Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Viktig om re-installering av PC-ar

nye alesund kommune luminell alesund tonemolnes Alle tilsette i Haram, Sandøy, Skodje og Ørskog vil få endra oppsettet på PC-ane sine. Her er ei bruksanvisning på kva kvar enkelt må gjere før PC-en blir re-installert.

I samband med overgangen til nye Ålesund kommune, vil det komme endringar på oppsettet på den enkelte PC. Dette gjeld brukarar i Haram, Sandøy, Skodje og Ørskog. Alle maskiner vil bli innlemma i ein felles katalogteneste og med felles distribusjonssystem for programvare. Samtidig vil det bli rulla ut ein felles sikkerheitsstandard for alle maskiner.

Alle PC-ar i dei fire kommunane vil bli re-installert med Windows 10 og alle data på maskina vil bli sletta.

Etter re-installasjonen vil maskina vere sett opp med program for den nye kommunen. Nokre program som tidlegare var installerte lokalt på maskina di vil berre vere tilgjengeleg frå sentrale serverar i ein overgangsperiode. Det vil kome meir informasjon om korleis du kan starte desse programma.

Sjekkliste før re-installasjon

Det er viktig at du sjekkar, og gjer følgande FØR re-installasjon:

  • Ta vare på dei lokalt lagra data som du ønsker å ta vare på (program, dokument, filer, bilde, som ligg lagra på PC-en)
  • Alle tilsette som bruker ein PC - felles eller personleg, må overføre lokalt lagra brukardata til sine respektive heimeområde eller fellesområde. Dette vil ikkje bli gjort av IT.

nettforklaring

 

 

 

 

 

 

 

  • Hvis du lurer på kva som er heimeområdet ditt eller fellesområde, ta kontakt med IT-ansvarleg i den enkelte kommunen.
  • Ta vare på lokalt installerte program. Det er program som er installerte/lasta ned av deg eller avdelinga og som ikkje er ein del av standard programvare, det vil seie programvare som ikkje er installert via Software Center. Desse er det viktig at du noterer deg slik at IT kan re-installere desse programma for deg.

Private dokument, bilde og video skal ikkje ligge på heimeområde eller fellesområde, desse må du lagre på ein annen måte.

Ta vare på snarvegar

Ta vare på snarvegar du har lagra i den nettlesaren du bruker. Her er framgangsmåte for korleis å gjere dette for dei forskjellige nettlesarane:

google crop

    
   pdfEksporter bokmerke frå Google Chrome
   pdfImporter bokmerke til Google Chrome

 

edge crop
   pdfEksporter bokmerke frå Edge
   pdfImporter bokmerke til Edge

 

explorer crop
  Eksporter bokmerke frå Internet Explorer
  Importer bokmerke til Internet Explorer

 

firefox crop
  Eksporter bokmerke frå Firefox
  Importer bokmerke til Firefox

 

Det er viktig å hugse at det er ein stor risiko å lagre data lokalt på ein PC. Desse dataa blir ikkje sikkerheitskopiert, om du ikkje sjølv har rutine for å gjere dette. Det luraste er å bruke heimeområde eller fellesområde på server for lagring.

Om du har tilgang til OneDrive (skybasert lagring), er det betre å bruke enn lokal lagring.

Når skjer re-installasjonen

Førebelse datoar:

Lærarar og skoleadministrasjon:

Gjennomføring 11. november - 20. november

Administrasjon:

Pilot: 18. november - 22. november

Gjennomføring: 25 november - 20. desember

Plan for den enkelte avdeling/eining blir sendt ut i forkant av re-installasjonen.

 

 

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.