Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

FIRST® LEGO® League 2019 tok av!

Champions 2019600 elevar frå nye Ålesund skapte stor stemning på NMK under FIRST® LEGO® League på NMK, 9. november. Vinnarlaget blei NRG - Next Robotic Generation frå Tennfjord skule i Haram!

NRG - Next Robotic Generation frå Tennfjord skule i Haram skal representere nye Ålesund i den skandinaviske finalen i Roskilde. Vinnarlaget fekk fekk eit klassesett med Lego Spike frå Sparebanken Møre, samt invitasjon til skandinavisk finale i Roskilde 29. - 30. november.

FIRST® LEGO® League er ein teknologi- og kunnskapskonkurranse for barn som inneber robotkøyring, presentasjonar og marknadsføring av prosjektet. Elevane har arbeidd i åtte veker med prosjektet og i finalen presenterte dei resultatet.

Årets oppdrag var CITY SHAPER. Oppdraget skal inspirere til nysgjerrigheit mellom anna rundt arkitektur. Laget skal peike på korleis vi bygger byane og bygdene våre for framtida gjennom betre løysingar for transport, tilgjengelege og bygningskonstruksjoner.

Laga viste fram prosjektet sitt gjennom robotkøyring og blei vurderte ut frå teknisk gjennomføring, dei presenterte oppdraget sitt for dommarar og blei også vurderte ut frå presentasjon, marknadsføring og kjerneverdiar.

Alle elevane får premiar og det er fokus på sjølve læringsprosessen og samarbeidet mellom elevane.

Prisane

NRG - Next Robotic Generation fekk turneringas gjevaste pris fordi dommarane meiner dei på ein entusiastisk måte viser kor morsomt, tilgjengeleg og verdifultt teknologi og vitskap er, og med sin sterke innsats på alle område oppfyller visjonen med FIRST® LEGO® League.

Prisen går til laget som totalt sett er sterkast i alle kategoriane. Medan dei andre prisane blei vunne av lag som har vore best i ein bestemt kategori. Det er fem kategoriar i tillegg til hovudprisen.

Robotprisen går til laga som køyrer finalane på robotbana. Det blei delt ut pris til 1. og 2. plass. Prisane blei delt ut av av ordførar i Haram kommune, Vebjørn Krogsæter.

Prisen går til laget som har flest poeng samanlagt i dei to finalerundane og 2. plass går til det andre finalelaget. Gjennom dagen viste desse laga at dei gang på gang har ein funksjonell og velprogrammert robot som er i stand til å løyse mange oppdrag på årets robotbane

  1. plass: NRG - Next Robotic Generation - Tennfjord skule
  2. plass: The green 19s - team Trashbot - Spjelkavik barneskole

Teknologiprisen går til laga som presenterer dei mest funksjonelle robotane. Det blei delt ut pris til 1. og 2. plass. Prisane blei delt ut av varaordførar i Ålesund, Tore Johan Øvstebø.

Prisen går til laget som på fleire område har utvikla ein eineståande robot. Viktige element er innovativt design, programmering, strategi, påliteleg konstruksjon, funksjonalitet og bruk av gode verktøy for å løyse robotoppdraga. Laget vurderast ut frå den tekniske presentasjonen. Dei skal presentere konstruksjonen, program og strategi.

  1. plass: Heimbygda - Ørskog skule
  2. plass: NRG - Next Robotic Generation

Marknadsføringsprisen går til laga som på best mogleg måte klarer å profilere prosjektet sitt. Det blei delt ut pris til 1. og 2. plass. Prisane blei delt ut av varaordførar i Sandøy kommune, Åse Kristin Ask Bakke.

Prisen går til det laget som på ein kreativ og god måte klarer å rpofiler sitt lag og sitt prosjekt gjennom ein tydeleg bodskap i utforming av stand og gjennom sin presentasjon.

  1. plass: Blue City - Brattvåg barneskule
  2. plass: 2607 - Lerstad skole

Prosjektprisen går til laga som har presentert dei beste prosjekta. Det blei delt ut pris til 1. og 2. plass.

1. prisen går til det laget som viser at dei verkeleg fullt ut har forstått temaet. I  tillegg må dei har forstått dei ulike problemstillingane som er knytt til årets oppdrag. Innovative løysingar er vektlagt og sjølve presentasjonen er vurdert av dommarane. Det kreative og engasjement er viktige element i tillegg til det faglege.

  1. plass: EmpaTeam - Volsdalen skole
  2. plass: Lost in the Codes - Hatlane skole

Kjerneverdiprise går til det laget som viser korleis kjerneverdiane har spelt ei viktig rolle i deira arbeid med konkurransen. Stikkord er samarbeid, respekt, engasjement, organisering og inkludering.

Det blei delt ut ein pris og vinnarlaget blei: Beelieve - Harøy skule

Det blei også utdelt ein pris til Scandinavian Innovation Award Nomination til Future Innovators frå Hessa skole.

Fekk du ikkje vere der?

Sjå opptak av arrangementet på nye Ålesund sin Youtube-kanal.

Ålesund er ein av 49 stader i Skandinavia og på Færøyane som arrangerte FIRST® LEGO® League denne dagen!

Arrangementet blei haldt på NMK, laurdag 9. november. Det var rundt rundt 2000 besøkande på arrangementet og stor stemning då leiar ¨for FNs arbeid med å utvikle smarte og berekraftige byar, Kari Aina Eik åpna

Kari Aina Eik står på scenen

 

 

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.