Skrevet den . Publisert i Nyheiter

Forslag til lokalisering

logo til webProsjektleiar har lagt fram sitt forslag til lokalisering. Forslaget skal drøftast med tillitsvalde i midten av mars og endeleg behandlast i fellesnemnda 4. april. Har du synspunkt? Ta kontakt med din tillitsvalde før drøftingsmøtet.

Forslaget gjeld geografisk plassering av funksjoner innan dei såkalla «ikkje-stadbundne» tenestene. Dette er i praksis kontorstillingar som ikkje er knytt opp til til dømes skolar, sjukeheimar, barnehagar, helsetenester, utestyrker og beredskap med meir.

pdfForslag til lokalisering er sendt tillitsvalde 20. februar.

Innstillinga frå prosjektleiar er i hovudsak denne:

1.    Verksemdene skal i hovudsak gje tenester til innbyggarane frå dagens lokalisasjonar.
2.    Dei områda som er prioriterte for flytting blir foreslått lokaliserte i samsvar med oversikt i tabellar for tenesteområda ( sjå forslaget).
3.    Det blir etablert eit eige prosjekt tidleg i 2019 som får i oppdrag å førebu lokale, flytteprosess og gjennomføre flytting av dei prioriterte områda.
4.    Eventuelle økonomiske konsekvensar i samband med flytting blir innarbeidd i budsjettet for 2020 - 2024.
5.    Då lokalisering er ein del av ein omfattande organisasjons- og tenesteutviklingsprosess som går over tid, tar prosjektleiar atterhald om at det kan vere behov for tilpassingar seinare i prosessen.

Bruken av dei eksisterande rådhusa

Det bør etablerast  innbyggartorg i alle dei eksisterande kommunesentra.

Innbyggartorga kan fungere som møteplassar for tettstadane og legge til rette for samskaping og medborgarskap. Her kan det etablerast partnarskap mellom innbyggarar, organisasjonar, næringsliv og aktuelle kommunale tenester.

Innbyggartorga kan i tillegg ha ein fast og føreseieleg funksjon som sikrar at kommunen gir tenester der folk bur. Ved innbyggartorga kan det ytast innbyggarservice, informasjon og rådgiving frå aktuelle tenester. Først og fremst skal innbyggarane oppleve at dei framleis har kort veg til kommunehuset, og til ei dør inn der dei kan bli rettleia vidare i systemet. Her kan dei få avtalt fysiske møte med saksbehandlarar, eller få rettleiing som set dei i kontakt med den rette instansen.

Kommunale tenester som blant anna NAV, barnevern, integrering, tekniske tenester innanfor plan og bygning med fleire kan vere fysisk til stades ved innbyggartorga ved behov. På nokre område vil en legge til rette for faste ordningar/dagar, medan det på andre område kan vere mest hensiktsmessig å ha tilgjengelege lokale/arbeidsplassar der dei mobile fagmiljøa/saksbehandlarar møter innbyggarar etter avtale.

Det er lagt til rette for 45 mobile og fleksible arbeidsplassar samla ved dei fem rådhusa. Dette for å legge til rette for at fagmiljøa er mobile, arbeider tverrfagleg og møter innbyggarane lokalt.  I praksis inneber det av kvart rådhus vil ha tilgjengelege arbeidsplassar til fleire enn dei som har fast arbeidsplass der.

Forslag til fordeling av tenester

Ørskog kommune

Omkring 33 personar i dei aktuelle stillingane (ikkje-stadbundne) har sin arbeidsplass ved Ørskog i dag.

Følgande funksjonar blir foreslått geografisk plasserte i Ørskog:

Forslaget inneber at omkring 30 arbeidsplassar innanfor desse områda blir geografisk plasserte i Ørskog (inkludert 5 tilgjengelege arbeidsplassar for mobile fagmiljø). Stillingane blir lokaliserte til Ørskog kommunehus og til Ørskog Sparebank sitt bygg (12) i Ørskog sentrum der PPT-kontoret for Skodje, Ørskog og Stordal er lokalisert i dag.

Sandøy kommune

Omkring 20 personar i dei aktuelle stillingane (ikkje- stadbundne) har sin arbeidsplass i Sandøy i dag.

Følgjande funksjonar blir foreslått geografisk plasserte i Sandøy:

Forslaget inneber at omkring  20 arbeidsplassar innanfor desse områda blir geografisk plasserte i Sandøy (inkludert 5 arbeidsplassar tilgjengelege for mobile fagmiljø). Stillingane blir lokaliserte til Sandøy kommunehus.

Skodje kommune

Omkring 35 personar i dei aktuelle stillingane (ikkje- stadbundne) har sin arbeidsplass i Skodje i dag.

Følgande funksjonar blir foreslått geografisk passerte i Skodje:

Forslaget inneber at omkring 25 arbeidsplassar innanfor desse områda blir geografisk plasserte i Skodje (inkludert 5 arbeidsplassar tilgjengelege for mobile fagmiljø). Stillingane blir lokaliserte til Skodje kommunehus.

Haram kommune

Omkring 100 personar i dei aktuelle stillingane (ikkje- stadbundne) har sin arbeidsplass i Haram i dag.

Følgande funksjonar blir foreslått geografisk plasserte i Haram:

Forslaget inneber at omkring 100 arbeidsplassar innanfor desse områda blir geografisk plasserte i Haram (inkludert 15 arbeidsplassar tilgjengelege for mobile fagmiljø). Stillingane blir lokaliserte ved Brattvåg kommunehus.

Det vil og vere andre fagmiljø lokaliserte ved tenestehuset som er innanfor det som er rekna som meir stadbundne tenester; til dømes bibliotek, rus/psykiatri, ergo-fysioterapi, helsestasjontenester, familiestøttande tiltak og ressursbasetenester.

Ålesund kommune

Omkring 375 personar innanfor dei aktuelle stillingane (ikkje- stadbundne) har i dag sin arbeidsplass i Ålesund.

Stillingar innanfor følgande funksjonar blir foreslått geografisk plasserte i Ålesund:

Forslaget inneber at omkring 380 arbeidsplassar innan desse områda blir geografisk plasserte i Ålesund (inkludert 15 arbeidsplassar tilgjengelege for mobile fagmiljø). Stillingane blir lokaliserte ved rådhuset i tillegg til andre eigde eller leigde lokale i Ålesund.

Individuell tilpassing

Innbyggartorga skal  ha tilgang på kontorarbeidsplassar for tilsette som har ønske om at det blir tilrettelagt for å arbeide ein eller fleire dagar i veka frå andre lokalitetar enn hovudbasen for avdelinga/seksjonen. Dette skal også gjelde innanfor alle avdelingar og verksemder som er lokaliserte ved dei ulike rådhusa.

Ved innbyggartorga og andre aktuelle avdelingar skal det difor leggast til rette for tilgjengelege arbeidsplassar for desentraliserte funksjonar.

Informasjonsmøte for alle tilsette

Prosjektleiar Astrid Eidsvik inviterer alle tilsette til informasjonsmøte om framtidig organisering, bemanningsplanar og lokalisering slik at det blir mogleg å stille spørsmål til forslaga.

Tillitsvalde har bemanningsplanar oppe til drøfting fredag 22. februar.

Arbeidet med bemanningsplanar handlar først om nivået under kommunalsjefane; seksjonsleiarar, avdelings- og teamleiarar og andre, før bemanningsplanar for heile organisasjonen blir lagte.

Det er frivillig om du ønsker å møte og det vil ikkje bli gitt kompensasjon for oppmøte eller overtidsbetaling.

Møtetidspunkt og stad

Måndag 25. februar:

Sandøy: Amfiet på Sandøyhagen klokka 15.45 - ca. 17.00

Haram: ID-huset klokka 18.00 -  ca.19.30

Tysdag 26. februar:

Ålesund: Bystyresalen klokka 16.00 - ca. 17.30

Skodje: Gomerhuset klokka 18.00 - ca.19.30

Ørskog: Ørskog kulturhus klokka 20.00 - ca 21.30