Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Rådhusgruppa har hatt første møte

arbeidsgruppa for tilrettelegging av rådhus 040619 Arbeidsgruppa for tilpassing av Ålesund rådhus hadde sitt første møte 4. juni. Kvar kommune vil få si lokale arbeidsgruppe som skal gå gjennom tilpassing av eige rådhus.

På sitt første møte tok arbeidsgruppa for seg 10. etasje i Ålesund rådhus.

Arbeidsgruppas forslag for 10. etasje

Denne etasjen treng oppussing i utgangspunktet. Den er i hovudsak i dag slik den blei bygd på 70-talet.

Arbeidsgruppa meiner desse skal sitte i 10. etasje:

Ordførar, varaordførar, leiar av politisk sekretariat, rådmann, assisterande rådmann, 6 kommunalsjefar, 4 stabssjefar, kommunikasjonssjef og sekretariatet for rådmannen/leiargruppa.  Dette er til saman 19 arbeidsplassar.

Arbeidsgruppa meiner førebels at desse også bør sitte i 10. etasje:

Øvrig politiske sekretariat og kommunikasjon – til saman 10 arbeidsplassar inkludert gjestearbeidsplassar.
Gruppa foreslår også at 3 rådgivarstillingar og kommuneadvokatkontoret bør sitte i 10. etasje – til saman 9 arbeidsplassar.

I tillegg må der vere fleire møterom og stillerom.

Skisse over 10. etasje

Fram mot neste møte, 19. juni, blir det arbeidd med ei skisse som legg til rette for følgande forslag frå arbeidsgruppa:

  • Ordførar, varaordførar og leiar politisk sekretariat får cellekontor og blir plasserte i sørvestre del av 10. etasje. Ordførar får 4-akser kontor, varaordførar 3-akser kontor, leiar politisk sekretariat 2- akser kontor.
  • Sørøstre del av 10. etasje blir planlagt som kontorlandskap.
  • Heile sørdelen av 10. etasje blir disponert til leiinga av den nye kommunen.  Forslaget er ein kombinasjon av landskap, cellekontor, møterom og stillerom.
  • Nordre del av 10. etasje blir landskap.  Forslaget er at resten av politisk sekretariat og kommunikasjon blir plasserte her.
  • Resten av nordre del av 10. etasje er foreslått til å i hovudsak ha cellekontor, med nokre stillekontor.  Forslaget er at kommuneadvokatane plasserast her saman med rådgivarar. Det kan også vere ei muligheit å ha kontorfellesskap i denne delen.

På det neste møtet, 19. juni, går arbeidsgruppa gjennom skissa. Deretter er det 1. og 2. etasje i Ålesund rådhus dei skal sjå på.
Alle endringar vil bli presenterte og diskuterte med dei som skal ha arbeidsplassen sin i den aktuelle etasjen.

Kontorlandskap

Prosjektleiar Astrid Eidsvik klargjorde i møtet kvifor det blir opna for ei løysing der nokre av dei tilsette sit i kontorlandskap.

Ho meiner det viktige er å legge til rette for godt arbeidsmiljø og tilpasse arbeidsplassane på ein slik måte at måla med tverrfagleg samarbeid blir ivaretatte.  Det må difor leggast til rette for både kontorlandskap/arbeidsfellesskap med tilhøyrande stillerom og møterom, og cellekontor for dei som må ha dette og ønsker dette.

Eidsvik er klar på at arbeidet må ta den tid som trengs og at det er viktig å få tilbakemeldingar både undervegs i arbeidet og når arbeidsgruppa har kome med forslaget sitt.  

I møtet ga tillitsvalde og vernetenesta uttykk formisnøye knytt til det som har blitt kommunisert ut før arbeidsgruppa trådde i kraft. Det blei også vist til forskingsrapportar som viser at kontorlandskap verken fremmer effektivitet eller gode arbeidsmiljø. pdfReferatet frå møtet refererer tillitsvalde og vernetenesta sitt syn.

Gruppa hadde ein god diskusjon knytt til om landskap er gode eller dårlege løysingar for kommunen. Gruppa blei einig om å legge debatten til sides for å sjå konkret på innhald i dei ulike etasjane, for deretter å forsette diskusjonen om kva som vil vere best eigna – landskap eller cellekontor ut frå funksjonar som skal fyllast.

Arbeidsgruppa

I arbeidsgruppa for tilpassing av Ålesund rådhus, sit:

  • Astrid J. Eidsvik, leiar av gruppa
  • Roar Reiten, personalsjef
  • Malin Piegsa, kommunalsjef for kultur og medborgarskap
  • Ole Andreas Søvik, kommunalsjef for miljø, by- og stadutvikling
  • Anne Bente Skjellum, kommunikasjonssjef
  • Frode Nordstrand, tillitsvald
  • Hanne Tonning, tillitsvald
  • Lars Marius Rindal, hovudverneombod

Mandat

Mandatet er å sjå på korleis rådhusa best kan tilpassast ut frå dei funksjonane som skal plasserast i det einskilde rådhus. Utarbeide ei skisse for korleis flytteprosessen best kan ivaretakast på ein god måte.

Rådmennene i dei enkelte kommunane vel sine representantar inn i arbeidsgruppa. Prosjektleiar vil leie alle arbeidsgruppene. Arbeidet i dei andre arbeidsgruppene vil starte til hausten.

pdfReferat frå møtet 4. juni

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.