Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

#heiltmitt - todagars folkefest!

arbeidsmøte crop IDhust 240919Første søndag i 2020 inviterer nye Ålesund innbyggarane til storfest for den nye kommunen. Og dagen etter møtest 2 500 ungdomsskoleelevar til felles første skoledag i den nye kommunen.

Planlegginga av storfesten er sjølvsagt i god gang og tysdag 24. september møttast representantar frå kulturavdelingar, skolar, frivillig sektor, politiet og offentlege tenester på ID-huset i Haram for å planlegge den store feiringa og for å kome med idear og innspel til kva som bør vere med. (Bilde i toppen av saken) Det var stort engasjement blant unge og vaksne og stemninga var høg.

-    Det er klart at vi må markere den nye kommunen og Noregs største kommunesamanslåing, seier prosjektleiar for nye Ålesund kommune, Astrid Eidsvik.
Og skal ein markere fødselsdagen for ein ny kommune, så er det sjølvsagt innbyggarane det må handle om.

-    Vi inviterer til folkefest i Sparebanken Møre Arena. Der skal vi vere i lag og oppleve breidda av aktivitetar og moglegheiter i den nye kommunen, og vi lovar at det skal bli mykje som skal skje både på scena og på golvet.

#heiltmitt

Medan nye Ålesund kommune i prosjektfasen har brukt emneknaggen «littmitt» i sosiale media, tar ein no i bruk «heiltmitt», som også blir namnet på arrangementet.

-    No startar kvardagen i nye Ålesund og vi er til for innbyggarane våre. Vi er heilt og haldent deira uansett kva kommune ein tidlegare har budd i, så no er det «heiltmitt» som gjeld.

Kva skjer?

Søndag er alle innbyggarar velkomne til arrangementet i hallen. Det blir program frå scena og mingle- og myldreaktivitetar på golvet. Her kan du ta deg ein matbit og ein prat med både nye og gamle naboar, du kan få innblikk i aktivitetstilbod og møte ulike arbeidsplassar, og du kan få med deg noko av all den gode kulturen som innbyggarane i den nye kommunen skaper.

Det blir lagt opp til sceneshow med fleire bolkar slik at folk skal få få oppleve både det som skjer frå scena og det som skjer i salen. På scena skal det bli samspel på tvers av kunstuttrykk, alder og geografi. Programmet skal ta i bruk både unge, råe talent og etablerte og erfarne kunstnarar. Det skal vise fram noko av alt som finst rundt i heile den nye kommunen – og det skal underhalde og begeistre, vere gøy både for dei på scena og dei i salen.

Bli kjent med kvarandre og kommunen

Og måndag er det ungdomsskoleelevane i den nye kommunen sin tur. Då samlast alle dei 2.500 elevane seg til første skoledag i den nye kommunen.

-    Og dette skal bli ein skoledag dei ikkje vil gløyme. Vi skal gi dei masse bra program og opplevingar samtidig som dei skal bli kjent kommunen og kvarandre. Og som programleiar har vi fått tak i Leo Ajkic.

Ei prosjektgruppe er no i arbeid for å få brikkane på plass når det gjeld aktivitetar, mat og program.

-    Og målet er å få til ei feiring som er både folkefest og «pomp and circumstance». Vi gler oss til festdagane i januar og håper på mykje folk.

På bildet under:

Lin Marie Norberg Jacobsen frå kulturavdelinga i nye Ålesund kommune, kommunikasjonssjef i nye Ålesund, Anne Bente Skjellum, prosjektkoordinator Torill Myren og Linda Beate Hansen frå førebyggande tenester i nye Ålesund gler seg til å invitere til folkefest som skal vise fram noko av alt som finst rundt i heile den nye kommunen, som skal underhalde og begeistre og vere gøy både for dei på scena og dei i salen.

feiring prosjektgruppe

 

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.