Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Formannskapets første møte

klubbe crop5. november møtast formannskapet for den nye kommunen for første gang. Politikarane skal behandle forslag til budsjett- og økonomiplan og fleire forslag til reglement, vedtekter og gebyr.

Møtet blir halde klokka 09.00 - 14.00 i formannskapssalen på Ålesund rådhus i 11. et. Møtet er ope for publikum og inngang er via servicetorget i resepsjonen. Det er også mogleg å følge møtet direkte på nett.

Du finn alle sakspapira på nyealesund.no under Politikk og møteplan.

Budsjett, økonomi- og handlingsplan

Rådmannen si innstilling til budsjett for 2020 og økonomi- og handlingsplan for perioden 2020 – 2023 for nye Ålesund kommune viser korleis kommunen skal følge opp dei måla, strategiane og prioriteringane som er nedfelte i intensjonsavtalen, og dei vedtak som er gjort i fellesnemnda for den nye kommunen. Sentralt i arbeidet med å bygge den nye kommunen, står fellesnemndas vedtak om at FNs 17 berekraftsmål skal ligge til grunn for utviklinga av nye Ålesund kommune.

I tråd med måla i intensjonsavtalen, legg rådmannen i sitt budsjettforslag opp til at basistenestene i hovudsak blir lokaliseret der dei er i dag. Driftsbudsjettet for den nye
kommunen er difor i stor grad ei vidareføring av driftsbudsjetta til dei fem kommunane som inngår i den nye kommunen.

Det blir vidare lagt opp til å vidareføre investeringsplanane om lag slik dei ligg føre i dei fem kommunane sine gjeldande økonomiplanar. Etter fellesnemndas behandling av budsjett og økonomiplan, har rådmannen gjort nokre endringar i sjølve budsjettdokumentet, slik at dei tiltaka som no er lista opp er heilt i tråd med gjeldande økonomiplaner i dei gamle kommunane.

Eigedomsskatt

Ålesund, Skodje og Sandøy  har eigedomsskatt i dag. Nye Ålesund har søkt, og fått - til liks med fleire andre kommunar som har denne problemstillinga, lov til å avvike frå nokre punkt i eigedomsskatteloven. Dette betyr mellom anna at det er gitt adgang til å vidareføre eigedomsskatt i dei kommunane som i dag har dette utan å krevje inn eigedomsskatt i Haram og Ørskog kommune for ein overgangsperiode på inntil to år. Frå og med 2022 må det vere likt i heile kommunen. Det er Kommunal- og moderniseringsdepartementet som har behandla søknaden.

Overgangsperioden for harmonisering av eigedomsskatten blir påbegynt i 2021. For 2020 vidareførast difor eigedomsskatten i tidlegare Sandøy, Skodje og Ålesund
kommunar slik skatten blei utskriven der i 2019.

Tidlegare Sandøy, Skodje og Ålesund

Forslaget er at kommunestyret vedtar å skrive ut eigedomsskatt for 2020 med ein skattesats på 2 promille.

Planstrategi

Formannskapet skal også kome med si innstilling når det gjeld forslag til planstrategi.

Forslag til reglement, vedtekter og forskrifter

Fellesnemnda har kome med si tilråding til kommunestyret når det gjeld gebyrforskrifter for sjølvkostområda. Desse områda omfattar vatn, avløp, feiing og tilsyn med fyringsanlegg, bygge- og delesaksbehandling, reguleringsplan og oppmålin og eigerseksjonering.

Det er arbeidd med gebyrregulativa  for dei fem kommunane for å harmonisere teneste- og avgiftsnivået.Gebyrforskriftene seier noko om korleis sjølvkosttenestene skal bli gebyrlagt. Forskriftene er utarbeidd med utgangspunkt i dat dei skal vere rettferdige, tydelege og fleksible. Kommunen skal vere berre eitt gebyrområde og det skal vere like gebyr for tenestene i heile den nye kommunen.

Kommunestyret skal avgjere gebyrregulativet og betalingssatsane i ei eiga sak i samband med budsjett- og økonomiplanen for 2020 - 2023. Formannskapet skal gje si tilråding.

I tillegg skal formannskapet kome med si innstilling blant anna når det gjeld:

  • Økonimireglement for Ålesund kommune og dei kommunale føretaka
  • Lokal forskrift og reglement om folkevalde sine rettar, plikter og arbeidsvilkår
  • Delegeringsreglement for Ålesund kommune
  • Reglement for partssamansette utval. Oppnemning av folkevalde representantar til partssamansett utval og arbeidsmiljøutval.
  • Tilsetttings- og arbeidsreglement for nye Ålesund kommune
  • Fleksitidsordning for nye Ålesund kommune
  • Permisjonsreglement i Ålesund kommune
  • Reglement for gåver og påskjønning i Ålesund kommune
  • Ålesund brannvesen KF - godkjenning av vedtekter
  • Møre og Romsdal 110-sentral KF - godkjenning av vedtekter

Forslag om interkommunale avtalar

  • Interkommunal samarbeidsavtale om arbeidsgivarkontroll
  • Interkommunal samarbeidsavtale om barnevernvaktordning
  • Interkommunal samarbeidsavtale om pedagogisk-psykologisk teneste
  • Interkommunal samarbeidsavtale om skatteinnkreving
  • Interkommunal samarbeidsavtale om tenester i NAV.
  • Interkommunal samarbeidsavtale om helsetenester
  • Samarbeidsavtale om interkommunalt krisesenter
  • Avtale om samarbeid på barnevernområdet
  • Avtale om politiråd i nye Ålesund

 

 

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.