Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Seilskuter og fleire kommunar?

Sjøholt foto Harald M ValderhaugArbeidsutvalet skal diskutere om nye Ålesund vil arrangere The Tall Ships Races og sjå på kva det betyr for arbeidet med ny kommune om fleire kommunar ønsker å bli med.

Partssamansett utval (PSU) og arbeidsutvalet (AU) for nye Ålesund kommune møtast i Ørskog kommune 30. mai. PSU har møte klokka 10.00 - 11.30, medan AU møter klokka 12.00 - 15.00. Begge møta er på Ørskog rådhus og er opne for publikum.

The Tall Ships Races

The Tall Ships Races blei sist arrangert med Ålesund som vertshamn i 2015. Evalueringa i etterkant konkluderte med eit svært vellukka arrangement for både byen og
heile Sunnmøre.  Økonomisk gjekk også arrangementet i balanse.  Suksesskriteriet vart vurdert til i stor grad å handle om god planlegging og tidleg oppstart av planlegginga, som mellom anna inkluderte sponsorinntekter fordelt over fleire år.

3. mai 2018 fekk bystyret i Ålesund framlagt ein sak om kommunen ønsker å vere arrangørby ein gong til. Den første moglegheita er i 2022. Bystyret vedtok å sende saken over til nye Ålesund kommuen og ba om at det settast ned ei arbeidsgruppe som får i oppdrag å finne ut om det erønskeleg å sende inn søknad om å vere vertshamn for The Tall Ships Races.

Prosjektleiar for nye Ålesund foreslår at arbeidsutvalet for den nye kommunen innstiller på at det blir sett ned ei slik arbeidsgruppe. Tidspunktet for eit slikt arrangement bør ikkej vere tidlegare enn 2023. Grunngjevinga for å flytte søknaden eitt år er at det vil vere mykje arbeid igjen i forminga av den nye kommunen i dei første åra etter 2020. Å starte planlegginga av eit så stort arrangement midt i arbeidet med overgangen frå gamle kommunar til ny kommune, vil vere svært krevjande, meiner prosjektleiar.

Økonomiske og driftsmessige konsekvensar

Å arrangere eit så stort arrangement som The Tall Ship Races er krevjande økonomisk og må derfor planleggjast i god tid om dette skal kunne gjennomførast. I 2015 var Ålesund kommune
sitt økonomiske bidrag 1,5 millioner og tilsvarande frå Ålesundsregionens havnevesen. Realistisk sett må ein for eit eventuelt framtidig arrangement setje av noko meir midlar både frå kommunen og havnevesenet for å sikre ein god økonomisk plattform. Det usikre er sjølvsagt i kor stor grad næringslivet vil bidra med sponsormidlar for å løfte fram dette arrangementet ein gong til. Det er her den største økonomiske risikoen ligg for prosjektet.  Det er kjent at fleire byar som har arrangert The Tall Ship Races har enda med store underskot, og dermed belasta kommunebudsjettet for underskotet.

Dersom Ålesund kommune vedtar å søke og få ansvar for å vere arrangørby, vil dette få både driftsmessige og organisatoriske konsekvenser. Tidlegere arrangement har vist at det vil vere behov for stor innsats frå tilsettebåde innan administrasjon, tekniske verksemder, kultur og kommunikasjon.

Les innstillinga til AU frå prosjektleiar.

Fleire kommunar med i nye Ålesund?

Arbeidsutvalet får også ei orientering frå prosjektleiar om kva konsekvensar det får for arbeidet med å bygge nye Ålesund om nye kommunar ønsker å bli med.  Prosjektleiar meiner det er viktig både for kommunar som vurderer å vere med i nye Ålesund og for fellesnemnda, å vere klar over at det er relativt mange risiki å kome inn midt i prosjektperioden eller rett etter at etableringa av den nye kommunen er eit faktum.

Sett frå prosjektleiar sin ståstad, har nye kommunar eit handlingsrom for å kome med fram mot 1. september i år. Deretter råder prosjektleiar til at fellesnemnda er tydeleg på at neste moglegheit først kan vere rundt 2025.

Fellesnemnda har vore positiv til å ta imot fleire kommunar inn i fellesskapet om bygging av nye Ålesund kommune.  Arbeidet med kommunesamanslåing av kommunane rundt Ålesund starta med 12 kommunar.

Nye Ålesund er no midt i prosjektperioden for samanslåinga av kommunanen Haram, Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund. Dette er eitt av to prosjekt i landet som omfattar fem kommunar - dei to største samanslåingane i landet. Å slå saman fem ulike kommmunar er eit stort arbeid som krev tid.

Risiki for eventuelt nye kommunar som vil vere med

Overordna administrativ organisering blei vedtatt av fellesnemnda i mai. Neste trinn er å tilsette leiarar i dei viktige stillingane rundt rådmannen: kommunalsjefar og stabssjefar. Dette arbeidet har starta. Dette er stillingar som i utgangspunktet skal dekkjast av personar som er tilsette i ein av dei fem kommunane. Dette betyr at hvis nye kommunar kjem inn etter hausten 2018, vil ikkje tilsette i sentrale leiarposisjonar i desse kommunane bli inviterte til å vere med i konkuransen om dei overordna leiarstillingane i nye Ålesund kommune. Det betyr at det vil vere større sjanse for overtalligheit og oppseiingar i dei eventuelt nye kommunane.

Prosjektorganisasjonen vil framover bli tilpassa den vedtekne overordna administrative organiseringa. Arbeidet i prosjektorganisasjonen vil vere å setje igang arbeid innan dei ulike tenesteområda under det einskilde kommunalområde. Arbeidet med å kartlegge, organisere og lokalisere di ulike tenesteområda startar opp. Dersom nye kommunar kjem inn i midt i dette arbeidet, vil det gjere prosessane vanskelegare å handtere for den nye kommunen som kjem inn og for prosjektorganisasjonen. Prosessane i faggruppene vil bli forsinka og skape frustrasjon blant dei tilsette.

Budsjettarbeidet for 2020 må starte opp seinvinteren 2019 - om mindre enn eitt år. For at arbeidet skal kunne begynne, må prosjektorganisasjonen ha oversikt over personalet og kvar desse skal ha si tilhøyrigheit. Målet er at alle tilsette skal vere fasa inn i den nye organisasjonen innan april 2019. Om nye kommunar blir fasa inn hausten/vinteren 2018/2019, vil dette sette budsjettprosessen under press - noko som ikkje ønskeleg.

Når vi kjem til 1. januar 2020, er den nye kommunen i drift. Mykje er på plass, men det er no utviklingsarbeidet startar - det som skel vere gevinsten med samanslåinga av kommunane. Hvis nye kommunar melder seg straks nye Ålesund er etablert, får ikkje den nye kommunen konsentrert seg om desse viktige utviklingsoppgåvene. Det blir vanskeleg å starte nye fusjonsprosessar parallellt med sluttføring av den pågåande fusjonsprosessen.

Les heile framlegget frå prosjektleiar.

Andre saker

Begge utvala skal behandle ein oppdatert versjon av styringsdokumentet for bygginga av nye Ålesund.

Arbeidsutvalet skal i tillegg behandle:

Du finn heile møteinnkallinga og sakspapira under Politikk > Møteplan og gjeldande dato.

Det er fellesnemnda som avgjer sakene. Det gjer dei på sitt møte i Ørskog 14. juni.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.