Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Kommunestyrets første møte

Aalesund rdhusTorsdag 24. oktober møtast kommunestyret i nye Ålesund til sitt konstituerande møte. Kommunestyret skal velje medlemmar til forskjellige utval og komitear og vedta kommunevåpen for den nye kommunen.

Kommunestyrets møte blir haldne i 4.et i lavblokka på Ålesund rådhus i same sal som bystyremøta til eksisterande Ålesund. Dette blir den faste møtestaden for kommunestyret. Møtet begynner klokka 1700 og er ope for publikum. Det er også mogleg å følge møtet direkte på nett eller sjå det i opptak i etterkant.

Kommunestyret skal behandle reglement for dei folkevalde i den nye kommunen

Val

Desse vala skal gjerast av kommunestyret:

Kommunevåpen og ordførarkjede

Kommunestyret skal vedta kva kommunevåpen Ålesund skal ha. Innstillinga frå fellesnemnda er at kommunestyret vedtar Ålesund sitt byvåpen som nytt kommunevåpen for Ålesund frå 2020. Fellesnemnda foreslår også at det skal arbeidast vidare med ei digital profil i trad med delar av framlegget til ELLEmELLE i fellesnemndas møte i juni.

Det blir foreslått at det blir oppretta eit oppgåveutval med ordføraren som leiar som skal utarbeide forslag til nytt ordførarkjede for Ålesund kommune. I tillegg til ordføraren skal utvalet ha 4 medlemmar.

Om kommunestyret

Kommunestyret i Ålesund har 77 medlemmer. Dei har sitt konstituerande møte no, men trer ikkje formelt i kraft før 1. januar. Kommunestyret tar over for fellesnemnda og skal avgjere spørsmål som gjer det mogleg å drifte den nye kommunen frå 1. januar. Samtidig skal dei eksisterande kommunestyra fungere og ta dei avgjerdene som er nødvendige for å avslutte arbeidet i dei eksisterande kommunane fram mot årsskiftet. Ordførarane fungerer i sine roller fram til formell overgang til den nye kommunen.

 

 

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.