Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Avgjerder i siste fellesnemnd

fellesnemnda på sitt siste møte 3. oktober 2019. Møtet var i BrattvågFellesnemnda vedtok å opprette tre oppgåveutval på sitt siste møte. I tillegg behandla nemnda blant anna vedtak, forkrifter og gebyrforskrifter.

Nemnda innstilte til det nye kommunestyret å vedta forslaget om vedtekter for dei kommunale foretaka Ålesund kommunale eigedom (ÅKE) der arbeidsutvalet hadde eit tillegg til forslaget, Ålesund brannvesen og Ålesund 110-sentral.

Oppgåveutval for første gang

Fellesnemnda vedtok å oppnemne tre oppgåveutval som skal kome med framlegg om kven som skal vere medlemmar og varamedlemmar i dei tre lovfesta råda -eldreråd, råd for menneske med nedsett funksjonsevne og ungdomsråd. Medlemmar til dei tre råda blir endeleg utnemnt av kommunestyret i møtet i desember.

Oppgåveutval er ei arbeidsform der lokalpolitikarane samarbeider med innbyggarane. Formålet er å sikre at innbyggaranes kompetanse blir brukt i avgjerdene kommunen skal ta. Oppgåveutvala er midlertidige, rådgivande og avgrensa i tema. Oppgåveutval passar når det er bestemte oppgåver kommunen skal finne konkrete løysingar på.

Prosjektleiar meiner det er viktig at medlemmane av dei tre råda er representativ for den målgruppa dei skal ivareta. Det må difor legast til rette for ein prosess for å få fram forslag til kandidatar. Dette meiner prosjektleiar dei tre oppgåveutvala kan bidra med.

Arbeid gjennom oppgåveutval er ganske ny i Noreg og inspirasjon er henta frå danske Gentofte kommune. Svevik og Øvre Eiker kommune har hatt oppgåveutval sidan 2016.

Les meir om oppgåveutval på regjeringen.no.

Gebyrforskrifter

Fellesnemnda tilrådde gebyrforskrifter for sjølvkostområda. Desse områda omfattar vatn, avløp, feiing og tilsyn med fyringsanlegg, bygge- og delesaksbehandling, reguleringsplan og oppmålin og eigerseksjonering.

Kommunalomrdådet for tekniske tenester - miljø, by- og stadutvikling har arbeidd med gebyrregulativa for dei fem kommunane for å harmonisere teneste- og avgiftsnivået.Gebyrforskriftene seier noko om korleis sjølvkosttenestene skal bli gebyrlagt. Kommunestyret skal avgjere gebyrregulativet og betalingssatsane i ei eiga sak i samband med budsjett- og økonomiplanen for 2020 - 2023 (Sjå forslag til Budsjett- og økonomiplan under).

Forskriftene er utarbeidd med utgangspunkt i dat dei skal vere rettferdige, tydelege og fleksible. Kommunen skal vere berre eitt gebyrområde og det skal vere like gebyr for tenestene i heile den nye kommunen.

Forslaget har vore ute på høyring og det er kome inn fire svar. Saka med tilråding frå fellesnemnda si tilråding, sendast over til Ålesund kommunestyre for vedtak i møte 14. november. 12. desember vil gebyr- og betalingssatsar for 2020 bli lagt fram for vedtak.

Les meir i sakspapira..

Budsjett og økonomi- og handlingsplan

Fellesnemnda vedtok eit framlegg til økonomi- og handlingsplan for 2020.2030. Fellesnemnda tilrår til kommunestyret som skal ta den endelege avgjerda.

Fellesnemnda si innstilling viser korleis kommunen skal følge opp måla, strategiane og prioriteringane som er nedfelt i intensjonsavtalen, og dei vedtaka som er gjort i fellesnemnda for den nye kommunen.Sentralt i arbeidet med å bygge den nye kommunen, står fellesnemnda sitt vedtak om at FNs 17 berekraftsmål skal ligge til grunn for utviklinga av nye Ålesund.

Forslaget inneheld betalingsregulativ for tenestene i den nye kommunen blant anna for sjølvkostområda som er nemnt i avsnittet Gebyrforskrifter over, kommunale barnehagar, heimebasert teneste, opphold i sjukeheim/institusjon, tryggleiksalarm og sporingsteknologi, for diverse fagområde og stabar og Ålesund kyrkjelege fellesnemd. Du kan lese meir i sakspapira..

Rekneskap

Fellesnemnda tok rekneskapsrapporten for 2. periode av 2019 til orientering.

Interkommunale samarbeid om helsetenester og IKT

Fellesnemnda sa ja til eit forslag til interkommunal samarbeidsavtale om helsetenester.. Forslaget inneber at det blir inngått avtale med kommunane Fjord (Stordal og Norddal), Giske, Hareid, Herøy, Sande, Stranda, Sula, Sykkylven, Ulstein, Vanylven, Vestnes, Volda og Ørsta. Avtalen baserer seg på ein vertskommuneavtale der Ålesund er vert. Kommunane deltar i ulikt omfang.

Sandøy kommune har pr i dag eit samarbeid med Aukra og Misund. Denne avtalen går ut i 2019, og frå 01.01.2020 legg ein opp til å knyte tenestene til Ålesund. I tillegg til dei tenestene Ålesund er vertskommune for, har ein også i Ørskog ei interkommunal legevakt for kommunane Stordal, Norddal, Vestnes og Ørskog. Ørskog interkommunal legevakt dekker legevakt kveld og helg, men samarbeider med Ålesund om nattlegevakt.

Ein legg opp til at legevakta lokalisert på Ørskog blir vidareført, organisert som ein del av Ålesund legevakt. Ny akuttmedisinsk forskrift gjeldande frå 01.01.2020 stiller strengare kompetansekrav for lege i legevakt. Det er søkt om dispensasjon frå dette kravet. Om søknaden ikkje fører fram, vil det ikkje vere praktisk mogleg å vidareføre ei legevaktsavdeling på Ørskog.

Kommunane Giske, Haram, Norddal, Sandøy, Skodje, Sula, Ørskog og Ålesund har i dag eit etablert administrativt vertskommunesamarbeid om IKT-drift. Fellesnemnda fekk ei orientering om arbeidet med å finne riktige rammer for IKT-driftssamarbeidet.

Fellesnemnda vedtok i eit forslag om samarbeidsavtale om interkommunalt krisesenter der Ålesund kommune er vertskommune.

Reglement

Fellesnemnda vedtok fleire reglement.

Forslaget til permisjonsreglement gjeld for alle kommunale arbeidstakarar i eit fast forpliktande arbeidsforhold, også midlertidig tilsette. Reglementet gjeld også alle Ålesund kommunes sine føretak.

Forslag til permisjonsreglement

Kommunesektorens organisasjon (KS) tilrår at det blir gitt merksemd knytt til åremålsdagar, lang teneste i kommunen, og velferdstiltak som kjem alle tilsette til gode.
Dette er positive tiltak til det sosiale miljøet i ein organisasjon. KS tilrår at alle kommunar har slike reglement, og har i kommunenes personalhandbok kome med følgande opplisting over kva type merksemd det er vanleg å markere:

  • Fratreden etter lang teneste
  • Fratreden ved pensjonsalder
  • 50 og 60 år
  • 25 års jubileum som tilsett i kommunen (eventuelt 30-/40-årsjubileum)
  • Gravferd
  • Bryllaup

Alle dei fem noverande kommunane har reglement som regulerer kva arbeidsgivar harforplikta seg til når det kjem til gåver og påskjønning. Det er store skilnader mellom kommunane kva dei har regulert inn i sine reglement.
Forslaget til reglement for gåver og påskjønning i den nye kommunen har vore utarbeidd av ei arbeidsgruppe med representantar frå tillitsvalte og arbeidsgivar. Forslaget frå arbeidsgruppa er diskutert i styringsgruppa for stabsområdet personal og organisasjon og har vore oppe i drøftingsmøte mellom arbeidsgivar og tillitsvalde. Partane er samde i forslaget. Reglementet er i samsvar med gjeldande skattereglar knytt til skattefritak.

Forslag til reglement for gåver og påskjønning i Ålesund kommune

Eit tilsettings- og arbeidsreglement skal gje dei tilsette ei kortfatta oversikt over dei viktigaste reglane som gjeld arbeidsforhold i den nye kommunen. Arbeidsreglementet blir normalt lagt til grunn som ein del av arbeidsavtalen og er vanleg å sende ut saman med tilbod om tilsetting. Ei arbeidsgruppe med arbeidsgivar- og tilltisvalde representantar har utarbeidd forslaget som er lagt fram for styringsgruppa for personal og organisasjon og har vore oppe i drøftingsmøte mellom arbeidsgivar og tillitsvalde. Forslaget er i stor grad i samsvar med reglane i dei fem kommunane i dag, og det er utarbeidd i samsvar med lovar, avtalar og sedvane.

Forslag til tilsettings- og arbeidsreglement for Ålesund kommune

Alle arbeidstakarar har rett til fleksibel arbeidstid dersom det kan gjennomførast utan vesentleg ulempe for verksemda. Av omsyn til brukarane og dei interne samarbeidsbehova, er det ein føresetnad at praktisering av fleksibel arbeidstid blir nytta på ein slik måte at alle tenesteområda og tenestene er bemanna i ordinær arbeidstid. Det må vere like lett å få tak i verksemda for brukarane som før innføringa av ordninga. Det vil vere kontroll med arbeidstida gjennom eit elektronisk tidsregistreringssystem. Ordninga skal ikkje føre til ekstra kostnader i form av overtidsbetaling eller andre tillegg.

Forslag til retningslinjer for fleksitidsordning

Andre saker i fellesnemnda

Fellesnemnda gir sine tilrådingar i alle sakene i dette siste møtet. Det nye kommunestyret skal ta dei endelege avgjerdene. Kommunestyret har sitt konstituerande møte 24. oktober. Kommunestyremøta skal haldast på rådhuset i Ålesund, i den faste salen for politiske møte.

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.