Velferdsteknologi

Nye Ålesund skal vere ein føregangskommune når det gjeld digitalisering og teknologibaserte løysingar. Det er fordi kommunen ønsker å gi innbyggarane raske og effektive tenester som er tilpassa behovet deira.

Velferdsteknologi gjeld òg dei som treng hjelp til å klare seg i kvardagen sin. Dei skal ha like stor rett som andre til å ta del i den utviklinga som skjer i samfunnet vårt og dei nye moglegheitene som blir tilgjengelege.  Vi arbeider no med å tilpasse og utvikle tenestene i kommunane til ei framtid med ein aukende del både yngre og eldre som har behov for samansette tenester. Dette gjer det naudsynt å tenke nytt og innovativt både av innbyggarane og av kommunen:

  • Innbyggarane kan sjølv planlegge og legge til rette for alderdommen. Ved behov kan det søkast om støtte til ombyggingar og tiltak i heimen.  
  • Kommunen skal passe på at dei menneskelege ressursane blir brukt til å gi omsorg og ikkje til oppgåver som kan gjerast meir effektivt ved hjelp av  teknologi og digitale løysingar.   

Velferdsteknologi er ein viktig del av digitaliseringa av helse- og omsorgstenestene. Innføringa av desse teknologiane vil medføre endringar i tenestene til dei aller svakaste i samfunnet vårt. Dette arbeidet må skje på ein trygg og god måte der ein tar omsyn til sikkerheit, personvern og brukarane sine ønsker og behov. 

Nye Ålesund er med i det nasjonale velferdsteknologiprogrammet for å gjere dette arbeidet så godt som mogleg. Dette programmet er i regi av Helsedirektoratet, Direktoratet for e-helse og KS (kommunanes interesseorganisasjon). Målet for programmet er at velferdsteknologi skal vere ein naturleg del av helse- og omsorgstenestene innan 2020. Kommunane som er med i programmet, er sikra tilgang til erfaringar frå andre kommunar, rettleiing frå myndigheitene og kompetanse frå innleidde konsulentselskap.

 

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.