Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Litt praktisk om FIRST® LEGO® League 2019

To skolelever har robotkjøringskonkurranse under First Lego League 2018

Skal du vere publikum under First® LEGO® League på laurdag? Her er nokre praktiske detaljar om blant anna parkering og mat. Tips også familien om å følgje direkte med frå klokka 09.00 om dei ikkje kan komme på turneringa.

Foto: Trine Helgå

Kunnskaps- og teknologikonkurransen samlar 27 lag frå nye Ålesund. Turneringa er på NMK og vinnaren blir vår representant i finalen mellom lag frå Skandinavia og Færøyane.

Til saman 50 byar i heile Skandinavia har regionale finalar laurdag 9. november.

pdfSjå program for oversikt over deltakarar og praktisk informasjon.

Kjem de med bil?

Det er betalingsparkering i kjellaren og ved hovudinngangen til NMK, markert med oransje boks. Handikappa kan parkere gratis på utsida av NMK!

Anna gratis parkering er markert i kartet med grøn boks og vil vere på parkeringsplassen ved Fagerlia videregående skole (Gangstøvikvegen 2300), Kunnskapsparken/NTNU og studentparkeringa på baksida av NMK.

Program FLL 2019 utkast med endringer

Vil det bli sal av mat og drikke under turneringa?

Det vil vere fleire kioskar inne på NMK. Dei er opne frå kl. 08.00 med mat og drikke til store og små. Det blir ikkje utdeling av mat eller drikke, derfor må ein ta med niste eller betale til kioskane med kontantar, bankkort eller Vipps).

Slik finn de fram på NMK

Der vil vere piler på golvet med desse fargane som viser veg til dei forskjellige presentasjonane.

Raud pil viser til stands der de skal ha marknadsføring og kjerneverdipresentasjonane.
Grøn pil viser til rom der de skal ha teknologipresentasjonane.
Blå pil viser til rom der de skal ha prosjektpresentasjonane.

Piler FLL

Følg med direkte

Følg med direkte frå klokka 09.00.

Litt om årets turnering

600 elevar frå 27 klassar i nye Ålesund har arbeidd lenge og godt med årets oppdrag CITY SHAPER. Oppdraget skal inspirere til nysgjerrigheit mellom anna rundt arkitektur. Laget skal peike på korleis vi bygger byane og bygdene våre for framtida gjennom betre løysingar for transport, tilgjengelege og bygningskonstruksjoner.

Laga skal vise fram prosjektet sitt gjennom robotkøyring og blir vurderte ut frå teknisk gjennomføring, dei skal presentere oppdraget sitt for dommarane og blir også vurderte ut frå presentasjon, marknadsføring og kjerneverdiar.

First® LEGO® League er eit samarbeid mellom nye Ålesund ved Newtonrommet, NMK, NTNU i Ålesund og Sparebanken Møre.

Les meir om First® LEGO® League på hjernekraft.org.

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.