Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Korleis bygger vi framtidas lokaldemokrati?

ordførarane i nye Ålesund med signert intensjonsavtale 19. mai 2017Ordførarane i nye Ålesund oppfordrar innbyggarane til å engasjere seg i korleis nye Ålesund kan legge til rette for at alle skal kunne påverke styringa av kommunen.

Korleis kan nye Ålesund styrast påliteleg, ansvarleg, borgarnært og effektivt? Kva slags arbeidsformer kan vi bruke for at desse ideala skal bli realisert? Og ikkje minst; korleis skal vi legge til rette for at innbyggarane skal kunne påverke styringa av kommunen?

Dette er nokre av spørsmåla som det arbeidast med fram mot samanslåinga av Haram, Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund i 2020. Dette er ikkje noko som folkevalde og administrasjonen kan svare på aleine; innbyggarane må kome med innspel om korleis vi kan legge til rette for nærdemokrati i nye Ålesund.

Valdemokratiet

Kvart fjerde år er det kommuneval. Då stemmer innbyggarane fram representantar frå politiske parti i kommunen. Dei som får flest stemmer utgjer kommunestyret; kommunens øvste styringsorgan. Medlemmane skal prioritere oppgåvene i samråd med administrasjonen, og samtidig vere ombodskvinner- og menn for veljarane.
Grunntanken bak eit slikt folkenært styre, er at lokalt folkevalde best veit kvar skoen trykker.

Arbeidsfordeling

I tillegg til kommunestyret, nyttar dei fleste kommunar ei eller anna form for politisk arbeidsfordeling for å sikre forsvarlege saksutgreiingar og belyse saker frå ulike politiske perspektiv, slik at innbyggarane får høgast mogleg kvalitet på avgjerdene.

I februar vedtok fellesnemnda for nye Ålesund at dei folkevalde også skal arbeide med politiske saker gjennom kommunestyrekomitear. Komiteane, som har ansvar for ulike tenesteområde, skal ikkje avgjere saker, men førebu dei og gi si tilråding til det som blir Noregs største kommunestyre, med 77 medlemmar.

Det er mange problemstillingar som ikkje lar seg handtere godt gjennom tradisjonelle arbeidsformer i kommunestyret. Den nye kommunen skal difor også nytte såkalla oppgåveutval. Der samarbeider lokalpolitikarar med innbyggarar og fagfolk  om å tenke nytt og finne løysingar i saker som er viktige for innbyggarane og kommunens tenester. Desse utvala er blant tiltaka som skal sikre borgarmedverknad og innbyggarinvolvering. Utvala fattar ikkje vedtak, men har ei rådgivande rolle.

Forventningane til folkevalde og kommuneadministrasjonen endrar seg i takt med teknologiutviklinga. Nye Ålesund får fleire kommunedelsentrum skild frå kvarandre av fjell og havområde, og digitale innbyggarmøte har eit særleg potensiale for å betre samhandling, både hos politikarane og i tenestene.

Dei forskjellige kommunedelsentra har ulike særtrekk, og eit mangfald av meiningar om korleis kommunen bør utvikle seg. I intensjonsavtalen er det difor bestemt at den nye kommunen skal ha  kommunedelutval som skal ivareta desse meiningane og den lokale identiteten. I mai vil innbyggarane i kvar kommune bli inviterte til folkemøte, der den nye kommunen, saman med innbyggarar, lag og organisasjonar og næringsliv, skal sjå på korleis vi saman kan nytta lokal kunnskap, ressursar og engasjement på best mogleg vis.

Vi håpar at du vil vere med.

Ordførarane i nye Ålesund

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.