Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Offisiell opning av FNs framtidslab - U4SSC i Ålesund

samarbeid om berekraft i smartyblaben i Ålesund 900x600Nye Ålesund inviterer til offisiell opning av FNs framtidslab - U4SSC (United for Smart and Sustainable Cities) i Ålesund. Opninga er 7. november klokka 16.00 i framtidslaben på NMK.

FNs framtidslab ligg i 6. etasje på NMK (Norsk maritimt kompetansesenter).

Det vil bli introduksjon av partnarane og nokre av prosjekta vi saman skal arbeide med i laben, enkel servering og underhaldning.
Fleire toppleiarar frå FN-systemet vil vere til stades under opninga.

Det er nødvendig å registrere seg i resepsjonen på NMK før de kjem opp.

Påmeldingsfristen er 4. november via vårt påmeldingsskjema.

Velkomne! Vi gler oss.

invitasjon opning smartlab

Om FNs framtidslab

Nye Ålesund blir vertskap for FNs Smart City Lab. Laben vil bli nummer to i verda og vil gjere Ålesund til et utstillingsvindauge for FNs smartbyprogram.

Gjennom FNs framtidslab får regionen tilgang til verdas største byutviklingsprogram og FNs kompetanse om smarte byar. Framtidslaben handlar om  å samle prosjekt, folk og kunnskap, bruk av kunstig intelligens og simulering av framtidige løysingar - alt i eit samarbeid med akademia, næringslivet og andre samfunnsinteresser. Offshore Simulator Center har utvikla ein digital tvilling av Ålesund og vil samarbeide med U4SSC om å utvikle fleire digitale tvillingar slik at ein kan sjå løysingar digitalt og ikkje på papir.

Det handlar om å finne betre løysingar og ta betre avgjerder og dele desse med andre - både for bedrifter og det offentlege.

Les meir om smarte Ålesund.

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.