Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Verdas vakraste flashmobs!

Flashmob cropKom sol kom regn! Vi inviterer innbyggarane i nye Ålesund til å bli med på verdas vakraste flashmob. Det skal filmast tre plassar der innbyggarane kan vere med: på Harøya i Sandøy, på Skodjebruene og på byfjellet Aksla ved dammane! 

Høstscena og Teatret Vårt, i samarbeid med Panta Rei danseteater og nye Ålesund kommune, arrangerer flashmobs 6. – 9. juni i Ålesund og omegn. Du får fleire moglegheiter til å vere med, alt etter kva som passar. Dette blir verdens vakreste flashmob!

Hendelsen skal filmast og klippast saman av ein profesjonell filmregissør floge inn frå England. No mobiliserer vi i det vide og det breie for å få alle innbyggarne til å stille opp i Sandøy, Skodje og i Ålesund!

Regionen vår er i ferd med å gjennomgå store endringar, og i samarbeid med nye Ålesund kommune, ønsker Høstscena Festival å bidra til å synliggjere alle som er viktige for dette fellesskapet. I dagane 6. - 9. juni vil ulike miljø involverast i ein flashmob.

Vi beveger oss mellom Sandøy og Håp i Havet, og til Skodjebruene der nokre av ordførarane stiller opp. Tøffe brannmenn byr på seg sjølve i Ørskog, og barn dansar i Haram. Det heile avsluttast laurdag 9. juni på Aksla ved dammene.

Her kan du vere med å vise fram Ålesundregionen:

  • Onsdag 6. juni klokka 19.00 – 21.00 på dei gamle Skodjebruene i Skodje
  • Torsdag 7. juni klokka 09.00 – 11.00 ved Håp i Havet på Harøya i Sandøy.
  • Lørdag 9. juni klokka 12.00 – 14.00 i Ålesund ved dammane på byfjellet Aksla
    Køyr saman og parker ved Aksla stadion! Det er smal veg utover mot Fjellstua og mange turister på vegane.

Om dansen

Denne dansen kan også gjerast sittande, om nokon treng det. Då er beheld du berre armbevegelsane.

Her er ein øvingsvideo til dansen vi skal danse:

Øvingsvideo!

Om nokon ønsker å vente med å lære dansen til de kjem til innspilling, så er det heilt greit. Det vil vere instruktørar på staden som er vane med å jobbe med alle typar grupper. Dei får alltid eit hyggeleg resultat på film!

Flott om de kjem til innspillinga med mykje energi, glede og «guts». Vi er ikkje ute etter dei beste dansarane, men å vise at alle kan danse!

Om de lurer på korleis filmen kan bli sjåande ut, sjå på denne frå Ål:

Flashmob frå Ål på Facebook

Om prosjektet

Filmen er ein del av det nasjonale TILT-prosjektet som har som mål å få store delar av Norge til å danse eller sjå dans. Prosjektet er støtta av Sparebankstiftelsen DNB.
 

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.