenes Sentralforbund knytt til god økonomiforvaltning. Det vidare arbeidet bør vere i samsvar med tilrådingane til KS.

 6.4.3 Økonomisk stønad til reformprosjektet

Reformstøtte utgjer 30 mill. utbetalt i 2020, og tilskot til eingongskostnad 60 mill. (ved 5 kommunar) utbetalt i 2017. I tillegg kjem midlar til ei prosjektstilling, truleg regionsentertilskot, samt tilskot til infrastruktur og anna etter søknad.

Ein er einige om at deler av tilskota skal brukast til å bygge ut fiber* for inntil  30 mill. i alle delar av den nye kommunen der dette ikkje er kommersielt lønnsamt. Beløpet vert justert når ein har meir detaljert kostnadsoversikt.

  • Sjå fotnote **

*I eit fåtal unntak anna breibandløysing.

** I opprinneleg avtale 15.6.16 stod to kulepunkt: Eigenandel i ny Skodje barneskule: 15 mill. NOK og Gang- og sykkelstiar og relevante anlegg på Steinshamn: 5 mill. NOK. Skodje kommune og Sandøy kommune kan akseptere at midlar sett av til investering til desse formåla kan disponerast til andre formål som ikkje kan lånefinansierast, på det vilkår at dei andre kommunane og fellesnemnda ikkje kjem med innvendingar mot at desse to kommunane gjennomfører desse investeringane.

6.5 Kommunen som arbeidsgjevar

6.5.1 Mål

Kommunen skal ha ein personalpolitikk som

  • stimulerer til eit tillitsfullt samarbeid om å styrkje effektivitet, innovasjon og kvalitet i oppgåvene, og trivsel på arbeidsplassen.
  • gir kompetanseutvikling, fagleg og personleg, med vekt på å tenke og handle innovativt i samarbeid med andre for å bidra til auka effekt for innbyggarane og samfunnet.
  • legg vekt på utvikling av eit godt tre-partsamarbeid - eit tett samarbeid mellom politikarar, administrativ leiing og fagforeiningar, for å utvikle dei kommunale tenestene.

6.5.2 Konkretisering

Kommunesamanslåingsprosessen skal ta vare på dei tilsette på ein god måte. Kommunen har eit stort behov for arbeidskraft og kompetanse. Det skal leggjast til rette slik at tilsette ønskjer å fortsetje i den nye kommunen.

I overgangen frå gamaI til ny kommune vil følgjande gjelde:

  • Alle tilsette sine noverande rettar vil vere sikra i samsvar med lov og avtaleverk. Ingen skal seiast opp som direkte konsekvens av kommunereforma.
  • Alle tilsette vil få tilbod om stilling i tilsvarande storleik og tidsperiode som vedkomande alt har avtale om.
  • Den som blir overtalig vil få tilbod om anna arbeid ein annan stad i kommunen,eller tilbod om tiltak som kan stimulere til alternative løysingar.
  • Tilsette vil framleis vere sikra pensjonsordning.
  • Lønsskilnader mellom dei gamle kommunane vil bli harmonisert over tid.

Det blir oppretta eit partssamansett utval for handsaming av saker som gjeld forholdet mellom den nye kommunen som arbeidsgjevar og dei tilsette, jf. kommunelova § 25,inndelingslova § 26 og Hovudavtalen.

7. Interkommunalt samarbeid

Eitt av måla med å gå saman om å etablere ein ny kommune er at den nye kommunen skal kunne ta på seg oppgåvene på eiga hand utan interkommunalt samarbeid. På den måten får kommunen betre styring over den enkelte tenesta og kan lettare drive samordning på tvers av tenestene.

Ein ny kommune blir ei ny juridisk eining, noverande kommunar opphøyrer som juridiske einingar. Dette betyr at inngåtte avtalar med noverande kommunar blir ugyldige frå det tidspunkt den nye kommunen blir operativ. Dette gjeld både interkommunale samarbeidsavtalar og innkjøpsavtalar. Dei interkommunale samarbeidsavtalane kan altså ikkje førast vidare slik dei er i dag, men må eventuelt inngåast på nytt av den nye kommunen.*

Overgangen til ein ny kommune krev at behovet for vidare interkommunalt samarbeid blir grundig vurdert. Det vil bli aktuelt å seie opp eller oppløyse eksisterande interkommunale samarbeidsordningar. Oppseiing inneber at kommunen trekkjer seg frå samarbeidet. l så fall må dei andre kommunane inngå ny avtale som tek omsyn til endringa i partsforholdet. Oppløysing inneber at heile samarbeidet blir avvikla.

Fellesnemnda får i oppgåve å vurdere kva samarbeid det er ønskjeleg eller nødvendig for den nye kommunen å inngå i.

* Dette er omtalt i utgreiingsrapport frå KS advokatane mai 2016: «Selskaper og kommunereformen. Endringer i kommunestrukturen – konsekvenser for selskaper med kommunalt eierskap, samvirkeforetak og stiftelser»

8. Harmonisering

Lokale forskrifter og vedtekter (f eks politivedtekter, opningstidsvedtekter, vedtekter for sal- og skjenketider etter alkohollova, vedtekter etter plan- og bygningslova, vedtak om hamneavgift,satsar for eigedomsskatt og andre betalings- og avgiftsregulativ, lokale fiske- og jaktforskrifter, og avfallsforskrifter) gjeld framleis for vedkomande område inntil dei blir endra av kommunestyret i den nye kommunen.

Arealplanar som er vedtatt etter reglane i pan- og bygningslova v il framleis gjelde. For andre planvedtak kan departementet fastsette mellom anna fristar for revisjon av planvedtaka.

Statlege avgiftssatsar som gjeld regionvis, f eks arbeidsgjevaravgift, vilgjelde som før inntil Stortinget eventuelt vedtar endringar.

Teneste- og avgiftsnivået skal harmoniserast. Dette arbeidet må starte raskt.

9. Fellesnemnd

Etter Stortingsvedtak om kommunestruktur i juni 2017 skal det setjast ned ei fellesnemnd med 5 representantar med vara frå kvar kommune. Mandat/reglement for fellesnemnda vert vedteke i kommunestyra i juni 2017. Fellesnemnda får mandat og oppgåver forankra i §26 i inndelingslova. l tillegg får dei det formelle ansvaret med å førebu den nye kommunen i samsvar med føringane i intensjonsavtalen. Nemnda disponerer blant anna eingongsstønaden frå staten i samband med kommunereforma, og skal tilsette rådmann/prosjektleiar for den nye kommunen.

  • Så snart vedtaka er gjort i kommunane skal ei fellesnemnd planlegge samanslåingsprosessen og organisere denne.
  • Fellesnemnda skal starte arbeidet med å harmonisere dei kommunale planverka, i tillegg til punkta i intensjonsavtalen, til eit felles planverk.
  • Fellesnemnda skal vere styringsgruppe for utviklingsprosjekt som vert sett i verk som ein del av samanslåingsprosessen, t.d. demokrati, innovasjon, digitaliseringsprosjekt, generell organisasjonsutvikling osb.
  • Utarbeide handlingsreglar for økonomistyring, samt uttale seg om investeringar, bruk av fond og låneopptak i kommunane.
  • Fellesnemnda må ha mandat til å styre investeringar mot felles mål og bidra til felles økonomiske mål og samkøyre planprosessar. Dette må skje i overgangsfasen: 2017-2020.

10. Partsamansett utval

Det skal etablerast eit partsamansett utval for samanslåingsprosessen etter Inndelingslova §26, 2.ledd, med representantar frå tilsette og arbeidsgjevar frå kvar av kommunane. Arbeidsgjevar sine representantar i partsamansett utval for samanslåingsprosessen skal veljast blant fellesnemnda sine medlemmar, og skal utgjere eit fleirtal av medlemmane i utvalet. Tilsettrepresentantar vert valt av tillitsvalde i kommunane.* Ein representant for vernetenesta i kommunane møter med tale- og forslagsrett.

Utvalet skal handsame saker som gjeld forholdet mellom den nye kommunen som arbeidsgjevar og tilsette, jamfør Kommunelova §25, Inndelingslova §26 og Hovudavtalen. Utvalet skal gi uttale i saker som vedkjem overordna personalpolitiske spørsmål, retningsliner og planar i samband med kommunesamanslåinga.

Det skal etablerast eit partsamansett utval for samanslåingsprosessen med representantar frå tilsette og arbeidsgjevar frå kvar av kommunane. Arbeidsgjevar sine representantar i partsamansett utval for samanslåingsprosessen skal veljast blant fellesnemnda sine medlemmer, og skal utgjere eit fleirtal av medlemmane i det partsamansette utvalet.

* Kor mange tillitsvalde som skal inngå i partssamansett utval må drøftast med dei tillitsvalde.

11. Involvering og informasjon

Fellesnemnda skal utarbeide ein kommunikasjonsstrategi for god informasjonsflyt til kommunestyra og innbyggarane. Denne skal innehaIde informasjon om fellesnemnda sitt arbeid og korleis kommunestyra og innbyggarane kan involverast i arbeidet i tida fram mot den nye kommunen trer i kraft 1.januar 2020.

Vedlegg

Reglar for målbruk i nye Ålesund kommune

1. Nye Ålesund kommune krev, med heimel i mållova § 5, første ledd,nynorsk som skriv frå statsorgan til kommunen.

2. Kommunen skal bruke nynorsk i utforminga av:

a. Internett- og intra nettsidene

b. Informasjonsmateriell og kunngjeringar (annonsering)

c. Lokale forskrifter ,reglement og retningsliner

d. Protokollar og saksutgreiing frå møter i folkevalde og administrative organ,j f. likevel pkt. 4 nedanfor.

3. Skriftleg forslag til vedtak som blir fremja i møte nemnt i pkt. 2d ovanfor,skal førast inn i protokollen på den målforma forslaget er skrive på.

4. Kommunen sine organ skal svare på skriv frå private rettssubjekt i den målforma som er nytta i skrivet, til liks med statsorgan slik det går fram av mållova § 6. Dersom kommunen ikkje kjenner språkønsket til vedkomande, gjeld regelen i pkt. 6 nedanfor.

5. Tilsette kan nytte bokmål i sitt daglege arbeid, til dømes referat, notat og rapportar, samt skriv til innbyggarane og andre der det ikkje er krav til ei bestemt målform.

6. Grunnskular held fram med den målforma dei har på det tidspunktet nye Ålesund kommune trer i kraft, og fram til kommunestyret vedtek noko anna etter reglane i opplæringslova.

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.