Politiske komitear

Grupper med politiske representantar som blir oppretta i prosjektperioden for nye Ålesund, er å forstå som komitear etter kommunelova § 10 pkt. 5. Dette inneber at:

Gruppesamansetjinga i komiteane skal vere i kjønnsbalanse i samsvar med reglane i kommunelova §§ 36 -38a.

Det vil seie:

  • Val av 2 eller 3 medlemmer: kvart kjønn skal vere representert.
  • Val av 4 eller 5 medlemmer: kvart kjønn skal vere representert med to.
  • Val av 6 -8 medlemmer: kvart kjønn skal vere representert med tre.
  • Val av 9 medlemmer: kvart kjønn skal vere representert med fire.
  • Fleire enn 9 medlemmer: kvart kjønn skal vere representert med minst 40 %.

Viser det seg at eit kjønn vil få færre representantar enn det som følger av kommunelova § 36 nr. 2 skal det underrepresenterte kjønn settast inn i det omfang som er naudsynt for å oppnå slik balanse.

Sakshandsamingsreglane i kommunelovas kapittel 6 vil gjelde for komiteane som er å sjå som folkevalde organ på grunn av den politiske deltakinga. Komiteane følger møtereglementet som fellesnemnda har vedtatt.

Kommunevåpen og ordførarkjede

Kommunevåpen og ordførarkjede

Fellesnemnda har vedtatt å opprette ein politisk komité for å utabeide forslag til nytt kommunevåpen og nytt ordførarkjede for nye Ålesund. Komiteen må legge opp arbeidet slik at dei nye symbola kan takast i bruk så snart som råd etter samanslåingstidspunktet 1. januar 2020.

Komiteen skal bestå av ein politisk representant og ein vararepresentant frå kvar kommune. Komiteen blir tilknytt fagleg og administrativ støtte.

Prosessen vil ta tid fordi den mellom anna inneber:

1. Arbeid med å utforme forslag, her under:

  • Involvering av profesjonell intern og ekstern kompetanse, KMD tilrår at ein gjer seg nytte av kompetente rådgjevarar.
  • Politisk involvering/involvering av dei einskilde kommunestyra, evt. også involvering av innbyggjarar.

2. Avklaringsprosess med Arkivverket og Patentstyret.
3. Førebu vedtak til det nye kommunestyret trer saman (fellesnemnda har ikkje vedtaksmynde). Det nye kommunestyret bør vedta dette i konstituerande møte.

Her er Kommunal og moderniseringsdepartementets råd til kommunane når det gjeld val av kommunevåpen.

Deltakarar

  • Vebjørn Krogsæter (Sp) - Haram (leiar)
  • Janet Roelofs (Sp) - Ørskog (nestleiar)
  • Terje Vadset (FrP) - Skodje
  • Lodvar Hogne Espeland (Ap) - Sandøy
  • Monica Molvær (H) - Ålesund
  • Christine Rørvik - kommunikasjonsfagleg ressurs

Varamedlemmer:

  • Ewa Hildre (H) - Haram
  • Knut Harstad (H) - Ørskog
  • Karoline Stette (Sp) - Skodje
  • Lena Husøy (Ap) - Sandøy
  • Sindre Nakken (Ap) - Ålesund

Møte

Intensjonsavtalen mellom kommunane i nye Ålesund skriv:

"Det blir laga nytt kommunevåpen og ordførarkjede. Kommunevåpen for alle deltakarkommunanen skal vise igjen i det nye ordførarkjedet. Dette er ikkje til hinder får at Ålesund som by kan halde fram med å bruke sitt våpenmerke.

Fotnote: Det skal utformast eit eige reglement for bruk av Ålesund bys sitt våpenmerke som fellesnemnda skal vedta."

Interkommunale samarbeid

Interkommunale samarbeid

Ei eiga gruppe har kartlagt dei interkommunale samarbeida i den nye kommunen i rapporten pdfHopehav. I tråd med intensjonsavtalen og fordi den nye kommunen blir eit nytt juridisk subjekt, må alle interkommunale samarbeid vurderast.

Dei fem kommunane som frå 2020 utgjer nye Ålesund kommune, deltek i dag i svært omfattande interkommunalt samarbeid. Eitt av måla med kommunereforma er å redusere behovet for slikt samarbeid slik at kommunen kan få sterkare styring og kontroll – politisk og administrativt – over dei tenestene kommunen har plikt til å gi sine innbyggarar og det forvaltningsansvaret  som er lagt til kommunen. Desse oppgåvene har kommunen ansvaret for uavhengig av kven som utfører dei på kommunens vegne.

Deltakarar

  • Sandøy: Oddvar Myklebust, leiar
  • Ørskog: Frode Andresen, nestleiar
  • Haram: Haldor Lillebø
  • Skodje: Kjell Haukeberg
  • Ålesund: Svein Rune Johannessen
  • Tillitsvaldrepresentant:  Frode Nordstrand
  • Hovudverneombod: Stig Meisal (Skodje)
  • Delprosjektsekretær: Tore Hals

Møte

Mandat

  • Alle skriftlege avtalar om interkommunalt samarbeid som i dag er inngått, blir ugyldige frå og med det tidspunktet den nye kommunen er operativ (01.01.2020).
  • Pkt. 1 betyr at avtalane må anten bli inngått på nytt, med eller utan endring, eller seiast opp. Nye avtalar må vere signert av partane før 01.01.2020. Oppseiing av avtalar inneber overføring av oppgåvene til den nye kommunen.
  • Effektmålet med delprosjekt P3 er å få fram grunnlaget for å kunne realisere pkt. 2, dvs.
    • kva avtalar som bør førast vidare utan endring anna enn nye juridiske partar,
    • kva avtalar som bør førast vidare med endringar, og
    • kva avtalar som bør bli sagt opp.

Det er definert følgjande foreløpige resultatmål for dette delprosjektet:
1.    Gi grunnlag for å utforme deltakarstrategien for det interkommunale samarbeidet.
2.    Gi grunnlag for å utarbeide prosedyrar og rutinar for god rapportering frå og kontroll tenestene som blir ytt gjennom det interkommunale samarbeidet.
3.    Gi grunnlag for tidleg avklaring for kva samarbeid som bør bli sagt opp slik at det blir rimeleg god tid til å avklare korleis oppgåvene skal bli gjennomført av ny kommune i eigen regi.

pdfFullstendig mandat delprosjekt P3 Interkommunale samarbeid.pdf

 

 

 

Kulturbygging og verdiar

Kulturbygging og verdiar

Intensjonavtalen

Kultur er eit vidt omgrep som blir brukt i ei rekke ulike samanhengar, og med ulike definisjonar. Dei fleste forklaringar om kva kultur er omhandlar tanke-, kommunikasjons- og atferdsmønstre hjå menneske. Når det gjeld kommunesamanslåing, vil kulturomgrepet vere relevant både i forhold til dei tilsette (organisasjonskultur), politikarar (politisk kultur) og blant innbyggjarane.

Deltakarar

  • Haram: Kathrine Pernille Beite, HR-rådgjevar
  • Sandøy: Tone Gandrudbakken
  • Skodje: Malin Piegsa, Personalsjef (administrativ tilretteleggar)
  • Ørskog: Hilde Sørdal, Kommunalsjef
  • Ålesund: Ingvild Vartdal, Rådgjevar personal og organisering
  • Nye Ålesund: Mads Solberg, demokratirådgjevar, tiltrer gruppa
  • Fagforeiningsrepr.: Lindis Dalebø, Fagforbundet (Ålesund)
  • HVO: Lars Marius Rindal 

Politiske representantar:  

  • Haram:  Ewa Hildre
  • Sandøy: Hildegard Maier   
  • Skodje: Dag Olav Tennfjord, ordførar (nestleiar i gruppa), vara: Kari Grindvik
  • Ørskog: Geir Peter Aure
  • Ålesund: Tore Johan Øvstebø, varaordførar (politisk leiar i gruppa)

Møte

2018

2017

Mandat

  • Kartlegge sentrale verdiar som gjer at tilsette trivst og utnytter kompetansen sin.
  • Legge fram forslag til vedtak i fellesnemda om kjerneverdiar i den nye kommunen, der verdigrunnlaget vert beskrive og utforma.
  • Legge fram forslag til korleis det nye verdigrunnlaget bør implementerast i organisasjonen.
  • Legge fram forslag til leiarverdiar i den nye kommuna, her også korleis leiarar kan gå fram som gode kulturberarar. Føreslå opplegg for leiarutvikling som ivaretek kultur og verdiar.
  • Lage rapport som beskriv kulturen til nye Ålesund kommune - og korleis den skal bli synlig i kvardagen.
  • Føreslå tiltak, verktøy og arbeidsformer som kan utvikle den kulturen vi ønskjer skal prege kommunen.
  • Revidere, lage framlegg til etiske retningsliner for den nye kommunen.

Mål:

  • At kjerneverdiane i den nye kommunen er godt kjent av tilsette, politikarar og innbyggarar.
  • At kjerneverdiane kjem tydelig til uttrykk i måten vi arbeider på og omgåast kvarandre.
  • At tilsette, politikarar og innbyggarar identifiserer seg med ny kommune og er stolt av den.
  • At vi har verdibevisste og tydelege leiarar på alle nivå i kommunen.
  • At innbyggarar opplever tillit og profesjonalitet i møte med kommunen sine tilsette.
  • At tilsette føler seg ivaretatte og involverte i samanslåingsprosessen.
  • At tilsette får bruke kompetansen sin og utvikle ny kompetanse.
  • At vi klarer å rekruttere dyktige medarbeidarar og at dei blir verande.
  • At vi har tilsette og leiarar med endringsevne, endringsvilje og kompetanse i endringsleiing.
  • At møteplassane og arbeidsformene ber preg av nytenking, samskaping og likeverd.

pdfFullstendig mandat delprosjekt P1 Kulturbygging og verdiar.pdf

 

Politisk organisering, lokaldemokrati og innbyggarmedverknad

Politisk organisering, lokaldemokrati og innbyggarmedverknad

Ei av de viktigaste oppgåvene  vi har når fleire kommunar skal av ulik størrelse skal bli ein ny, er å sikre og vidareutvikle lokaldemokratiet.

Nye Ålesund kommune hadde i 2017 ein rådgivar som arbeidde med å vidareutvikle lokaldemokratiet, og sikre at innbyggarar får medvirke i prosessen - og skape gode vilkår for lokalpolitisk engasjement. Dette arbeidet skjedde saman med komiteen. Frå våren 2018 er det prosjektorganisasjonen og komiteen som samarbeider om dette.

Komiteen har politisk leiing, men både av politiske og administrative representantar.

Intensjonsavtalen

Intensjonsavtalen for nye Ålesund slår fast at den nye kommunen skal ha eit godt og velfungerande lokaldemokrati, med høgt engasjement og gode moglegheiter til medverknad.  Lokal identitet og nærdemokrati skal være høgt prioritert i arbeidet. Nye Ålesund skal ta i bruk framtidsretta modellar for arbeidsdeling og samhandling. Dette oppnår vi gjennom:

  • Ein ny, effektiv og innovativ organisasjon
  • Styrking av samhandling på tvers av einingar
  • Å følge god forvaltningsskikk
  • Godt og tillitsbasert samspel mellom innbyggjarar, politiske aktørar, administrasjon, tillitsvalde, næringsliv og frivillige
  • Utvikling av politikarrolla og tilrettelegging av nye former for politikkutforming
  • Mellomvalsmedverknad for innbyggarane
  • Nettverksstyring med politisk legitimitet og kontroll
  • Å metodisk og systematisk ta i bruk av ny teknologi og stimulere nye arbeidsformer; eksempelvis ved å ta i bruk digitale plattformar som eit hjelpemiddel for innbyggjarmedverknadNye Ålesund kommune skal sikre levande lokaldemokrati basert på ei vid forståing av demokratiomgrepet og gjennom utprøving av nye former for medverknad.

Den nye kommunen skal ha særleg fokus på digitale plattformer som hjelpemiddel i å la innbyggjarane medverke. Det skal utgreiast konkrete løysingar for e-demokrati i den nye kommunen.

For å styrke nærdemokratiet og mellomvalsmedverknad vil den nye kommunen ha kommunedelutval med heimel i kommunelova § 12.

  • Utvala er folkevalde organ vald ved direkte val.
  • Kvart utval kan ha inntil 15 medlemmar. Talet blir tilpassa innbyggjartalet i kommunedelen.
  • Kommuneutvala må sikrast tilstrekkeleg administrasjon.
  • Kvart utval dekkjer kvart sitt geografiske område som i utgangspunktet svarar til dei gamle kommunegrensene, med unntak av Ålesund og Haram, der det kan verte aktuelt med fleire utval.
  • Fellesnemdna får mandat til å justere modellen basert på konkrete erfaringar frå andre kommunar og andre faglege innspel, med utgangspunkt i dei overordna prinsippa for nærdemokrati.
  • Fellesnemnda må og utarbeide framlegg til struktur for korleis eldreråd, ungdomsråd og råd for menneske med nedsett funksjonsevne skal organiserast på overordna nivå.

Kommunedelutvala skal ha slik funksjon, oppgåver og mynde:

  • Utvala skal vere spesielt retta mot lokalsamfunnsutvikling, i tillegg til å vere initierande og rådgjevande organ overfor kommunestyret. Det skal ha vedtaksmynde på definerte område som vedkjem det geografiske området som kommunedelutvalet representerer.
  • Utvala skal ha delegert mynde og budsjettansvar på avgrensa område som gjeld kommunedelen.
  • Utvala skal ha rett til å gje tilråding til vedtak til overordna politiske organ (formannskap, kommunestyre og/eller eventuelt andre utval på kommunenivå) i plansaker og andre saker der vedtaksmynde ikkje er delegert til utvalet, men som vedkjem kommunedelen.
  • Utvala skal ha uttalrett og vere høyringsinstans i plansaker, budsjett- og andre saker som vedkjem heile kommunen.
  • Kommmunedelutval bør i minimum ha følgjande oppgåver:
    • Kultur
    • Idrett
    • Kulturpris og andre prisar
    • Innbyggjarinvolvering ved idédugnad og andre kreative metoder.
    • Markering av lokale og nasjonale merkedagar o gjubileum, t.d. 17. mai.
    • Kulle legge føringar for bruk av næringsfond.
  • Utvala skal ha som oppgåve å ta initiativ til  utvikling av lokalmiljøet og medverknad i saker av interesse for kommundelen.
  • Kommunedelane skal sjølve etablere ulike lokale nærdemokratiordningar for dialog med innbyggjarane på område som ikkje er tatt vare på gjennom lovfesta organ (eldreråd, samarbeidsutval mm.).

Deltakarar

Politiske representantar:

  • Haram: Svein Harsjøen (FrP)
                Trine Otterlei (Ap)
  • Sandøy: Åse Kristin Ask Bakke (Ap)
                 Nils Magne Abelseth (H)
  • Skodje: Kari Grindvik (V) - tleiar
                Modolf Hareide (Sp)   
  • Ørskog: Frode Andresen (H)
                 Helene Børretzen Fjørtoft (KrF)
  • Ålesund: Øystein Tvedt (H) - konstituert nestleiar
                  Geir Stenseth (FrP)

Administrative representantar:

  • Haram: Elin Moen
  • Sandøy: Kim André Breivik , fungerande rådmann
  • Skodje: Bente Glomset Vikhagen, rådmann
  • Ørskog: Synnøve Vasstrand Synnes, rådmann
  • Ålesund: Irene Kalstad Aase, formannskapssekretær
  • Nye Ålesund: Demokratirådgivar Mads Solberg koordinerer gruppas arbeid
  • Fagforeiningsrepr.: Geir Skodje, UDF (Ørskog)

Exit lokaldemokrati?

I mai 2018 haldt komiteen folkemøte saman med prosjektorganisasjonen i alle dei fem kommunane for å diskutere korleis innbyggarar, tilsette, lag og organisasjonar kan vere med på å utvikle lokalsamfunna. Der det var praktisk mogleg, blei også niande trinn besøkt og fekk gje sine innspel. Det er planar for at alle ungdomsråda skal få kome med sine innspel, så lista vil bli oppdatert:

Innspel frå Skodje 2. mai

Innspel frå Haram 14. mai

Innspel frå Ørskog 15. mai

Innspel frå Ålesund 22. mai

Innspel frå Sandøy 24. mai

På møta melde det seg fleire representantar som skal vere med i ei referansegruppe som saman med komiteen skal utforma korleis nærdemokratiet blir sjåande ut, spesielt knytt til kommunedelutval. Fellesnemnda gjer endeleg vedtak hausten 2018.

Møte

Alle møta er klokka 13.00 om ikkje anna er skrive.

 Mandat

Leveransen for prosjektet er i hovudsak utgreiingsarbeid. Delprosjektet utgreier og førebur sakar som angår politisk organisering, medverknad og lokaldemokrati, og legg desse fram for fellesnemda til vurdering.

Nye Ålesund skal ta i bruk nye arbeidsformer, som gjer terskelen for deltaking låg for alle innbyggjarane i kommunen.

Utvikle samskapingsplattformar mellom kommune og frivilligheit

Ein skal utreie om saksførebuande møter kan betre den politiske prosessen.

Nye Ålesund skal ta i bruk digitale samhandlingsplattformar som til dømes medborgarpanel og brukarportalar som støttar opp under og lettar moglegheitene for politisk medverknad.

Delprosjektet skal samanlikne ulike modellar for kommunedelutval og finne fram til ei optimal organiseringsform, som både tek omsyn til skildringa av desse i intensjonsavtalen, men også praktiske aspekt ved ordninga som ikkje er tatt høgde for i avtalen. Organiseringa må være slik at desse organa er tydeleg forankra både blant innbyggjarar og blant politisk/administrativ leiing, med tilstrekkelege ressursar. Sjå på innbyggjartorg i kommunedelsentra, og koordinatorfunksjonar som tilretteleggjar for lokal aktivitet i nærdemokratiorgana.

Utforme utkast til delegasjons- og politisk reglement.

Ein skal utvikle reiskapar for politikaropplæring av dei folkevalde, med særleg fokus på arbeidsformer som fremmar deltaking, og som tek omsyn til habilitetsspørsmål.  Kompetanseheving og kunnskapsinnhenting blant politikarane må være eit fokusområde. Politikarhandboka skal utformast på ein måte som tek omsyn til nytenking innanfor politisk arbeid. Opplæringa må leggje vekt på ansvarleggjering: til dømes at politikarar står bak avgjerder om prioriteringar i saman med administrasjonen som sett i gang tiltaka.

Utreie kva slags forhald det må være mellom politisk utvalsstruktur og administrativ organisasjon.

Leggje til rette for engasjerande, frie og velorganiserte kommuneval for nye Ålesund høsten 2019.

Mål:

  • Ålesund kommune har et lokaldemokratisk system som legg til rette for påliteleg, ansvarleg, borgarnær og effektiv politisk styring.
  • Dei politiske partia erfarer at det er lettare å sette saman balanserte vallister omsyn til kjønn, alder, geografi og yrke.
  • Det demokratiske systemet og dei politiske prosessane vert opplevd som effektive, transparente, og tillitsskapande.
  • Den politisk leiinga er styringsdyktig, og politikarrolla fremjar nytenking og innovasjon i organisasjonen.
  • Politiske verksemd inngår i samskapingsprosessar med fagmiljø, innbyggjarar, brukarar, næringsliv, og frivilligheit.
  • nnbyggjarane opplever likeverd med omsyn til moglegheit for deltaking, og at dei kan medverke på ulike nivå i kommunen.
  • Saksutgreiingar og prosessar fram mot politisk vedtak har høg fagleg kvalitet.
  • Ålesund kommune har eit godt omdømme med omsyn til demokratiske praksis; innbyggjarane opplever eigarskap til kommunen, kort avstand til politisk og administrativ leiing, og at politiske engasjementet har verknad.
  • Ålesund kommune er blant dei ti beste kommunane i landet med tanke på valdeltaking og opplever økt valdeltaking i lokalval, i høve til tidlegare års valoppslutning.
  • Den nye kommunen har ei styringsdyktig politisk leiing, og det leggjast til rette for ei politikarrolle som fremmar nytenking omkring demokratiske prosessar og deltaking.
  • Ein har tatt i bruk samskapingsmodellar og samarbeid på tvers av sektorar for å unngå silotenking og få i stand betre avgjerder og tiltak.
  • Politisk aktivitet har gode vilkår og tek i bruk nye arbeidsmåtar.

pdfFullstendig mandat delprosjekt P2 Politisk organisering, lokaldemokrati og innbyggarmedverknad.pdf

Kva er bestemt?

Delprosjekta førebur saker for styringsgruppa/fellesnemnda. Her vil vi presentere nokre av dei sentrale vedtaka innanfor emnet.

 

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.