Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Innstiller til fellesnemnda for siste gang

ordførarar2 crop fotoHBS Onsdag 25. september skal gebyrforskrifter, betalingsregulativ, reglement og vedtekter opp i arbeidsutval og partssamansett utval. Partssamansett utval skal også diskutere bildelingsordning for tilsette og innbyggarar.

Partssamansett utval (som består av representantar frå arbeidsgivarane og tillitsvalde) og arbeidsutvalet, som er ordførarane i dei fem kommunane, møtast i Brattvåg 25. september. Det er siste gang arbeidsutvalet møtast før kommunestyret og formannskapet tar over jobben frå fellsesnemnda og arbeidsutvalet.

Partssamansett utval sitt møte begynner klokka 08.30, medan rammene for arbeidsutvalets møte er klokka 10.00 - 15.00. Begge møta er opne for publikum og blir haldne i 2. etasje på Ingebrigt Davik-huset.

Begge utvala skal komme med sine innspel om vedtekter for dei kommunale foretaka Ålesund kommunale eigedom (ÅKE), Ålesund brannvesen og Ålesund 110-sentral.

Bildelingsordning for tilsette og innbyggarar

Partsssamansett utval skal diskutere om det skal opprettast ei arbeidsgruppe som som skal kome med forslag til modell for å kunne ta i bruk bildelingsordning for tilsette og innbyggarar i Ålesund kommune frå neste år. Bakgrunnen for forslaget er det grønne skiftet og kommunes ambisjonar i klima- og miljøarbeidet. Rådmannen ønsker å få ned bruken av kommunalt eigde og private bilar til tenestekøyyring, og å få fleire tilsette til å velge anna løysing enn køyring med privat bil til og frå jobb. Tilgang til fossilfrie tenestebilar, elsyklar og syklar, gode kollektivløysingar, og strengare reglar for parkering betalt av arbeidsgivar og retten til kilometergodtgjersle, er verkemiddel som kan nyttast for å oppnå dette.

Arbeidsgruppa skal arbeide med desse problemstillingane:

  • Kvar skal ei (eller fleire ulike) delingsordningar lokaliserast, kven (tenester) skal nytte dei og kor
    mange bilar bør dei omfatte?
  • Kor mange arbeidsgivarbetalte parkeringsplassar kan frigjerast i parkeringshusa i Ålesund
    sentrum? (Faste plassar pluss rabattkort som i røynda er å likne med faste plassar.)
  • Når kan ordninga(ne) kome i gang? Kva må førebuast?
  • Kva for særskilte kriterier bør knyttast til innbyggarane sin bruk av delingsordninga?
  • Er det mogeleg å sette i gang ein pilot t.d lokalisert til Ålesund rådhus for kontortilsette som
    har arbeidsgivarbetalt parkeringsplass, og der behovet for tenestekøyring ikkje inneber frakt
    av materiell i vesentleg omfang? Kor mange kan omfattast av ein slik pilot, kor mange bilar må
    til, og når kan piloten i så fall settast i gang?
  • Kva for spesifikke krav med tilknytning til sjølve ordninga må stillast til aktuelle firma i samband
    med utlysing av anbod på bildelingsordning?

Arbeidsgruppa bør orientere seg om løysingar som er etablert eller er under etablering i
andre kommuner, og særskilt dei som er basert på at innbyggarar skal kunne nytte dei same
bilane til privat bruk etter arbeidstid.

Ordninga skal administrerast av eit eigna eksternt firma etter anbod.

Målet med forslaget og ordninga er at:

  • Kommunen skal avvikle tradisjonelt eigarskap og leasing av ein del tenestebilar med fossilt
    drivstoff.
  • I ein framtidig bildelingspool skal det nyttast fossilfrie bilar, og desse skal inngå i ei
    delingsordning som innbyggarane skal ha tilgang til etter ordinær arbeidstid.
  • Flest mogeleg tilsette skal reise kollektivt, sykle eller gå til jobb.
  • Kommunen skal nytte færre parkeringsplassar i (parkeringshusa i) Ålesund sentrum.
  • Utgiftene til tenestekøyring skal relativt sett ned samanlikna med køyring i dagens kommunar.
    Nye behov for mobilitet vil oppstå, men desse skal i størst mogeleg grad løysast med grønne og
    berekraftige ordningar.

Du finn meir informasjon i sakspapira.

Gebyrforskrifter

Arbeidsutvalet skal gje sine innspel på gebyrforskrifter for sjølvkostområda. Desse områda omfattar vatn, avløp, feiing og tilsyn med fyringsanlegg, bygge- og delesaksbehandling, reguleringsplan og oppmålin og eigerseksjonering.

Kommunalomrdådet for tekniske tenester - miljø, by- og stadutvikling har arbeidd med gebyrregulativa for dei fem kommunane for å harmonisere teneste- og avgiftsnivået.Gebyrforskriftene seier noko om korleis sjølvkosttenestene skal bli gebyrlagt. Kommunestyret skal avgjere gebyrregulativet og betalingssatsane i ei eiga sak i samband med budsjett- og økonomiplanen for 2020 - 2023 (Sjå forslag til Budsjett- og økonomiplan).

Forskriftene er utarbeidd med utgangspunkt i dat dei ska vere rettferdige, tydelege og fleksible. Kommunen skal vere berre eitt gebyrområde og det skal vere like gebyr for tenestene i heile den nye kommunen.

Forslaget har vore ute på høyring og det er kome inn fire svar. Saka med tilråding frå fellesnemnda si tilråding, sendast over til Ålesund kommunestyre for vedtak i møte 14. november. 12. desember vil gebyr- og betalingssatsar for 2020 bli lagt fram for vedtak.

Les meir i sakspapira.

Budsjett og økonomi- og handlingsplan

Begge utvala skal behandle eit framlegg til økonomi- og handlingsplan for 2020.2030. Fellesnemnda skal tilrå til kommunestyret som skal ta den endelege avgjerda.

Rådmannen si innstilling viser korleis kommunen skal følge opp måla, strategiane og prioriteringane som er nedfelt i intensjonsavtalen, og dei vedtaka som er gjort i fellesnemnda for den nye kommunen.Sentralt i arbeidet med å bygge den nye kommunen, står fellesnemnda sitt vedtak om at FNs 17 berekraftsmål skal ligge til grunn for utviklinga av nye Ålesund.

Forslaget inneheld betalingsregulativ for tenestene i den nye kommunen blant anna for sjølvkostområda som er nemnt i avsnittet Gebyrforskrifter over, kommunale barnehagar, heimebasert teneste, opphold i sjukeheim/institusjon, tryggleiksalarm og sporingsteknologi, for diverse fagområde og stabar og Ålesund kyrkjelege fellesnemd. Du kan lese meir i sakspapira.

Interkommunale samarbeid om helsetenester og IKT

Arbeidsutvalet skal behandle eit forslag til interkommunal samarbeidsavtale om helsetenester. Det er foreslått at det blir inngått avtale med kommunane Fjord (Stordal og Norddal), Giske, Hareid, Herøy, Sande, Stranda, Sula, Sykkylven, Ulstein, Vanylven, Vestnes, Volda og Ørsta. Avtalen baserer seg på ein vertskommuneavtale der Ålesund er vert. Kommunane deltar i ulikt omfang.

Sandøy kommune har pr i dag eit samarbeid med Aukra og Misund. Denne avtalen går ut i 2019, og frå 01.01.2020 legg ein opp til å knyte tenestene til Ålesund. I tillegg til dei tenestene Ålesund er vertskommune for, har ein også i Ørskog ei interkommunal legevakt for kommunane Stordal, Norddal, Vestnes og Ørskog. Ørskog interkommunal legevakt dekker legevakt kveld og helg, men samarbeider med Ålesund om nattlegevakt.

Ein legg opp til at legevakta lokalisert på Ørskog blir vidareført, organisert som ein del av Ålesund legevakt. Ny akuttmedisinsk forskrift gjeldande frå 01.01.2020 stiller strengare kompetansekrav for lege i legevakt. Det er søkt om dispensasjon frå dette kravet. Om søknaden ikkje fører fram, vil det ikkje vere praktisk mogleg å vidareføre ei legevaktsavdeling på Ørskog.

Kommunane Giske, Haram, Norddal, Sandøy, Skodje, Sula, Ørskog og Ålesund har i dag eit etablert administrativt vertskommunesamarbeid om IKT-drift. Arbeidsutvalet får ei orientering om arbeidet med å finne riktige rammer for IKT-driftssamarbeidet.

Arbeidsutvalet skal også kome med ei tilråding om eit forslag om samarbeidsavtale om interkommunalt krisesenter der Ålesund kommune er vertskommune.

Reglement

Begge utvala skal behandle fleire reglement.

Forslaget til permisjonsreglement gjeld for alle kommunale arbeidstakarar i eit fast forpliktande arbeidsforhold, også midlertidig tilsette. Reglementet gjeld også alle Ålesund kommunes sine føretak.

Forslag til permisjonsreglement

Kommunesektorens organisasjon (KS) tilrår at det blir gitt merksemd knytt til åremålsdagar, lang teneste i kommunen, og velferdstiltak som kjem alle tilsette til gode.
Dette er positive tiltak til det sosiale miljøet i ein organisasjon. KS tilrår at alle kommunar har slike reglement, og har i kommunenes personalhandbok kome med følgande opplisting over kva type merksemd det er vanleg å markere:

  • Fratreden etter lang teneste
  • Fratreden ved pensjonsalder
  • 50 og 60 år
  • 25 års jubileum som tilsett i kommunen (eventuelt 30-/40-årsjubileum)
  • Gravferd
  • Bryllaup

Alle dei fem noverande kommunane har reglement som regulerer kva arbeidsgivar harforplikta seg til når det kjem til gåver og påskjønning. Det er store skilnader mellom kommunane kva dei har regulert inn i sine reglement.
Forslaget til reglement for gåver og påskjønning i den nye kommunen har vore utarbeidd av ei arbeidsgruppe med representantar frå tillitsvalte og arbeidsgivar. Forslaget frå arbeidsgruppa er diskutert i styringsgruppa for stabsområdet personal og organisasjon og har vore oppe i drøftingsmøte mellom arbeidsgivar og tillitsvalde. Partane er samde i forslaget. Reglementet er i samsvar med gjeldande skattereglar knytt til skattefritak.

Forslag til reglement for gåver og påskjønning i Ålesund kommune

Eit tilsettings- og arbeidsreglement skal gje dei tilsette ei kortfatta oversikt over dei viktigaste reglane som gjeld arbeidsforhold i den nye kommunen. Arbeidsreglementet blir normalt lagt til grunn som ein del av arbeidsavtalen og er vanleg å sende ut saman med tilbod om tilsetting. Ei arbeidsgruppe med arbeidsgivar- og tilltisvalde representantar har utarbeidd forslaget som er lagt fram for styringsgruppa for personal og organisasjon og har vore oppe i drøftingsmøte mellom arbeidsgivar og tillitsvalde. Forslaget er i stor grad i samsvar med reglane i dei fem kommunane i dag, og det er utarbeidd i samsvar med lovar, avtalar og sedvane.

Forslag til tilsettings- og arbeidsreglement for Ålesund kommune

Alle arbeidstakarar har rett til fleksibel arbeidstid dersom det kan gjennomførast utan vesentleg ulempe for verksemda. Av omsyn til brukarane og dei interne samarbeidsbehova, er det ein føresetnad at praktisering av fleksibel arbeidstid blir nytta på ein slik måte at alle tenesteområda og tenestene er bemanna i ordinær arbeidstid. Det må vere like lett å få tak i verksemda for brukarane som før innføringa av ordninga. Det vil vere kontroll med arbeidstida gjennom eit elektronisk tidsregistreringssystem. Ordninga skal ikkje føre til ekstra kostnader i form av overtidsbetaling eller andre tillegg.

Forslag til retningslinjer for fleksitidsordning

Andre saker i arbeidsutvalet

Fleire forslag om å legge forskrifter ut på høyring:

Her kan du sjå alle sakspapira til møta i partssamansett utval og arbeidsutvalet.

Fellesnemnda gir sine tilrådingar i sakene i sitt siste møte 3. oktober. Det nye kommunestyret skal ta dei endelege avgjerdene. Kommunestyret har sitt konstituerande møte 24. oktober. Kommunestyremøta skal haldast på rådhuset i Ålesund, i den faste salen for politiske møte.

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.