Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Ein kommune som samhandlar og finn løysingar

Ill: Samhandling og innbyggarfokusNye Ålesund har innbyggarane i fokus og vil bygge ein organisasjon som samhandlar og er løysingsorientert. Det går fram av dei vedtatte prinsippa for overordna organisering av den nye kommunen.

Kommunereforma gir oss eit unik høve til å tenke nytt og forme alt frå grunnen av når vi skal bygge administrativ struktur for den nye kommunen.

Illustrasjonen med innbyggarane i sentrum og kommunalområda som grip inn i kvarandre, skal gje eit bilde på måla for den nye organisasjonen. Det skal leggast til rette for samarbeid på tvers av kommunalområda og det er innbyggarane som skal vere i fokus.

Det var fellesnemnda som vedtok dei overordna prinsippa for administrativ organisering på sitt møte 9. mai.

Administrativ organisering av nye Ålesund skal ivareta, styrke og fremme:

  • Innbyggarfokus: Organiseringa skal sette brukaren i sentrum/ha innbyggarfokus.
  • Samhandling: Organiseringa skal fremme tverrfagleg og nettverksbasert samhandling og samskaping internt mellom sektorar og fagprofesjonar, og eksternt mellom kommunen og innbyggarar, frivilligheit, næringsliv og akademia.
  • Sterk og robust organisasjon: Organiseringa skal ivareta tydelege ansvarsforhold og oversiktleg organisasjon.
  • Fornying og teknologi: Organiseringa skal fremme innovasjon og utvikling, nye arbeidsformer, metodisk og systematisk bruk av ny teknologi, digitalisering og teknologibasert utvikling av tenestene (digitalt førsteval).
  • Effektivisering: Organiseringa skal gi gevinstar gjennom å arbeide meir effektivt, og det kommunen sparer her skal gå til å auke kvantiteten og kvaliteten i tenestene.
  • Kvalitet og likebehandling i tenestene: Organiseringa skal fremme kvalitet i oppgåvene, tenestene, likebehandling og likt tilbod i heile kommunen.
  • Forvaltningsskikk: Organiseringa skal ivareta god forvaltningsskikk, forsvarleg sakshandsaming og rettstryggleik.

Tenesteområda

Nye Ålesund skal ha seks kommunalområde som skal samarbeide og utvikle tenestene til innbyggarane:

  • Helse og omsorg  
  • Velferd og sysselsetting  
  • Opplæring  
  • Barn, familie og integrering  
  • Kultur og medborgarskap
  • Tekniske tenester

Kvart av områda skal ha ein kommunalsjef. Desse leiarane skal vere på plass i løpet av oktober/november 2018.

Alle fagområde, uavhengig av organisering, skal gjennomgåande ha særleg fokus på:

  • Innbyggarar og brukarretting
  • Tilrettelegging for samhandling på tvers både internt og eksternt
  • Innovasjon, nytenking og digitalisering

Framdrift

Når den øvste leiinga er innplassert i løpet av hausten 2018, startar arbeidet med dei mange store og små spørsmåla om korleis dei ulike tenesteområda konkret skal organiserast. Prosjektorganisasjonen vil kome tilbake med ny framdriftsplan for dette arbeidet, som blir omtala som tredje fase.

Tilsette får høve til å kome med innspel når det gjeld:

  • Konkret inndeling i einingar innanfor kvart kommunal- og stabsområde.
  • Høyringa om den overordna administrative strukturen har forslag til oppgåveportefølje innan kommunal- og stabsområda, men ikkje inndeling i organisasjonseiningar. Dei tilsette vil få høve til å kome med innspel til dette. Tredje fase vil også omhandle korleis vi skal legge til rette for godt tverrfagleg samarbeid på tenestenivå.
  • Geografisk plassering av kommunal-og stabsområda blir også vurdert i ein seinare fase. Det ligg føringar i intensjonsavtalen.
  • Vurdering om bruken av kommunale føretak (KF) vil også kome i ein eigen prosess. Her er det  viktig å få fram tilstrekkeleg kunnskapsgrunnlag om kva eit KF er, og kjenne til tidlegare utgreiingar av dette.

 

Du kan sjå tankane bak den administrative strukturen i sakspapira og også sjå kva oppgåver som er foreslått under kvart kommunal- og stabsområde i pdfhøyringsnotatet.

Den overordna administrative strukturen var på høyring i dei fem kommuneorganisasjonane og til hovudsamanslutningane for tillitsvalde og vernetenesta. Også eksterne meiningsberarar fekk kome med innspel i høyringsperioden 19. mars - 12. april. Det kom inn til saman 73 uttalar.

 

 

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.