Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Pasientjournalen frå A – Å

nye alesund kommune eidet omsorg haram tonemolnes TMO7811 crop 900x600Leiarar innan helse- og omsorgstenesten i nye Ålesund inviterast til fagseminar om skriving av pasientjournal fredag 29. november. Påmeldingsfristen er 12. november.

Invitasjonen gjeld  alle leiarar i kommunalområda velferd og sysselsetting, helse og omsorg og barn, familie og integrering.

Tidspunkt: Fredag 29. november kl.10.00 – 16.00

Stad: Bystyresalen på Ålesund rådhus, 4. et. i lavblokka, same inngang som biblioteket (sørsida)

Mål: Kompetanseheving for leiarar på alle nivå med ansvar for pasientjournalen.

Førelesar: Knut Fredrik Thorne, jurist for Veilederen.no

Program

  • Veilederen.no - Informasjon om bruk.
  • Juss - ein del av kvardagen i helse og omsorg (dei viktigaste lovene og prinsippa)
  • Forskrift om leiing og kvalitetsforbetring i helse- og omsorgstenesten
  • Dokumentasjonsplikta
    • Forskrift om pasientjournal
    • Kva er god journalføring?
    • Roller
  • Kva bør vi passe på ved spørsmål om utskrift av journal Arrangementet er gratis.

Det blir servert lunsj.  

Meld deg på her!

Har du spørsmål knytt til fagseminaret, kan du kontakte Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Kvifor eit slikt fagseminar?

Fagseminaret blir arrangert med bakgrunn i endring i Pasientjournalforskriften av 01.07.19  og erfaringar frå gjennomførte interne tilsyn og som initiativ i harmoniseringsarbeidet i nye Ålesund.

-    Jeg ble lut lei av å lese om doturer, soving, brødskiver med leverpostei, tannpuss og hvem de har hatt besøk av. Det var som endeløse dårlige skolestiler. Viktige medisinske observasjoner og beskjeder drukna mellom brødskiver og besøk.

Det seier Knut Fredrik Thorne i eit intervju med bladet Sykpleien i 2011. Han var då pasientombod og frykta at pasientar døyr fordi helsepersonell skrivfor lange journalar som ikkje blir lesne.

Her er heile artikkelen:
Altfor lange journaler truer pasientsikkerhet

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.