Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Innspel frå folkemøta om lokaldemokrati

Folkemøte i Sandøy 24. maiI mai 2018 blei det halde folkemøte i alle dei fem kommunane for å diskutere korleis innbyggarar, tilsette, lag og organisasjonar kan vere med på å utvikle lokalsamfunna. Der det var praktisk mogleg, blei også niande trinn besøkt og fekk gje sine innspel. Det er planar for at alle ungdomsråda skal få kome med sine innspel.

Det var gode diskusjonar på møta i alle dei fem kommunane. I tillegg til korte innleiingar fekk dei oppmøtte delta i diskusjonane både ved digitale innspel og i oppsummerande diskusjonar. Innspela som blei gitt på møta, blir tatt med vidare inn i arbeidet med lokaldemokrati i den politiske komiteen som arbeider med blant anna lokaldemokrati og innbyggarmedverknad. I løpet av hausten skal fellesnemnda gjere endeleg vedtak om nærdemokratiordningar.

På møta melde det seg fleire representantar som skal vere med i ei referansegruppe som saman med komiteen skal utforma korleis nærdemokratiet blir sjåande ut, spesielt knytt til kommunedelutval. Fellesnemnda gjer endeleg vedtak hausten 2018.

Innspel frå Skodje 2. mai

Innspel frå Haram 14. mai

Innspel frå Ørskog 15. mai

Innspel frå Ålesund 22. mai

Innspel frå Sandøy 24. mai

Bakgrunn for folkemøta

Ei av målsettingane i kommunereforma er å få eit styrka lokaldemokrati. Dei kritiske røystene har hevda at større avstandar i den nye kommunen vil føre til at innbyggarane får mindre påverknad.

Den nye kommunen har vedtatt at vi skal ha kommunedelutval, men korleis skal vi organisere desse? Kven skal vere med og kva saker skal utvala ha ansvaret for? Å få til løysingar som sikrar at innbyggarane har reell påverknad på lokalsamfunnsutvikling, er ein avgjerande suksessfaktor for å ivareta lokaldemokratiet i den nye kommunen.

Dei eksisterande kommunane er kjenneteikna av mange engasjerte innbyggarar og organisasjonar med eit hjarte for lokalsamfunnet sitt. I dei ulike delane av den nye kommunen er det allereie etablert ulike strukturar for godt samarbeid mellom kommune, frivillig arbeid og næringsliv.

Det er viktig å kunne bygge vidare på dei, samstundes som vi opnar for nye måtar å samhandle på. Nye Ålesund har difor invitert til møte der alle kan vere med å bygge framtida i sitt lokalmiljø.

 

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.