Skrevet den . Publisert i Nyheiter

Opning i hundre for framtidslaben

opning framtidslab med ordfarar og representant frå FNFNs framtidslab i Ålesund - U4SSC (United for smart and sustainable cities) opna med strategisamling og offisiell opning med partnarar og besøkande. Laben har inngått avtalar med 27 partnarar!

Onsdag 6. november var det strategisamling med partnarar som har signert avtale eller som tenker på å signere avtale med FNs framtidslab i Ålesund - U4SSC. Samlinga innleia med informasjon om kva laben skal og kan vere, før dei rundt 150 deltakarane hadde work shops innan gitte problemstillingar der dei diskuterte løysingar. Ut i frå det som blei diskutert blir det sett opp ei prioriteringsliste over kva tiltak laben og partnarane skal begynne å arbeide med.

workshop framtidslaben

På samlinga deltok representantar frå næringslivet, Helse Møre og Romsdal, Møre og Romsdal fylkeskommune, kommunar som Bodø, Karmøy og Trondheim, Høgskulen i Volda, forskerklassen ved Fagerlia vidaregåande skule, NTNU, nettverket NExTdigital med fleire.

Opninga

Torsdag 7. november var det klart for offisiell opning med omlag 300 frammøtte. Det var ordførar Eva Vinje Aurdal som sto for den offisielle opninga ved hjelp av elevar frå Vatne barneskule som skulle delta på First Lego League laurdag. (Artikkelen fortset under bildet)

opning framtidslab teamuniq

Leiar for FNs satsing på smarte og berekraftige byar og tettstader, Kari Aina Eik hilste framtidslaben velkomen. Fleire av partnarane presenterte prosjekt frå samlinga dagen før og det var hilsningar frå partnarar og besøkande.

opning av framtidslaben kari aina eik

 

Opninga var open for alle interesserte.

Partnarar

Laben har allereie fått 27 partnarar som skal vere med å drifte framtidslaben anten økonomisk eller gjennom andre bidrag. Påtroppande rådmann Astrid J. Eidsvik undertreka på opninga at ingen av partnarane er forespurt frå kommunen om å gå inn, alle partnarane har tatt kontakt sjølve. Ho oppfordra andre til å ta kontakt om dei ønsker å bli samarbeidspart.

Frå start er desse partnarane med:

Styringsgruppe

Det er vald ei styringsgruppe til FNs framtidslab i Ålesund - U4SSC. Gruppa har ein representant frå desse partnarane:

Observatørar:

Ålesund kommune tar leiaransvaret det første året, deretter konstituerer styringsgruppa seg sjølv.

Ålesund kommune stiller med sekretær.