Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Pris til smarte Ålesund

OSC og nye Ålesund mottar pris i Valencia, saman med Kari Aina Eik, gen.sekr i U4SSCNye Ålesund fekk 1. oktober tildelt pris av den FN-organisasjonen United for Smart and Sustainable Cities (U4SSC). Ålesund var ein av fem byar som fekk pris frå FN-organisasjonen.

Tildelinga skjedde i samband med den internasjonale telkommunikasjonsunionens (ITU) niande Green Standards Week som blir arrangert 1. – 4. oktober i Valencia i Spania. 9th Green Standards Week er ei global plattform der beslutningstakarar, ekspertar, byplanleggarar, reguleringsmyndigheiter med fleire kjem saman for å diskutere korleis teknologi og teknologiutvikling kan legge til rette for smarte og berekraftige byar.

Bakgrunn

Nye Ålesund får prisen fordi kommunen, saman med Sula og Giske, er den første byregionen i Norge som er tatt opp i FNs smartbynettverk. Målet med nettverket er å satse på teknologi som bidrar til eit betre samfunn for innbyggarane. Ved hjelp av nettverket har nye Ålesund, saman med eit team av internasjonale og lokale ekspertar, samla inn data for å utvikle smartbyprofilen – ein analyse av regionens ståstad knytt til korleis regionen bruker smart teknologi allereie og korleis vi kan bli betre til å bruke smart teknologi.

I tillegg er det etablert eit samarbeid mellom FN-nettverket og Offshore Simulator Center (OCS) ved Campus i Ålesund. Saman skal dei utvikle eit simuleringsverktøy for berekraftig by- og regionsutvikling.
Ålesund får også Nord-Europas første berekraftige smartby-lab i samarbeid med United for Smart and Sustainable Cities. Laben vil ta i bruk visualisering og simulering for å utvikle og iverksette berekraftsprosjekt innan tema som utdanning, helse, infrastruktur, mobilitet og energi.

Inspirerande!

Ordførar Eva Vinje Aurdal tok imot prisen på vegne av Ålesund.

-    Vi blir stolte av arbeidet vi gjer i Ålesund, når vi ser den internasjonale merksemda vi får. Dette gir inspirasjon til å jobbe vidare med ein smart og berekraftig Ålesund kommune. Dei målingane vi har gjort gjennom samarbeidet med FNs organisasjon U4 SSC, gir oss eit godt grunnlag for strategiarbeidet framover.

I tillegg til Ålesund, fekk byane Riaydh (Marokko), Moskva, Valencia og Dubai pris av FN-organisasjonen for sitt arbeid med smart og berekraftig utvikling.

Billedtekst: Joel Mills frå OSC, assisterande rådmann Bente Glomset Vikhagen, ordførar Eva Vinje Aurdal, generalsekretær for U4SSC Kari Aina Eik og rådmann Astrid J. Eidsvik er nøgde med prisen nye Ålesund fekk i Valencia.

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.