Helseplattformen

Nye Ålesund deltar i det felles prosjektet Helseplattformen.

Prosjektet skal anskaffe og innføre ny, felles pasientjournal (PAS/EPJ) ved sjukehus og kommunar i heile Midt-Norge. Journalen set pasienten i sentrum på alle nivå i helsetenesta.

Helseplattformen eigast av Helse Midt-Norge og Trondheim kommune. Alle kommunane i Møre og Romsdal og Trøndelag er med via opsjonsavtalar. Midt-Norge er utprøvingsregion for det nasjonale målet «Én innbygger – én journal». For meir informasjon trykk på lenka til faktaark og vegkart  Det er berre i Midt-Norge at ein får det same systemet både i spesialist- og primærhelsetenesta. 

Nye Ålesund kommune deltar i prosjektet på tvers av alle kommunane på Nordre Sunnmøre. Kvar av kommunane er representert i ei lokal arbeidsgruppe saman med representant frå dei tillitsvalte og IT. Denne arbeidsgruppa blir leia av Therese Hoel som også representerer Nordre Sunnmøre i den regionale arbeidsgruppasom jobbar tett opp mot Trondheim kommune.

Prosjektdeltakinga vil krevje intern prioritering av ressursar i helse- og omsorgstenesta i den perioden prosjektet pågår. Det er ikkje forventa direkte økonomiske konsekvensar for kommunane med sjølve prosjektet i 2019, Dei utgiftene er føresett dekt av eksterne midlar (skjønnstilskot frå Fylkesmannen). Deltaking i dette prosjektet gir ingen forpliktingar til å utløyse opsjonen på kjøp av Helseplattformen.

Meir informasjon får du på nettsida helseplattformen.no eller ved å ta kontakt med prosjektleiar Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den..

Vedtak i fellesnemnda gjort 14. februar 2019.

Framdrift

Her finn du nyheiter om framdrifta i prosjektet.

2019

Meir om Helseplattformen (lenker)

Overordna tidslinje

Tidslinje overordnet

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.