Organisasjonsmodell

Å danne nye Ålesund kommune er ein stor jobb som krev arbeid på mange forskjellige område. Fellesnemnda og arbeidsutvalet er allereie i gang med arbeidet og fleire av delprosjekta er også i gang. Dei første prosjekta som blir prioriterte, er dei som har betydning for korleis den nye kommunen skal organiserast. Det gjeld til dømes dei gruppene som er merka delprosjekt i figuren under. Seinare vil grupper som arbeider med tenestene komme i gang - slik som skule, barnehage, tekniske tenester osb.

Organisasjonskart for prosjektet med å danne nye Ålesund kommune:

 

prosjektorganisasjon november 2017 4

Delprosjekt A1 - 10

Desse delprosjekta har anten eit gjennomgåande eller samordnande ansvar i prosjektet:

  • A1 Personal og omstilling
  • A2 Kommunikasjon
  • A3 Planstrategi og plansamordning
  • A4 Digitalisering og IKT
  • A5 Arkiv og dokumenthandtering
  • A6 Økonomi
  • A7 Innkjøp
  • A8 Matrikkel, kart og oppmåling
  • A9 Vann, avløp og renovasjon (ikkje overordna ansvar i prosjektet)
  • A10 Administrativ organisering - kartlegging (2017)/Administrativ organisering - beslutning (2018)

Tenesteområde

Prosjektet vil begynne arbeidet med å kartlegge og koordinere tenesteområda T1 - 5 tidleg i  2018.

Den førebelse inndelinga i prosjektet for tenesteområde ser slik ut:

  • T1 Barn og unge
  • T2 Helse, sosial og omsorg
  • T3 Eigedomsforvaltning, miljø og samferdsel
  • T4 Kultur, by- og stadsutvikling
  • T5 Beredskap

NB! Denne inndelinga er ikkje ein del av det endelege organisasjonskartet for den nye kommunen, men beskriv korleis prosjektet arbeider saman i grupper i 2018. Den endelege administrative organiseringa av nye Ålesund blir klart i løpet av 2018 og kan sjå annerleis ut enn inndelinga i tenesteområde i prosjektet.

 

 

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.