Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Søker støtte til breibandsutbygging

ill.internet pixabay creative commonsNye Ålesund søker om tilskot til breibandsutbygging for Taftasundet og Magerholm, Harøya, Hellestranda, Fylling - Hjelen og Skarbø - indre Vestre.

Taftasundet og Magerholm ligg i Ålesund, Harøya i Sandøy, Hellestranda i Haram, Fylling - Hjelen i Skodje og Skarbø - indre Vestre i Ørskog kommune.

Søknadane er basert på høyringar, og kvar av kommunane har vore med å prioritere område for søknad i sin kommune. Områda som er prioriterte tilfredstiller søknadskriteria frå Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom), og har dermed størst sjanse til å motta tilskot.

Nkom organiserer ei tilskotsordning der kommunar kan søke om tilskot til breibandsutbygging i område der dei kommersielle aktørane ikkje finn det lønsamt å bygge ut. Dette er tilskot kommunane kan søke om kvart år, og som utgjer ein liten del av det nye Ålesund skal gjere av breibandsutbygging.

Støtteordninga gjeld område der husstandar og verksemder er utan tilbod eller har ei breibandshastighet på under 10 megabit per sekund. Det kan og søkast om tilskot til område med reell hastigheit mellom 10 og 30 megabit per sekund.

I prioriteringa er det tatt omsyn til utbyggingsplanar for dei aktuelle områda, og både nasjonale og lokale utbyggarar er spurte om kva planar dei har.

Haram

Etter høyring, kom det inn innspel til breibandsutbygging i desse områda:

  • Lepsøy
  • Ulla
  • Rogne/Nogva
  • Gamlem/Alvestad, møt Søvika
  • Hellestranda

Nye Ålesund søker om tilskot til å bygge ut breiband på Hellestranda. Haram kommune søkte om utbygging i dette området i 2017 og kommunen ønsker å prioritere området vidare. Søknaden omfattar 54 einebustader, fire rekkehus og tomannsbustader, 11 fritidsbustader, to offentlege bygg og 18 fiskeri- og landbruksbygg.

Kommersielle interesser i Haram

Nordvest Nett AS oppgir at alle område der dei har funne kommersielt grunnlag for fiberutbygging, er utbygd, men at dei stadig gjer nye vurderingar.

Områda Slyngstad og strekninga frå Søvik til Alvestad er område de ønsker å avklare nærare. Desse er venta avklarte i løpet av 2018. Det er stor sannsynligheit for at Nordvest Nett bygger ut Slyngstad i løpet av 2018.

Telenor Norge AS har bekrefta at dei har planar for utbygging i følgande område:

  • Gamlem - Hildre
  • Grytastranda - Slyngstad
  • Delar av Lepsøya
  • Delar av Haramsøya
  • Delar av Flemsøya/Skuløya
  • Delar av Fjørtofta

Sandøy

Etter høyring har det kome innspel frå gruppa Fiber i Sandøy at heile Sandøy kommune bør søke om pengar til breibandutbygging.

Nye Ålesund og Sandøy kommune har vald å søke om pengar til utbygging på Harøy utan Steinshamn. Søknaden omfattar 259 einebustader, 18 rekkehus eller tomannsbustader, 26 fritidseigedomar, 10 offentlege bygg, fem næringsbygg, ni industribygg, 80 fiskeri og landbruksbygg.

Kommersielle interesser i Sandøy

Telenor Norge AS har bekrefta at dei har planar for utbygging i dei tettast befolka områda på Harøy/Finnøy. Planane gjeld mest sannsynleg Steinshamn.

Sund Bredbånd AS har eksisterqande radiobasert nett i Sandøy. Dei seier det vil vere aktuelt å vere med på ei fiberutbygging i Sandøy. 

Sandøy Energi AS har kartlagt det som er aktuelt for dei å bygge ut, som er Harøya og Finnøya. Sandøy Energi har lagt ned mykje fiberrøyr i dei aktuelle områda allereie.

Skodje

Etter høyring, kom det inn innspel til breibandsutbygging i desse områda:

  • Storfjord hotell
  • Valle/Svorta
  • Innvik/Utvik
  • Brusdalen
  • Fylling - Hjelen

Nye Ålesund og Skodje kommune prioriterer Fylling - Hjelen i søknaden i år. Søknaden omfattar 29 einebustadar, tre rekkehus og tomannsbustader, 13 fritidsbustader, tre offentlege bygg, 31 fiskeri- og landbruksbygg.

Kommersielle interesser i Skodje

Nordvest Nett AS vurderer stadig nye område. Strekninga frå Valle til Digerneset i Skodje er eit slikt område.

Ørskog

Etter høyring, kom det inn innspel til breibandsutbygging i desse områda:

  • Skarbø - Vestre
  • Vaksvika og austover
  • Tyssegardane

Nye Ålesund og Ørskog kommune prioriterer Skarbø - Vestre i søknaden i år. Søknaden omfattar 87 einebustader, fire rekkehus og tomannsbustader, seks fritidsbustader, to offentlege bygg, eitt næringsbygg, tre industribygg, 51 fiskeri- og landbruksbygg.

Kommersielle interesser i Ørskog

Nordvest Nett AS vurderer stadig nye område. Strekninga frå Amdam til Vestre i Ørskog er eit slikt område.

Ålesund

Det kom ingen innspel på høyringa, bortsett frå ein innbyggar som peikar på at store delar av bydelen Fjelltun ikkje har fiber.

Nye Ålesund og Ålesund kommune har vald å prioritere:

  • Magerholm - Hesseberg
  • Taftasundet

Søknaden på Magerholm omfattar 18 einebustader, eitt rekkehus og tomannsbusad, tre fritidsbustader, seks fiskeri- og landbruksbygg.

Søknaden i Taftasundet omfattar ni einebustader, to rekkehus og tomannsbustader, fire fiskeri- og landbruksbygg.

Kommersielle interesser i Ålesund

Tafjord Marked AS opplyser at dei startar utbygging i Ålesund sentrum og omliggande område, men at sørsida av Ellingsøya, Alvika -  Storneset eller Litlestølen -  Uraneset ikke er omfatta av desse planane.

Kva skjer no?

Nkom fastset ei økonomisk ramme for søknader til breibandsstøtte for kvart fylke. Møre og Romsdal har i år fått 17,3 millionar kroner som dei kan fordele etter søknad. 25 % av kostnadene skal vere lokalfinansiert. Tilknytningsavgifta er sett til 3 000 kroner per tilknytta husstand.

Alle søknadane frå kommunane skal sendast til fylkeskommunen. Fylkeskommunenmprioriterer dei søknadane som er komne inn og gir si innstilling til Nkom før 1. september.

Samla har prosjekta ei kostnadsramme på omlag 23,5 millioner kroner, der en søker om ei breibandsstøtte på nær 10,5 millionar kroner.

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.