Partnarskap innan innovasjon

Nye Ålesund har inngått samarbeidsavtalar og partnarskap med ÅKP og Blue Innovation Arena, NExTdigital og NTNU.

Den nye kommunen har høge ambisjonar om å byggje ein sterk innovasjonskultur. Skal vi nå måla med kommunereforma må vi fornye eller lage noko nytt som skaper verdi for samfunnet og  innbyggarane.
Nye Ålesund er overtydd om at eit tverrfagleg samarbeid med andre samfunnsaktørar vil styrke den nye kommunen. Ein viktig del av innovasjonsstrategien er nettopp å etablere partnarskap med samfunnsaktørar som er interesserte i å dele sin kompetanse og i å bygge systematisk nettverkssamarbeid.

Både arenaene og nettverka vil på mange måtar utfordre kommunen si tradisjonelle rolle som myndigheitsutøvar og tenesteleverandør. I tillegg til å ivareta gode tenester, må kommunen gjennom partnarskapet innføre arbeidsformer som er eksperimentande og der løysinga ikkje er kjend på førehand. Dette gler vi oss til å setje i system saman med våre nye samarbeidspartar.

 

 

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.